["Fædrelandet"]

Fædrelandet, som væl er den fremste Repræsentanten fyr vaart gamle moralske Samfund, og som jamt held moralske Fyredrag fyr oss Liberale um, kor galet det er aa vera Partimenn og ikkje i eit og alt fylgja si Yvervitning, skreiv den 1ste Oktober ein Redaktions-Artikkel, som gjekk ut paa, at alle Centrumsmenn (her i Kristiania) burde røysta paa Morgenbladslista ( Høgre-Lista) uden Forandring, endaa um dei ikkje fann henne heilt ut som ho skulde vera. (Det gjorde hellest ikkje Fædrel. sjølv). Ingen sige her, skreiv Bladet i stor Iver, at man i et og alt maa følge sin Overbevisning. Thi hvis man derfor skiller sig fra dem,  man i Hovedsagen er enig med, arbeider man i Hænderne paa dem, man i det Væsentlige er uenig med, - og da har man netop virket i mod sin Overbevisning; 1 ) kan man ikke faa det bedste, saa faar man tage det næst bedste, for at undgaa det, der er langt værre. 2 )  
           
- Naa! tenkte eg, detta er endeleg ærleg praktisk Moral! I Grunnen er det den same Tanken, som Fedraheimen hadde uppe her fyr ei Tid sidan, daa det skreiv: Kvar Mann, som hev politisk Tanke, maa velja [eit av tvo: anten Byraakrati elder Folkefridom]; men det han hev valt, det fær han vilja; og vil han det ærlegt, so tek han Plass millom dei, som vil det same! Men hev han teket Plass der, so fær han vera so vidt ærleg, at han ikkje rett som det er snur Odden imot sine eigne elder læt seg bruka av Motflokken 3 ) ; det er væl det minste, Ein kann krevja, og det maa han krevja av seg sjølv. Den, som sviker sitt
 
 
Parti, sviker si Sak. Same Grunntanken! Men Fædrel. er endaa meir fordomsfritt; det lærer, at Ein i eit Knipetak ikkje berre bør vera trufast mot sitt eiget Parti, men at Ein og, naar Eins eiget Parti ikkje hev Von um aa vinna, bør vera likso trufast mot det Partiet, Ein stend nærast deretter, so at Ein utan aa bry seg um personlege Sermeiningar hjelper det fram, fyr aa sleppa det, som er verre. Det er god praktisk, reint evropæisk, ja amerikansk, politisk Moral, tenkte eg; Fædrelandet kjem seg! -
           
Jau mange Takk. 8 Dagar etter kom Fædrelandet paa nytt med eit av sine moralske Fyredrag fyr oss Liberale um, kor galet det er aa vera Partimann og ikkje i eit og alt fylgja si Yvervitning, - og kann du gjeta, kvat det var, som var teket til Tekst fyr Fyredraget? -
           
Plent dei same Ordi av Fedraheimen, som eg her uppe hev prentat av.
           
Der hev me vaart gode gamle norske moralske Samfund. Ein - praktisk Moral aat seg sjølv, og ein annan doktrinær- aat andre. Me kjenner det.                             
 
G.
 
 
1) Den, som sviker sitt Parti, sviker si Sak. (Fedrah.)
2) Altso: Centrumsmennerne, som ikkje er Høgremenn, skulde likevæl røysta paa Høgrelista, fyr aa ikkje paa nokon Maate hjelpa Vinstre, som var verre. (Me set Stykket romstilt, daa me finn det merkjelegt).
3) Altso: er han Vinstremann, maa han ikkje rett som det er røysta med Høgre o. s. fr., elder i det heile vera med og hjelpa fram det, som er hans eiget Parti (dvs. hans eigi Meining) imot! -