Seld til den Vonde.

[Del 4 av x. Fyrste delen.]
 
(Ved Forf. til Av laak Ætt og Ein Fritenkjar.)
                                   
I.
                                   
6.
                                   
(Framhald.)
           
Og so den Gamle. Han hadde aldri brytt seg um henne, fyr no, daa han kunde selja henne . . . Eg hev mine eigne Tankar med det, meinte han! Kvat hadde ho med hans Tankar aa gjera? Ho vilde hava den ho heldt av; ho vilde hava det godt i Verdi; hans Tankar kom ikkje henne ved! Han var Faer hennar, javisst; men det kunde ikkje ho hjelpa! Og ikkje kunde ho bøygja sin Hug fyr den Skuld. At ikkje Baard kom! Bonde? han var ingen Bonde. Han var meir Adelsmann enn Hr. Jørgen, og likso rik som Niels Pedersøn. Han var ingen Bonde! Ho vilde til honom, ho vilde til honom i denne Kveld. Han skulde taka henne til seg, strakst! So kunde dei sitja her uppe og bita seg i Fingertupparne og sjaa etter henne; so var ho der ho var og hadde ikkje meir med dei.
           
Eit gamalt Kvende kom inn til henne med Kveldsmat og Ljos. Kor er Hr. Jørgen? spurde Gunhild og saag paa henne. Den gamle slog Kross fyr seg, ho totte det var som ho skulde sjaa salig Fru Margreta, so bleik og vill saag Gunhild ut. Gunhild vart endaa meir uppøst; ho hadde i seinare Tid ofta lagt Merke til, at Tenestfolket krossad seg og drog seg ifraa henne, naar ho kom; ho trampad i Golvet, so det sokk i den Gamle:
svara meg! kor er Hr Jørgen? Reist, reist, gode Jomfru, stotad den Gamle og snøggad seg aat Døri. Reist? ropad Gunhild og ljosnad forunderleg; men so er eg fri! Gamla var alt ute, men talad inn gjenom Dørglytten: han ventar seg vist hit att! sagde ho og gjekk.
           
- Haa-haa, paa den Maaten, tenkte Gunhild. Men det er det, me skal nappast um! Sinnet hadde gjort henne sterk att. Ho var ikkje van til aa bøygja sin Hug; ho forstod seg i Grunnen ikkje paa det, og tvingast vilde ho ikkje, minst i ei Sak som denne. Ho var som den unge Folen, som fyrste Gongen kjenner Selen yver sine frie Mankar; ho skok seg rasande fyr aa riva seg laus. Men som ho gjekk og tenkte paa aa røma avgarde til Neset, hugsad ho, at dit torde ho ikkje koma. Iallfall ikkje utan ho visste at Baard var heime til aa taka imot henne. Dei gamle der nede var ho rædd; dei vilde henne vondt, det visste ho; kom ho dit som Røming, so skikkad dei henne tilbake. Som ho stansad paa den Tanken, saag ho, at den store Treloka fyr Glaset hennar vart fyrestengd. Ho skreik av Rædsla, sette aat Døri og vilde ut; - men Døri var stengd. Daa var det som ho vilde siga. Innestengd! Ho, som alle sine Dagar hadde voret fri som Fuglen! Innestengd og avstengd fraa alt det ho vilde og hadde kjært, fangad som ein Tjuv, og det just no . . . Ho vilde liksom kovna og seig ned paa Stolen; Hjartat sleit i henne av Uro, ho kjende ein Sjælepine, som ho skulde vera livande lagd i Kista.
            ¨
- I denne Stundi kjende ho ei forunderleg Rørsla . . .
           
