Sogestilen og Kvendelage.

Det er smaatt med Maalet vaart; det er faae som skriv paa det, og det er endaa faaare som hev noko Lag paa aa faa det te. Me hev soleis ingen Sogestil, hell norskt Lag te aa skrive Forteljingar endaa. Anten vert det for stivt og stutt, berre etter Bjørnson og dei gamalnorske, hell so ber det burt i det lange og vie etter Fremmindmønster. Han totte væl det au John Lie, daa han skreiv Soga si um Knut Trondson paa Dansk, at det var ein urudd Veg aa skrive Sogur paa Norsk. Det er tvo Ting, som merkjer ut den norske Stilen og daa allvist Sogestilen, og det er Djervskap og Finleike; at dette er so tykkjest eg høyre gjenom Maale einast au. Men dette er tvo Ting som er vonde aa semje. Gamalnorske Stilelage vantar noko paa Finleiken, og so gjeng det au mestom med dei, som vil taka etter den, det vert for hart og tungt og stundom ber det heilt burt i det grove au, og skal dei no fara etter dei fine, so ber det av burt i det sukkersøte og sentimentale, som er kome fra Tyskland. Leit gjenom alle dei Stevi, som er fulle av brennande Lengt og Kjærleik, og du finn ikkje eit einaste eit som er sentimentalt, dei kann vera linne og mjuke og drøymande, men likevæl er dei friske. Det er nokk av Djervskap i dei norske Maalføri, ja jamvæl paa Kristianiagatunne kann det vera djervt; men Finleiken kverv, etter som Fremmindlærdomen aukar. For det er so med Finleiken i Maal og Tenkjemaate, at naar han ikkje vert umvølt, sviv han av liksom Litinne paa Fivrelde, som fyk, berre Ein kjem burt paa det. Men i Telemarki er det baade Djervskap og Finleik. Dit skulde De reise alle saman, daa allvist Høyem og Trøndanne. Eg hev god Von um John Lie, fyrst han fer te skrive Sogur paa Norsk. Av Mannsstilen fraa Telemarki hev Folk sett mykje, men knapt av Kvendestilen, for det er sjeldan endaa, dei skriv. Likevæl er den ikkje Maalmennom ukjend, for noko av det formfagraste og mønsterbeste, me hev paa norsk Maal er Stevi, og dei finaste av dei er Gjentestev fraa Telemarki og Sætesdalen. Det er Kvendi, som hev halde Maale reint og fagert, allvisst i dei seinare Tider, daa Gutanne tok te fara paa Lære og kom heim att med utskjemd Maalsans og danskande Tunge. No er den Ridi yverstai, no danskar ikkje Gutanne der, um dei hev vore paa aldri so haag ei Lære, men Kvendi var det, som ogso daa heldt Maale uppe. Det er no au Kvendi, Ein lærer best Maal av, helst dei gamle. Dei hev baade sterkare og finare Maalsans trur eg, og deires Liv og Tankar er meir runne upp paa heimeleg Grunn enn Karmennanne, som sviv baade Aust og Vest, og som er snarare te aa utblande og utviske det heimelege og medfødde i det fremminde telærte. Kunde kvendi berre koma meir og lære og utdane seg, trur eg dei vilde raa paa Gutanne, og dei vilde føre det norske Bokmaale eit Stig fram, dei vilde kunne leggja meir Ynde og Vyrdna i det. Eg tenkjer, det er mange Kvende der, som gjeng i Løynd, som kunde verte Diktarinnur, um dei kom fram. Difyr skulde dei som heve litt meir Framhug, reise ut paa Skular og daa allvist paa Folkehøgskulanne, som væl er dei einaste, der Ein ikkje tarv fæle fyr aa skjemme ut anten Maale sitt elder det heimlege lage ivihovu. Men i det heile plagar det vera vandar fyr Kvendi aa koma ut, naar dei ikkje nettupp kann lære noko fyr Føda, og so gjifter dei seg i ein ung Alder; og daa plagar Hugen veikne fyr sovorne Ting, som det stend:
           
Visur og Sogur dei hev eg burtlagt og Gjiftetankann hev tekje meg att. Her er ei Soga, som visar Lage paa Kvendestilen i Telemarki, og eg trur han er verd aa merkje seg, for han er heiltupp norsk og so god, som han kann verte. Det er ei Gjente, som hev skreve Soga, og ho hev ikkje vore paa noko meir Skule hell dei fleste og ikkje skreve paa Maale sitt fyrr. Men Folk er meir naturkloke der hell andre Staer, og Stev kann dei i hundravis og hellest Visur og gamle Sogur, og det er det beste Grunnlag. Naar Ein heve det og det gode Bjørkemaale, daa kann Ein lære skrive. For baade i lett Lag og vent Ljo hev Telemaale ein Mun yver alle.
                                                           
Bjug.