Gjenom Gausdal.

(Innsendt.)
 
Det var ein solklaar Sundag i Juli, at me køyrde framum den Krinsen av Gardar, som hyser Folkehøgskulens Menn i Gausdal. Der, til Vinstre fyr Vegen, paa Tuft, bur Frits Hansen, sagde Skjusskaren. So køyrde me eit Bil att; Skogen tok til aa tettna meir og meir, med Hengbjørk, Or, Rogn og Gron. Me kom aat ein Sving paa Vegen. Der er Vonheim. Det er eit litet umaalat Timberhus paa ei Høgd, bygt i tvo Fløyar med Sveisertak og med breide Postar millom Vindaugo. Det var utan all Sprik og Stas; men Augo vaare drogst til det lengje i varm Samhug. Eg ser so godt den vesle Haugen, det ligg paa, klædd med Lauvtre og Gron og med smaae Gangstigar uppetter. Paa høgre Handi sig han ned mot ein Dal, der der gjeng ein Bekk. Det er ein rar liten Dal. Det ser ut, som Naturen med kjærleg Hand hadde plukkat burt utor Jordi alle dei Emne, som Lauvskogen ikkje likar, men samlat dit alt det, han vil hava; for slik Fylle av Lauv skulde du aldri ha set. Fraa kvar Flekk driv Jordi Lauvtre, mest Or og Bjørk, uppi Veret, og dei digre Krunurne, som grip inn i kvarandre, gjer, at Lufti bokstaveleg er full av Lauv. Me køyrde eit Bil att. Der høgt upp i Bakken bur Kristofer Brun; og der er den gilde Garden aat Bjørnson. og der, lite ovanfyre, ligg Huset hans Janson. Det er hugsamt aa fara framum desse Gardarne; dei er gilde aa sjaa paa, der dei ligg og lyser upp igjenom Lidi; men mest vermest Hjartat av Tanken paa sjølve dei gilde Mennerne, som er der. Me visste nok, at dei var usams, desse Mennerne; men Tanken knytte deim likevel ihop, liksom til ein fager Krans. Same varme Hjartelaget hjaa deim alle, same offerviljuge Hugen, og same Fyremaalet i Grunnen: Ljos i Folkelivet. Slike Samhugskjenslur glødde upp i meg paa Vegen framum Vonheim, - og endaa er det langt ifraa, at eg kann semjast med Folkehøgskulens Menn i deira Grunntankar um Upplysningsarbeidet. Eg held med deim, som mislikar, at Lærdomen skal vera slike aalmennfilosofiske Fyredrag um Kulturemni, utan at Gutarne fær visse Kunnskapar i nokot av deim. Det fell meg raadlaust aa skyna annat, enn at slike strøymande Talar maa ala Ettersnakk og Vant paa klaar logisk Sans, I sjølve Studenterlivet hev eg set Døme paa, kor det gjeng med deim, som gjev seg til aa lesa aalmenne Fyredrag um Studiet sitt istadenfyr aa vaaga seg i Kast med Kunnskaparne i det Einskilde: dei taper Krafti til trufast Gransking og Graving etter Kunnskap, og vert sitjande i dei populære Talemaatarne all si Tid. Dei Tankarne, som Folkehøgskulen no um Dagen hev uppe um Mannsliv og Samfundsliv, høver dessutan ikkje godt ihop med dei, som er uppe i den store Kulturen, so at Gutarne fær ikkje læra aa kjenna og elska si Tid, vert kanskje snarare upplærde til aa sjaa med Mistru paa hennar originalaste Tankar. Og fekk ein slik Tenkjemaate gro seg fast i Folket, vilde det føra Landet vaart inn i det trossugaste Motstræv mot Samtidi. Men truleg kjem Grundtvigstankarna aldri til aa verta dei raadande her i Landet. Ein slik liten Krins av mine gamle Mothugstankar mot Folkehøgskulen braut seg og fram, som eg foor framigjenom, og lagde Skuggar yver den Samhugen, som det fyrste Synet av Vonheim hadde vekkt i meg. Men so snudde Tanken seg burt paa den Striden, som Folkehøgskulen hev havt aa gjenomkjempa fyr aa faa Lov aa vera til. Morgenbladet og lange Fylkingar av Prestar, Teologar og Statsskulemenn steig fram fyr meg; eg minntest all den Mengd av Bladstykkje, som var spreidde ut yver Landet til aa avliva Høgskulen, brukande til Vaapen baade likt og ulikt, Tøv og Tankar, Fantord mot baade Sak og Mann; Skulen skulde ikkje hava det minste Grand av Rett til aa liva, og Mennerne skulde ikkje hava Dufti av Takk fyr deira ulønde Arbeid! Samhugen vaknad paa nytt. Augat snudde seg mot Lidi enno ein Gong fyr aa faa klaart med seg den Teigen av Landet, som hyser dei gjæve Vonheimsmenn. Dei skal ikkje trakkast paa, desse Mennerne; det skal forhandlast med Aalvor, med Vyrdnad, med Varleik med deim; det skal minnast, at dei hev teket paa seg ein Apostelgjerning i Folket, men det hev ingen av oss. Og me, som hev gjevet Hugen vaar aat vaar eigi Tid, og trur at hennar vitenskaplege og politiske Tankar er dei rette folkelege Grunntankar aat heile Heimen, me maa og fraa vaar Synstad av fullt Hjarta kunna skifta Rett aat Folkehøgskulen. Me krev meir, og tildeils annat, enn den; me krev, at kvar Mann i Samfundet, Gardmann som Husmann, med Tidi skal koma so høgt, at han klaart eig Grunndragi i Utviklingssoga aat sitt eiget Samfund, og det i Samband med Utviklingssoga aat hin Heimen; at han, breiddmed Kunnskapen um dei raadande Logjer og Rettskipingar innafyr Bygdi si, Amtet sitt, Landet sitt, hev Greida paa Storlogjerne, som etter den nyare Vitenskapen gjeld fyr alt Samfundsliv, baade i Næringsvegen og Moral og Folkelukka; at han kjenner dei geografiske og rettslege og moralske Vilkor i Landi utanum, so han kann fylgja deira Lov med Samhug og Tanke; - og at han hev nokot Greida paa dei vitenskaplege Syn paa Naturen; - daa fyrst vert han ein vaksen Mann i Samfundet sitt. Nokot so paa Lag vert væl ei Ripa av dei folkelege Grunntankarne aat Tidi. Men daa hev me mykje aa takka Folkehøgskulen fyre. Han lyfter sine Lærlingar uppyver Garden og Bygdi deira og syner deim vidt umkring i Soga og i Heimen. Me kunde ynskja, at dei fekk sjaa meir med det aalmenne logiske Augat, tenkjande og lærande, og mindre gjenom Glasi fraa eit avgrenst og fyreaat uppgjort System; men me er takksame fyr det dei fær sjaa. Gutarne kjem heim med meir Kjennskap um Verdi, meir Gleda yver Livet og meir Hug til aa vera med i landets Arbeid, og med Tidi vil me tru at Systemet dett av deim, so dei lærer aa sjaa med Forstaaelse paa alt, i Tidi, ikkje berre paa det, som dei hev fenget Lov til aa lika. Men framfyr alt maa me sjaa med Vyrdnad paa Hjartelaget og Arbeidshugen hjaa dei Menn, som ofrar so mykje fyr Folket sitt, - medan dei fleste av oss vert sitjande heime og skriv, pratar og ser paa!