Utlandet

Den danske Riksdag vart opnad den 6te Oktober utan Trontale. Finanslogi (Budgettet) viser ei Inntekt av 47,145,000 Kr. og ei Utgift av 43,052,000 Kr. Det er ikkje fyresleget nokot Dyrtidstillegg, og det er fyresleget 3 Millionar mindre enn ifjor til framifraa Herutgifter. Det er sett upp 2 Mill til Jarnveger.
           
I eit Telegramm fraa Berlin var det fortalt fyr ei Tid sidan, at Framstigsmennerne hadde vunnet ved Valmannsvali til den preussiske Landdag; men dette galdt nog berre um Berlin. No er ogso Thingmennerne valde, og etter dei sidste Tidender stend Valet soleids, at av 423 Thingmenner (i alt er det valt 433) er 111 konservative, 72 Centrumsmenner, 94 nationalliberale, 5 liberale, 4 moderat-liberale, 43 frikonservative, 35 Framstigsmenner, 19 Polakker, 4 Fraaskilnadsmenner, 1 Demokrat og dei andre uvisse. Partistellingi vert heretter paalag som fyrr.
           
Den indiske Regjeringi er ikkje væl forlikt med Birma. Ho hadde fulla longo sidan byrjat Ufred fyr aa tukta den vitlause Kongen, hadde ikkje Krigen med Afghanistan voret. Det skal vera Meiningi aa kalla den engelske Riksutsendingen i Mandalay heimatt, for det er uvisst, kvat Kongen kann finna paa, solenge han herder paa med Drikking og Turing og Myrding, slik som han no gjer. Regjeringi hev bedet Flotestyret aa leggja Herskip paa Vakt utanfyr Rangoon.