[Thingval]

Thingval. Fraa Romeriksfylket vart den 23de valde til Thingmenn: Kaksrud med 44 R., Sverdrup 41, Bonde Gunnar Frilset 37, Bonde Hans Furulund 35 og Riksrevisor H. E. Berner med 24 R. Bøhn fekk 17, Berger 14, Hagberg 6, Selboe 5 R. Til Varamenn valdest: Lærar H. J. Næss (serskildt Val) med 20 R., Bønderne A. Olsen Udnæs, I. Schea, A Bøhn og A. Berger. - Valmennerne var 46. Romeriksbenken vert soleids sett med berre Vinstremenn, og det dugande Menn. I Kristiania finnst det Folk, som krossa seg yver detta Valet, mest fyrdi Berner vart vald og Selboe kastad. Fraa Stavanger og Haugesund er den 25de uppattvalde til Thingmenn: Rektor Steen med 27 og Kaupmann Svendsen med 18 Røyster. 28 Valmenn. Til Varamenn: Konsul L. J. Eide (25) og Navigationslærar E. S. Gabrielsen (23). Den 26de valdest fraa Bergen til Thingmenn: Kapt. Krogh, Konsul P. Jebsen (18 R.), Politifullmegtig Steen og Reipslager Bruun (13 R.). Til Varamenn: Sakførar Christie, Prest Winsnæs, Kaupmann Konow og Skipsbyggmeistar Dekke.
 
- Dei 5 Valmenn, som hev den Æra ikkje aa ha røystat paa Sverdrup, er Røer, Svestad (Nesodden), Benneche, Voxen og Stenersen (Aker). Underlegt nok røystad eit Par av deim paa Furulund.