[Notisar]

Kristiania, den 26de September 1879.
 
Bøker og Blad. Fraa By og Bygd No. 8: Sjoferd i gamle og nye Dagar. Eggbert kvite. Voss, ei Storbygd paa Vestlandet. N o. 9: Voss. Um Upplysning, Skulestell og Bokavl. Um Klimatisme, Fyredrag av A. O. Vinje (fyrr uprentat). - På bondebarnets bokmål (Høyems Bibelsoga): No. 19 er komet og gjeng til: Judaveldet går under.
 
Embættsutnemning: Assessor ved Stiftsyverdomstolen i Kristianssand J. W. Hansteen til Justitiarius same Stad; Kaptein i Marinen B. J. R. Koren til Innrulleringschef i Dramn; Distriktslækjar J. W. Holmboe (Ranen) til Distriktslækjar i Holden og Kand. H . Gjestland til Distriktslækjar i Tysnes.
 
I Kristiania er no ikring 2550 Røysterettige umfram eit halvt Hundrad Myrmenn. Fyrr hev det aldri voret meir enn 1600.
 
Dom yver Bjørkenesmordaren vart avsagd 8de Septbr. og lyder paa Avretting. Meddomsmennerne finn likvel, at Mordet ikkje er ei Frukt av langt Yverlegg og ordar paa, at den skylduge (Jørgen Olsen Bjørkeland) slepp med Strafarbeid paa Livstid, dersom hans Anger er djupare, enn Presten i Vestre-Moland hev meint.
 
Redaktøren av Dagbladet, Hr Berner, hev latet tilskriva Hr. Chr. Johnsen, Utgjevaren av Almuevennen, at han vil verta saksøkt til Straff, soframt han ikkje offenleg tek att dei Ordi, at Dag- bladet ikkje er sanningskjærlegt m. m.
 
Kvalfengdi hans Svein Foyn er iaar 81 Stykkje. Han hev skipat til England bl. a. 17 Tons Tokner, og berre dei er verde 2160 Kr.
 
Kobberfengdi er fyr Evina Dorthea (J. Alexandersen): 217 store og 40 smaa Kobbar, 5 Bjørnar, 9 Rossmaalar og 5 Vog Dun; Anna (M. Sørensen). 180 store og 17 smaa Kobbar, 2 Rossmaalar, 3 Bjørnar, ½ Vog Dun; Kongsberg (L. Lind): 110 store og 5 smaae Kobbar, 18 Rossmaalar, 1 Bjørn; Fisken (P. Pasti). 121 store og 10 smaa Kobbar, 3 Rossmaalar, 4 Bjørnar, 20 Reinsdyr, 1 Vog Dun. Med detta Fartyet fylgde Mannskapet paa Slupp Aktiv, som gjekk under ved Spissbergen.
 
Rikssekretæren fyr dei Nordamerikanske Sambandsrike Ewarts, som ikkje fekk det Svar, han hadde ventat, paa Brevet til Regjeringarne um, at Mormonar maatte negtast Ferdaløyve, hev no teket den Raadi aa bjoda, at kvar einaste Innflytjar, som er Mormon elder stend i nærare Samband med Mormonismen, skal heimvisast att og styrast heim med same Skipet, som han kom til amerikansk Hamn med.
 
Hausten er mest all Stad klenare i Aar enn i Fjor i Udlandet. Berre Amerika, Schweiz og Frankrik hev den same elder nær den same Kornmengd og uppvisa som i 1878.
 
Daaen er Generalmajor h. v. Jakob Krefting i Dramn, 83 ½ Aar Gl.
 
Sunndag den 21de Septbr. var det Hundradaarsdagen efter Eidsvollsmannen Greiv Johan Kaspar Hermann Wedel- Jarlsberg si Fødsla. Denne Dagen vart høgtidad paa Bygdøyi ved Kristiania, der Karl Johan etter Greivens Avferd reiste ei Stytta fyr honom. Riksarkivar M. Birkeland heldt Festtalen, og Assessor Løvenskiold talad fyr Birkeland osb. Kongen hadde sendt Lukkynskjingstelegramm til Sønerne, Greiv Per og Baronarne Harald og Hermann Wedel-Jarlsberg.
 
Ved Bergen skaut dei nyst ei Turtelduva (turtur auritus). Denne Fuglen er sjeldsynt paa Vestlandet og i heile Noreg, men hev einkvar Gongen komet seg uppyver alt til Varangerfjorden. I Sud-Europa er han fjølg; um Hausten stryk han til Afrika.
 
I Japan er tilsette i Rikstenestverket: 80 Englendingar, 31 Amerikanarar, 30 Franskmenn, 18 Tydskarar, 7 Hollendingar 4 Italiamenn, 3 Schweizarar, 3 Kinamenn, 2 Austriksmenn, 2 Portugisiarar og 1 Russ. Ein innfødd Borgar Miné hev funnet eit rikt Steinkollag i Nakashina i Krinsen Nagasaki. Regjeringi hev laant honom 150,000 Yen til Drift.
 
Paa Island var det eit vulkansk Utbrot ved Geisfugleskjeri (i Sudvestfjordungen) den 28de Mai, same Dag, som Ætna tok til aa utsenda Lava.