Ho treiv seg til Hovudet, vart kvit som eit Lakan, og so strakst etter gjøysande raud. Heilt nye Tankar var det, som tok henne no. Ein underleg, halvt skamfull og halvt sæl Smil arbeidde seg fram yver dei unge Lippur; Barmen arbeidde tungt, ho vart silande sveitt. Herre Gud, so var det likevæl so . . . Ho hadde stundom tenkt det, men slegjet det fraa seg; vilde ikkje tru slikt . . . Ho bøygdest ned i ei glødande, men ikkje usæl Blygsla. Tenkte so paa Baard, og vart endaa meir bljug, og endaa meir sæl. Han skulde vita det -! ho lo fortryllt. Kor glad han vilde verta, og kor han vilde halda av henne! . . . Ja fyr Gud! no var ho hans. Ho skalv der ho sat; varme, urolege Strøymingar gaus henne gjenom Blodet, tusund uklaare Tankar skaut upp; den unge Gjenta kjende seg baade nedtyngd og upplyft, baade bøygd og byrg, av aa vita seg Moer. - -
           
Men so hugsad ho Faer sin og Hr. Jørgen. Og daa tok Tankarne ei ny Leid. Den reint naturlege Moderkjensla, halvt jomfrueleg Blygsla, halvt moderleg Sæla, rengde seg um i ei Kjensla av kald, fortærande Skam. No forstod ho, kvat ho hadde gjort. No saag ho det! Ho hadde faret aut som ei Bondetaus, ikkje som ærleg Jomfru. Ho hadde gløymt, at det, som gjekk an millom Bønder, kunde vera den verste Æreløysa fyr betre Folk; ho var utskjemd, ho var komi utanfyr Folks Samfund! Millom godt Folk kunde ho ikkje lenger vera; tilmed Bønderne vilde gjera Narr av henne, fyrdi ho ikkje var likare enn dei! Det var ei Skam, som ikkje var til aa bera. Ho vreid seg som sjuk under denne fortærande, ufysne Kjensla, og kraup ihop, liksom ho vilde gjøyma seg fyr seg sjølv. Heretter torde ho ikkje meir sjaa Folk i Augo. Ho maatte ryma or Bygdi; ho maatte gjøyma seg i Hellerar og Holur som ein Tjuv; og sjølve Barnet, ho bar paa, vilde vera ærelaust. Kor skulde ho av? Faer hennar vilde jaga henne; kom ho til Neset, vilde dei gamle setja Hunden paa henne, og Signe -! Gunhild sprang upp som i Vilska. No kunde Signe vera kaut! No hadde ho vunnet! No kunde ho læ og slaa med Nakken og gjera seg gild millom Folk; for no var Signe Lid betre Gjenta enn Gunhild Nielsdotter! Aa Herre Gud, at detta skulde koma! At ho ikkje hadde tenkt seg um i Tidi! At ho ikkje hadde været stoltare, at ho ikkje hadde set seg fyre, at ho ikkje hadde brukt sitt gode Vit! Den stakkars Gjenta var mest ifraa seg; ho totte ho kunde riva seg sjølv sund av Sut og Skam.
           
- Nei. Signe skulde ikkje vinna. Det fekk vera det same med alt; men Signe skulde ikkje vinna! Ho gav seg til, so godt ho kunde, aa tenkja seg um. Naar alt kom ihop, var det enno ingen, som visste nokot; men bak seg hadde ho Baard. Det fekk ikkje gløymast no. Baard var væl ung, og ikkje fri; men no laut han hjelpa. Og han vilde hjelpa. Naar ho kom til honom, eismal og verjelaus, og han fekk vita alt, so tok han imot henne, um han so skulde ganga fraa Gard og Grunn, Han kunde ikkje annat. Denne Tanken reiste henne. Ho fekk prøva paa aa segja Faer sin alt. Dermed vilde Hr. Jørgen vera ute av Soga. Og so gjekk ho til Neset. Baard tok imot henne; men vilde ikkje dei gamle, so fylgde han henne aat ei onnor Bygd, der ingen kjende dei, og der laut dei slaa seg ned, til alt det gamle var gløymt. Paa den Maaten kunde ho endaa vinna. Det galdt berre aa taka seg Mod og tala til Faer sin . . . Og det laut ho kunna, dersom ho berre tenkte sterkt paa Signe . . . Ho sat og arbeidde med desse Tankarne, til ho ikkje kunde meir. So fæl ei Natt hadde ho endaa aldri livt; daa den gamle Tenestgjenta kom upp um Morgonen, sat ho og sov med Hovudet framyver sine krosslagde Armar.
 
