Seld til den Vonde.

[Del 3 av x. Fyrste delen.]
 
(Ved Forf. til Av laak Ætt og Ein Fritenkjar.)
                                   
 I.
                                   
4.
                       
(Framhald.)
           
Det tenkte no ikkje Gunhild paa. Ho møttest med Baard ikkje so sjeldan, snart paa Kyrkjevegen, snart annan Stad, og desse Møti var mest det einaste, ho brydde seg um. For i dei fann ho all den Sæla, som ho visste aa drøyma seg. Det var ein Elskhug utan all Tanke, naturfri og vill som millom Fuglar i Skogen. Dei talad saman um mangt, men mest um seg sjølve, derimot lite um Framtidi, utan i uklaare Draumar. For i seg sjølv var Framtidi ikkje so greid aa tenkja paa, som dei gjerna vilde; men det skaut dei fraa seg. Det var mest Gunhild, som førde Ordet. Baard gjekk og lydde, sjølvgløymd, drøymande, fortapt; ofta visste han ikkje kvat det var ho sagde, berre saag og saag paa henne, paa Munnen, som gjekk, paa Smilen med dei kvite Tennerne, paa Augo, som lyste og skifte Glans, paa det rike Haaret, paa dei fine Henderne. Møti var aldri lange; difyr vart dei dess meir sæle; Baard totte han livde ikkje utan i dei.
           
I seg sjølv var han ustød og hadde det ikkje godt. Naar han gjekk der heime aaleine, kom mange Ting fyr honom, som gjorde honom uglad. Mot Signe kjende han seg halvt som Svikar, endaa han aldri hadde lovat henne, og naar han ein sjeldan Gong saag henne att, totte han at ho var bleikare enn fyrr og saag sorgfull ut. Daa kunde han kjenna den gamle Godhugen til henne gløda upp att, klaar og varm, men ikkje vill. Gunhild elskad han, og det so varmt, at han leid vondt av aa vera fraa henne, men ho var ikkje av hans eigne. Væl var ho vaksi upp mest millom Bondefolk; men ho var likevæl av eit annat Slag enn dei. Ho var finare, ho hadde fleire Tankar, fleire Paafund, meir aa tala um, enn han og hans Folk; det var so mangt, som ho hadde Auga fyre, og lagde Merke til, og var glad i, som ikkje han forstod seg paa. Naar han var i Lag med henne, totte han alt var godt; men kvat skulde han med henne paa ein Bondegard?
           
- Og naar det kom til Stykket, so var det lite Meining i aa tru, at han kunde faa henne. Alle vilde vera imot det. Hans eiget Folk, Futen, Bygdi, - ja sjølv vilde han kjenna seg ustød. Kor skulde han av? Men so snart det var paa den Tidi, at han trudde han kunde finna henne, so gløymde han alle slike Tankar og flaug.
           
