Utlandet.

Dei franske Thing tok i Sumar ved ei Log, som gav Størsteparten av deim, som hadde voret med i Kommuneuppreisti i Paris, Gløymsla og Tilgjeving fyr det, dei forbraut den Gongen, og i Fylgd av den Logi er no fleire Tusund Kommunardar komne heimatt fraa Straffekoloniarne i Nykaledonia. Riksraadsformannen Waddington, og den franske Regjering med honom, hev sagt reint ut, at Amnestispursmaalet dermed er upp- og avgjort fyr alle Tider. Men dei Radikale er ikkje nøgde med nokot mindre enn heil og aalmenn Amnesti. Dei heimkomne Kommunardar og andre Radikale reiser umkring og arbeider fyr Saki av all Magt, og ein stor Deil av Folket hev vortet reint uppglødd fyr ei full Amnestering. Mange Stader hev dei amnesterade Kommunardar vortet heidrade ved offentlege Tilstellingar og helsade som den sanne Republiks Forsva- rarar imot Bakstrævet i 1871. Dei radikale Blad legg ut sine Framtidstankar av Hjartans Lyst og priser Kommunemennerne som Fridomens Blodvitne. Det er elles ogso andre Blad enn dei kavradikale som hev teket Ordet fyr full Amnesti, deribland Gambettas Blad République francaise. Det kann no gjerna vera, at denne Rørsla ikkje er so faarleg, som ho av mange i Otte elder i Illska vert gjort til; men visst er det, at Modet i den seinare Tid hev vakset hjaa Rotrivarom i Frankrike. Dei er ute og demonstrerar ved alle moglege Høve: ved Folkefestar, Folkemøte, Val, Jordfestingar o. s. b. I Paris er ein amnesterad Redaktør, Humbert, som styrde eit blodraudt Blad under Kommunen, vald til Medlem av Byraadet. Regjeringi hev, til denne Tid iminsto, sét rett roleg paa heile Rørsla. Ein skal lata alle faa tala, men ikkje sleppa nokon til aa gjera nokot, skal Grévy ha sagt. Men paa same Tid hev Regjeringi uttalat, at ho ikkje paa nokon Maate vil brigda si Stelling til Amnestispursmaalet,
           
Utfallet av Valet til Folkethinget i den prøysiske Landdag hev vist seg aa vera ein full Siger fyr Regjeringi og Bismarck. Det nationalliberale Parti hev tapt 74 Medlemer og Framstigsfylkingen 29. Det er Stillstands- og Bakstrævsmennerne, som hev vunnet.
           
Det austrikske Riksthing vart opnat den 8de Oktober. Keisar Frants Josef møtte sjølv upp med ein Trontale, som vart motteken med stort Samtykkje. Han hadde denne Gongen Høve til ogso aa helsa paa Utsendingar fraa Kongeriket Bøhmen, og han vonadst, at dermed var gjort eit stort Stig burtimot Forsoning og Samnad. Han nemnde ogso, at det i den sidste Tidi hev voret ført Samtal, som gjev gode Voner um, at Samhandelen og Samferdsla med det tydske Rike vil verta skipad paa ein heppeleg Maate.
           
Det engelske Bladet Daily Telegraph hev fenget den Tidendi fraa Wien, at Bismarck hev arbeidt ut ein Herskipnad, som foreiner den austrikske og den tydske Her til sams Forsvar. Ei onnor Tidend, som segjer, at Bismarck skal vera tenkt paa aa faa istand ei Tollforeining av Tydskland Austrike og Frankrike, er meir truande, for ho hev stadet i Bismarcks eiget Blad; men um det vert til meir enn ein Tanke, er uvisst.
           
Krigen i Sudamerika. Det er likt til, at Peru og Bolivia tapar i Krigen med Chili. No hev dei misst heile Floten sin og skal vanta Pengar attpaa.
           
Afghanistan. Engelskmennerne hev hersett Kabul og er truleg snart ferduge med Upprørararne.