Den norske Bokavlen og vaare "norske" Blad.

All Bokavl krev, fyr aa trivast, offentleg Umtale. Det er ikkje nok, at ei Bok er god; ho maa og verta kjend, og i vaare Dagar gjeld det, at ho vert snøggt og vidt kjend; for Bokheimen veks fort, men Folks Lesehug seint, og Folks Kjøpehug endaa seinare. Og all Bokavl treng Kjøparar.
           
Det er Bladi, som skal hava det paa seg aa gjera Bøkerne kjende og skaffa Bokbuderne Kjøparar. Men vaare norske Blad hev fraa gamalt av Ord paa seg fyr aa vera late og like sæle i den Vegen. Det er væl so, at dei kjem seg etter kvart; men endaa er det langt ifraa som det skal vera, og det forunderlege er, at dei allstødt synest hava meir Tanke fyr utlandske (serleg danske) Bøker, enn fyr dei, som kjem ut her i Landet.
           
Det, som gjeld fyr all Bokavl, gjeld ikkje minst fyr den serleg norske, fyr di den hev so mykje annat utanum aa stridast med. Her skulde Ein altso venta, at vaare norske Blad vilde taka dess sterkare i. Er det nokon Ting, som skulde vedkoma alle norsklyndte Folk, og serleg alle, som høyrer Bokheimen til, so maatte det væl vera det aa hjelpa fram ein national Bokavl; og daa no dessutan det kjem til her hjaa oss, at me hev ein Fylking i Nationen, som av all Magt motarbeider Framvoksteren av ein slik Bokavl, so skulde dei norske vera dess ivrigare i Arbeidet. Men det er nok langt av den Leid. Vaare norsklynde, ofta heilt upp maalvenlege Blad forsømer den norske Bokavlen so ille, at den, som skulde fara berre etter dei, maatte tru, at det her i Landet knapt kom ut Bøker paa norskt.
           
Det hender, at Ein ser Maalbøker fyrr umnemde i kav dansklynte Blad enn i dei norske. Og desse sistnemde hev gjerna godt Rom til Umtale av kjøbenhavnsk Bokavl og hellest av alt baade likt og ulikt, som hender og ikkje hender i denne Verdi; men norske Bøker skal Ein ikkje letteleg sjaa nemde der.
           
I Sumar hev t. D. Det norske Samlag gjevet ut tvo gode Bøker. Og av dei er den eine so god, at me fraa alle Kantar høyrer, at Folk er reint glade i henne, og det kann tryggt segjast, at ho i sitt Slag er den beste, som enno er utkomi i Landet. Det er Norigs Soga, eg tenkjer paa. Men vaare norsklyndte Blad dei eg hev set daa synest ikkje vita um, at ei slik Bok er til. Ho er nemd i andre Blad, og det med stor Ros; men vaare norske dei hev havt annat aa tenkja paa.
           
Det er raadlaust, at Bokavlen vaar kann halast uppe og hjelpast fram paa slik Maate. Ingen Bokavl kann det, og minst den norske. Det er ikkje Under, at Det norske Samlag fær selja so faae Bøker og hev so lite Raad til aa gjeva ut nye elder til aa betala Folk fyr aa skriva, naar Bøkerne ikkje vert gjorde kjende, men tagde ihel, og det fyr det meste av baade Vener og Uvener.
           
Vaare norsklynde Blad fær tenkja paa detta. Dei hev her ein Skyldnad paa seg, som dei ikkje hev Rett til aa forsøma, og dei kann, naar dei vil, gjera meir enn nokon til aa faa eit norskt Bokliv upp.                                         
 
G.