[Notisar II]

Paven hev utnemnt 4 nye Kardinalar: P. F. Meglio, Nuntius i Frankrik, Giacomo, Nuntius i Spania, L. Jacobini, Nuntius i Austrik-Ungarn og Sanquiqui, Nuntius i Portugal. Dei hev alle Titel av Erkebispar in partibus.
 
Salut paa Forfattningsfestdagen. Den 22de Septbr. er avgjeven kgl. Kommando-Resolution um, at det den 17de Mai soleids som nokre Menn i Bergen søkte um skal gjevast Salut med 21 Skot fraa dei norske Festningar og krigsskip som hev so mange og store Kanonar, at dei etter Salutreglementet er skylduge aa salutera. Detta er nokot, som me bør takka Kongen, den høgst kommanderande Generalen og Bergensmennerne fyre; - men den norske Regjering?
 
Kongen yver Kongarne, Johannes av Abyssinia, vil byrja krig mot Ægypten, dersom han ikkje fær att det Land, som Ægypten tok fraa honom fyr 2 Aar sidan. Han hev 60000 Mann under Vaapn, førde av to innfødde Generalar, Ægypten berre 20000, og Gordon Pasja byd difyr aa gjeva att Hamnarne Ait, Daroro og Tchillok ved det raude havet fyr aa faa stadfest ein æveleg Fred.
 
I Røykjavik (Island) hev dei i Aar umbyggt og paa nytt vigslat Domkyrkja si. Arbeidet er vel gjort. Baade Byggmeistaren (Sveinsson) og mest alle Arbeidarar var Islendingar. Hausten er laak paa Øyi, laakast paa Høgland. Mange Utlendingar hev vitjat Øyi i Sumar.
 
Jarnet stig paa den engelske Marknaden. Den 2den Oktbr. var Prisen paa Raajarn 60 sh. pr. Ton, den 3dje Oktbr. 62 ½ sh.
 
Steinolje i fast Form. Ein Ingeniør i Russland, Martens, hev funnet, at Steinolje styrdnar ved aa tilsetjast Roti av ei Planta av Saponaria-Ætti; det er likvel lett aa gjera Oljen rennande paa nytt. Novoje-Vremja (den nye Tid), som fortel detta, meiner, at denne Upptekkjingi vil gjera Oljen billegare, daa Tunnur no kann umberast og helder ikkje nokot lek burt.
 
Nordpol-Ekspeditionar iaar. Tromsøposten skriv, at Skonnerten William Barents hev komet att fraa Franz Josefs Land, det Landet, som den austrikske Ekspeditionen naadde eit Aar, men fraus inne ved. Sluppen Isbjørnen, Skippar L. Jørgensen fraa Trums, som hev voret leigd av tvo Engelskmenn, kom og nyleg att. Dei var ute i 4 Maanadar og reiste baade i vitenskaplege Endemaal og fyr Gaman. Ved Nowaja Semlja kom dei Samojedar umbord, som den rysske Regjeringi hadde fengjet til aa yvervetra der.
 
Den 6te Oktober 1829