[Inntrøndelag 20de Sept.]

Inntrøndelag 20de Sept.
 
Hr. Bladstyrar!
Um ein Maanad skal me hava Val paa Thingmenn fyr N. Throndheims Fylke. Valet hev i heile Sumar voret dryft i Bladi her nord. Med Folkemøte hev det voret meir stillt enn i 1873 og 1876. Einast paa Hofve i Skogn hadde dei eit Møte den 15de Aug. Amtsskulestyrar Five var Ordstyrar. Dei samlad seg um ei slik Val-Lista: Thingmenn: Qvam, Bentsen, Soelberg, Prest V. A. Vexelsen; Varathingmenn: H. K. Foosnæs, O. Five, Prest S. Vik, A. P. Island. Ein Flokk partiblinde Høgremenn hev prøvt aa faa oss til aa kasta Bentsen; men dei gode Trønderar leet seg ikkje narra av slikt. Dei veit, at Bentsen er ein Mann med Hjartat paa rette Staden og med stor Dugleik som Thingmann, so me vandt hev nokon i heile Fylket, me kann lita meir traust paa enn han. Eg tenkjer Høgremennerne vaare skal faa sjaa Merkje til det den 21de Oktbr.; Liberalismen hev vakset seg sterk her fyr lengje sidan. I Qvam hev me og ein ovleg dugande Thingmann, og me ventar inkje mindre enn aa faa sjaa honom paa Formannsplassen i Odelthinget næste Aar. Høgskulelærar Foosnes er væl den, som hev mest Von um aa koma upp i Romet hans Velde. Han er ein hæv Kar, som visst kjem til aa verta ein dugande Thingmann. Soelberg vert og kannhenda uppattvald, endaa det er tvillaust, at Prest Vexelsen, som og hev sterk Stemning fyr seg, vilde koma til aa gjera større Varp som Thingmann enn Soelberg. Vexelsen, denne trufaste Arbeidaren fyr folkeleg og kyrkjeleg Upplysning, vilde vera god aa hava i Thinget no, daa so mange Kyrkje- og Skulespursmaal ventar paa Løysning. Fekk me Qvam, Bentsen, Foosnesog Vexelsen til Thingmenn, og so O. Five og Prest Vik kom upp bland Varamennerne, so trur eg knapt nokot Fylke i Landet kunde syna fram ein gildare Repræsentation.
           
Høgre hev nemnt til Storthingsemne: 1) Benedikt Jensen fraa Mosviki, kjend fraa 1876, daa han leikad Pave paa Amtsmøtet i Namsos og vilde hava Høgskulelærar Foosnes send til Gaustad; 2) Joh. Havig paa Namsos, av same Ulli som Jensen; 3) Løytn. Holst, Repræsentant fyr den militære Tanke, i Verdalen; 4) Sakførar Overrein, som hev synt Dugleiken sin, daa han var Styrar av Indherredsposten eit Bil. Indherredsposten hev no fenget ein ny Styrar, som det ser ut til vil køyra Bladet reint inn i Bakevja. Han skjenner, so det fyk um Øyro, paa Grundtvigianere, Folkehøiskolelærere og lignende ideelle Sværmere, og spottar yver Folkefrihed og Liberalisme so det er reint morosamt. Indherredsposten hev aldri voret vidare uppglødd av Fridomstankarne; men so harskt konservativt som det no er, hev det daa aldri voret. Det skal vera ein Militær, som styrer Bladet no. Um so er, fær me orsaka Mannen litevetta; me veit at den militære Tanken er: ikkje aa tenkja, og daa er det ikkje Under, um han ender og daa talar burt i Villa.
           
Myrmennerne her uppe kjem til aa faa eit stort Ord aa segja ved Valet. Overhalden er, som kjennt, den Bygdi, der Myrmennerne fyrst saag Dagsens Ljos, og sidan hev det skipat seg sterke Myrmannslag i Stjørdalen, Skogn, Verdalen, Innerøyi og Stod, og kannhenda fleire Stader. I Snaasen skal det vera ein einaste Myrmann, og han tykkjer det er so leidt, at han ikkje kann koma seg til aa avleggja Eid. Det vantar Bein i Nasen, høyrest det ut fyr.                              
S.....n.