Det leid paa Hausten; Baard og Gunhild møttest sjeldan. Og naar dei møttest, laut det vera kor det kunde høva. Men Enden vart, at Folk fekk vita um det. Daa vart det eit Snakk rundt all Bygdi. Det var just i Joletidi; Folk møttest ofta, og Snakk hadde lett fyrr aa spreidast. Ingen kunde forstaa seg paa Baard. Naar han kunde faa ei Gjenta som Signe, som væl ikkje var meir enn maateleg rik, men som var baade væn og snild og dertil so dugeleg i alt Arbeid og Stell som Gjenta kunde vera, og so han i Staden tok denne halvgalne Futedotteri, som væl hadde Pengar, men som ingenting visste og ingenting kunde, og dertil var av reint annat Folk, - so maatte Guten vera fraa seg. Snakket naadde tilslutt heilt fram til Nesfolket. No høvde det so, at denne Nesætti var ei gamall byrg Bonde-Ætt, den eldste og gildaste i Bygdi, og Nes-Folket hadde altid voret fyrst framme og liksom Førarar i all Strid, som der kunde vera med leide Prestar og strenge Futar, og av slike var det fleire i dei Dagar enn no. Bestefaer hans Baard hadde endaa i sin Ungdom voret med og drivet ein Fut or Bygdi, og det paa ein slik Maate, at det var so vidt Futen bergad Livet sitt. Av desse Grunnar stod Nes-Folket som den sjølvsagde Framsyning av Folkemagti mot Embættsmennerne, og de hadde stødt lagt seg etter aa halda den gamle Bondeskikken uppe og vera dei fyrste millom Likemenn. Daa dei fekk høyra um detta med Baard og Gunhild, gjorde dei berre Narr av det. Og gamle Bestefaer var i so Maate ein leid Krok; han kunde spotta, so det beit. Baard var reint vaapenlaus mot detta. Og det verste var, at han i Grunnen fann, dei Gamle hadde Rett, Fraa denne Tidi vart det dessutan mest raadlaust aa møtast med Gunhild, som dermed misste mykje av den Magti, ho fyrr hadde havt yver honom. Ho saag, at han var meir sturen enn fyrr, men trudde at det kom av Bygdesnakket. Ho gjorde alt det ho kunde fyr aa faa honom glad; men han vart ikkje som fyrr; og det var ho leid fyre. Baard sjølv hadde det overlag vondt baade av Saknad og fyr di han skjemdest; men ettersom Tidi gjekk, kjende han seg friare.
           
Um Signe fekk han høyra at ho gjekk reint sjuk fyr hans Skuld. Det gjekk innpaa honom, detta, og han kunde ikkje annat enn tykkja gildt i ei Gjenta, som elskad honom so varmt og trufast, og likevæl so stillt og so reint. -
 
                                     
5.
 
I Futegarden visste alle um det, som var millom Baard og Gunhild, so nær som Futen sjølv. Til honom torde ingen segja det, og faae var det væl og, som brydde seg um. Ein Ting lagde Futen Merke til, og det var, at Gunhild i seinare Tid vart meir stillfarande og tung av seg. Han gjorde seg sine eigne Tankar um detta og meinte det kom av, at ho gjekk her so aaleine. Ein Dag utpaa Vaarkanten gjorde han ei Byferd. Og daa han kom att, hadde han med seg ein ung, fin Kar, som han kallad Hr. Jørgen, og som han sagde var Adelsmann. Kannhenda det vil hjelpa, tenkte Futen med seg sjølv.
           
Og det hjelpte paa ein Maate. Gunhild hadde Moro av denne Karen, for han var so reint ulik dei andre Gutarne, ho var van med aa sjaa; og so snakkad han so rart. Det var halvveges Tysk, og han kom tidt med Ting, som lyddest reint ravgalne. Gunhild lo ofta aat honom, og det var dessutan ikkje fritt ho syntest han var dum. Hellest var han rett vakker, med ramsvart Haar og stort svart Munnskjeg; Andlitet hadde eit framandt, men fint Lag, og han hadde ein stor, krum Ørnenase. Med Gunhild vilde han altid hava Lag, og tilslutt tok Gunhild den Tanken, at han var komen til Gards som Friar. Kvat vil denne Karen her? spurde ho Faer sin. Den Gamle saag paa henne og glyrde med Augo. Er det ikkje snaal Gut? spurde han. Det er kanskje meg, han gjeng etter? heldt Gunhild fram og saag kald ut. Ja, svarad Futen stutt, han saag at ho ikkje likad det; og det er Meiningi, han skal faa deg med. Han er ikkje rik, men han er av Adel . . . naa, eg hev mine eigne Tankar med det. Legg Merke til detta, so du kann vita aa stella deg rett mot honom! Futen gjekk; Gunhild stod der som forklumsad.
           
Daa Hr. Jørgen sidan paa Dagen saag henne att, vart han reint forfæld og spurde, kvat som var tids! Han var ikkje fri han heldt av Gjenta, og dessutan var ho alt i Grunnen hans Festemøy, meinte han, so han tottest hava all Rett til aa spyrja.
           