                                   
7.
           
Ho foor upp og saag seg fortryllt ikring, liksom ho ikkje visste, anten ho vakte elder drøymde. So snart ho kom til seg, vart ho eldende raud og snudde seg halvt burt; ingen maatte sjaa henne no. Og det beste var aa faa alt avgjort strakst. Bed Faer min, at han kjem inn, sagde ho ustødt. Gjenta gjekk, men tenkte med seg, at gav ho seg alt no, so var ho ikkje lik Moer si. Og ikkje lik Faer sin helder, lagde ho til sidan.
           
Gunhild tok til aa skjelva. Ho sette seg innaat Bordet med Hovudet mot Henderne fyr liksom aa halda seg uppe; for so rædd hadde ho enno aldri voret i si Tid. Ho prøvde aa eggja seg upp i Sinne; men Rædsla sette seg fyr Bringa, so det vart tungt aa pusta, og ho totte det stivnad um Munnen paa henne, so ho liksom ikkje lenger hadde Magt yver Andlitet sitt. Det, ho hadde aa fortelja, syntest henne fælare og fælare, etterkvart som ho tenkte seg inn i, at ho skulde segja det til Faer sin. Og no høyrdest det Stig. Seine, tunge Stig. Det var Futen. Ho skalv meir og meir, di nærare han kom, og kremtad stundom sterkt; for det var som Halsen vilde snøra seg ihop. So gjekk Døri upp, og der stod Futen.
           
Han var roleg som vanlegt og syntest ikkje undrast det minste paa, at ho alt var komi paa andre Tankar. Naa, sagde han, du hev umraadt deg? Ja ja, eg visste du var ikkje so vrang i Grunnen. Men altid skal dei gjera so mange Krokar, desse unge . . . Naa, godt. So snart du segjer ja, er du fri. Eg hev aldri voret streng mot deg. Vil du? - Gunhild sat med Henderne fyr Andlitet og tagde; men Futen saag, kor ho strævad og skalv. Naa? kvesste Futen i, svarar du ikkje? Gunhild kjende seg reint raadlaus; ho var so rædd, ho samlad knapt kvat han sagde, men aa segja det ho sjølv tenkte paa, det fann ho ikkje eingang Ord til. Aa, at ho skulde koma uti slikt! Aa, den som kunde siga i Jordi! Gunhild! - Gamlen skreik i, so ho skvatt; so bøygde ho seg ned og tok til Graaten.
           
Sjaa so! murrad Futen. Er det fyr det, du hev sendt Bod paa meg? Kannhenda trur du ikkje, eg hev set eit Kvinnfolk graata fyrr? Naa, hev du ikkje annat aa segja meg, so lyt me drygja til i Morgo. Min Vilje veit du! Dermed snudde han seg og tok i Dørklinka. Daa kom det eit underlegt, jamrande Skrik: Faer! det var halvt Skrik og halvt Graat. Futen snudde seg forbinad, han kjende ikkje Mælet. Er du forgjort? spurde han, kann du ikkje faa upp Munnen? Du hev raadt deg formykje sjølv i dine Dagar, du, det er Ulukka; eg skulde bøygt deg fyrr, so hadde det no gjenget lettare. So, kom no med det. Vil du elder vil du ikkje?
           
- So hard som han kunde vera, endaa han saag, kor vondt ho leid! Gunhild kjende Sinnet stiga i seg; og det styrkte henne. Med eit svært Tiltak beit ho Graaten i seg, og Rædsla med, gav seg so yver i den Tanken, at no fekk det ganga som det kunde; det kunde daa ikkje gjelda meir enn Livet! Eg kann ikkje hava nokon annan enn han, som . . . ho saup etter Anden, liksom ein, som spring paa Sjøen . . . han, som er Faer aat den, eg ber under Beltet -! Ho lagde seg framyver Bordet og grov Andlitet ned millom Armarne; no var det sagt -!
                                                           
( Meir.)