[Notisar]

Kristiania, den 17de Oktober 1879.
 
Thingval. I Kongsberg er vald til Thingmann: Øvsteløytnant Landmark med 4 Røyster, dvs. samrøystes, Medlem av Thinget 1868-69, stiv Høgremann. Til Varamann: Sylvverksdirektør Andresen (4 R.). Fraa Aalesund og Molde er vald til Thingmann: Landsdomar Ferd. Roll med 10 Røyster, dvs. samrøystes, av Millomflokken; til Varamann Bokprentar J. Aarflot (10 R.). Fram og attende er like langt. Desse tvo Thingmenn vil truleg i dei fleste Saker vega upp mot kvarandre.
 
Ved Valmannsvalet i Sverdvik og Straumen er gjort so mykje Fusk, at det er Uraad annat, enn at Valet maa umgjerast. Det er Lensmann Johansen og Hjelparen hans, Lærar K. Pedersen, som hev Skuldi. Daa Valmennerne fraa Sverdvik røystad paa Hr Kittel Motzfeldt, som vart vald med berre faae Røyster, er det Faare fyr, at Valet paa 4de Repræsentant fraa Vestfoldi kjem til aa umgjerast.
 
Fædrelandet vonar, at den nye Thingmannen fraa Kristiania, Riksarkivar M, Birkeland, vil faa stor Magt yver Vestlandsbønderne, daa han i høgt Maal kjenner deira Tenkjesett. Løbert, Haugland, Storstein, Øverland, Juel o. fl. skulde etter detta koma til aa hjelpa Hr. Birkeland med aa smelta Norig og Sverig saman i ein Klump, uppretta Yverhus, Kyrkje-Storthing. Unionsparlament o. s. v.!
 
B. Bjørnson hev gjevet seg paa ei Ferd til Tyskland og Wien; Husfrua hans fylgjer med. Ein Storskald maa ender og daa ut i det bylgjande Livet til aa faa Inspirationar. Siste Tysdag var Hr B. i Kristiania Theater og saag Leonarda uppført. Huset var fullt; Skalden vart fremkallad 3 Gonger under Handklapp, Live- og Hurrarop. Theater-Censoren i Kaupenhamn, Professor C. Molbeck hev raadt ifraa aa spela Leonarda ved den kgl. Scene. Detta hev mange funnet underlegt, og klandrat hardt. Det er sagt, at han etter detta lyt ganga fraa. Men Molbeck hev fengjet Trøyst: den svenske Kongen hev utnemt honom til Riddar av Nordstjerne-Ordenen.
 
I Stockholm var det fyrre Fredagen Val paa ein Riksdagsmann. Storkaupmann J. Lovén fekk 2002 (Bakstrævar-) Røyster, Fabrikant Ohlson, Framstigsmann, berre 1508.
 
Til Yverlærarar ved Kristiania Folkeskular er utnemnde: Seminarlærar J. Kobberstad i Asker og Lærar J. Nikolaisen i Trondheim.
 
Fraa ein Medlem av Kristiania Arbeidersamfund er inngjevet Forslag um, at det til Sumaren kjem skal haldast eit aalmennt Arbeidarmøte fyr heile Landet, liksom det, som vart haldet i Stockholm siste Sumar. Me vil vona, at Saki kjem i god Gang.
 
Fraa Sokndal skrivst, at Makrelfisket iaar hev voret det bedste paa lang Tid. Det skyldest iser den gode Bunaden. Paa kvar Skøyte kjem umkring 1600 Kronur.
 
Brennevinssamlag hev me no i 34 Byar.
 
Sjaaet i Trondheim er sluttat og hev i 6 Dagar voret vitjat av umkring 16000. Billetinnkomurne gjekk upp til 5000 Kr.
 
I Gøteborg gjeng det hugsamt til. Fyrst sendar dei ein Fanejunkar, som hev stolet, til Amerika, og skriv Arrestorder ½ Tima etter at Eimbaaten hev gjengjet. No hev Politiet, med det var paa Faret etter ei, som hadde drepet Barnet sitt, faret skamlaust aat med tvo forsvarslause Gjentur og ingen Ting vert gjort; dei store Blad nemner ikkje eingong Sakji.
 
I Kaupenhamn kjem snart ut 5 nye Bøker av vaare store Diktarar.
 
Handelen paa Sibiria hev ikkje voret heppeleg iaar; men Folk, som skynar seg paa det, segjer, at det kjem seg utav, at Skipi iaar ikkje hadde Kjendtmann med. Det vart meist Eimbaatar, som vil tena paa Sibiriahandelen.
 
I Viskonsin (Nordamerika) er innførd Skuletvang fraa 1ste Sept. Born millom 7 og 15 Aar lyt ganga i Skule minnst 12 Vikur um Aaret.