Daa sagde ho honom alt. Han, som var Adelsmann, kunde ikkje vilja tvinga seg fram, naar han fekk høyra Samanhengen. Og ho forklarad honom, at ho heldt av ein annan og hadde lovast med honom; var han no ein ærleg Adelsmann, so laut han etter detta gjeva henne upp, løysa Faer hennar fraa hans Ord, og reisa. Hr. Jørgen bleiknad og bad fyr seg; men ho var honom fyr sterk, og han laut tilslutt lova aa gjera som ho vilde. Daa tottest Gunhild hava vunnet og vart gladare enn fyrr.
           
Men um ei Stund kom Faer hennar inn. Daa var det Gunhild, som vart rædd; for ho saag, at han var vond. Han sagde ikkje so mange Ordi, den Gamle; men det han sagde, var greidt og klaart. Anten brukad ho no Vitet og tok den Mannen, som han og Gud gav henne, elder so visste ho, at han hadde baade Magt og Vilje til aa mykja henne. Han vilde ikkje gjerast til Narr i sitt eiget Hus. Gunhild hadde aldri kjennt Ord, som hadde havt slik Magt; dei skar inn i henne som Styngjer, dei mergstal baade Mod og Megn; ho kunde ikkje svara. Ho bøygde seg og bad. Naade, ver ikkje streng! Eg elskar ein annan . . . Futen trappad i Golvet. Vil du innbilla meg Eventyr? Kven hev her voret, som du kunde verta kjend med? Vil du gifta deg med ein Bonde kanskje? I denne Stundi forstod Gunhild, det ho aldri fyrr hadde tenkt paa, at Baard Neset var ein Bonde. Han var ikkje som andre Bønder, han var som ein Stormann millom dei; men han var likevæl ein Bonde. Og so som Futen sagde detta Ordet, vart det so svivyrdande, at ho vart heit av Skam. Ein Bonde! Ein Bonde hadde ho elskat, elskat villt, tankelaust, meir enn ho burde . . . Um Hr. Jørgen fekk vita det! Kor speande han vilde læ aat henne! Og aa segja slikt til Faer sin -! Ho gjøymde Andlitet og kjende seg hjelpelaus. Futen sagde ikkje meir um detta, men lagde stutt til, at no kunde ho tenkja seg um til i Morgo. Dermed gjekk han. Gunhild stod etter aaleine, so reint forunderleg aaleine, som ho aldri fyrr hadde kjennt seg. Ho stod og lydde og lydde etter Faer sin, der han gjekk, og totte, at med honom gjekk alt, som ho hadde voret glad i og sett Von til. Ho saag seg ikring i Romet sitt, og so tomt og audt hadde ho aldri fyrr visst at det var. Den Gamle hadde teket fraa henne alt, alt . . .
                       
6.
 
Men etterkvart skar Suti og Rædsla yver i eit kokande Sinne. Kven var det, som hadde Skuldi fyr alt detta? Hr. Jørgen! Adelsmannen! Den Tussen av ein Kar, den Styvingen, som hadde Nosi større enn Vitet og meir Skjegg enn Mod, den Stakkaren, som ikkje eingong kunde fria sjølv, og som knapt nok kunde snakka, - han! Ho skar Tenner. Det var Adelsmann, det! Lova aa hjelpa henne, og so svika, ikkje vera so mykje til Mann, at han kunde halda sitt Ord, bruka Svik og Vald, der han ikkje ærleg kunde vinna jau! - Slikt vilde den armaste Husmannsguten halda seg fyr god til! Kvat hadde han her aa gjera! Kvi skulde han koma drivande her just no, og koma i Vegen fyr det, ho ynskte mest av alt? - Dersom han trudde, at han skulde vinna henne paa den Maaten, so tok han styggjeleg i Mist.
 
( Meir.)