[Notisar]

Kristiania, den 10de Oktober 1879.
           
Det var merkjeleg, so høgt upp som dei Liberale kom ved Valmannsvalet her i Byen. Naar Ein tenkjer paa, kor reint Folket her ligg nede i det Politiske, kor heilt ut Høgre hev visst aa faa Magti med Folks Tankar, og kor lite Ein desutan i ein slik Hop kunde lita paa sine Folk (og det viste seg!) so vil Ein forstaa, at det Talet, Vinstre naadde upp til uppimot 900 elder likso høgt som Høgre hev voret fyrr var mykje større enn Ein kunde venta. Og det, som er det største er, at hermed hev dei liberale i Kristiania lært, kor sterke dei i Grunnen kann vera, um dei rett samlar seg; og det, at den daude Byen fyr fyrste Gongen hev reist seg til politiskt Liv, er ikkje mindre stort og avgjerande. Det viste seg og, at dei gamle var aalvorsleg rædde. Det hadde dei og Grunn til, og hev det enno. Det Livet, som no er vaknat, sloknar ikkje so lett. Fyr dei Liberale gjeld det heretter berre aa læra meir Samhald 1) og aa spreida meir politisk Upplysning; men dei konservative hev, her som paa dei fleste andre Stader, livt sine beste Dagar.
 
I Nedenes tek dei og so smaatt til aa arbeida no. Av sine gamle Thingmenn vil dei hava Lindstøl og Liestøl og det med full Rett -; av nye vart i eit Møte i Gjerrestad nemnde: Ullmann, T. Hansen, I. Fløystad og O. Lilleholt. Me trur, at av dei 3 fyrstnemnde (Ullmann, Hansen, Fløystad) kann dei Liberale i Nedenæs ikkje venta aa faa fram meir enn ein; men daa bør dei samla seg um Ullmann. Til 4de Thingmann vil Nedenesingarne visst krevja ein Mann, som kann repræsentera Handels- og Sjømannsyrket det vil iallfall vera rimelegt, um dei krevdet -; og daa vil O. Lilleholt utan Tvil vera den beste. Han er og i alle andre Maatar ein god og dugande Mann, som det visseleg vil vera rett aa prøva.
 
1) Og det skal dei lære av dei Konservative.  Det er makalaust, kor godt desse Folk held ihop, endaa naar dei ikkje er fullt einige.