Til Styret fyr "Fedraheimen".

Daa Fedrh. skulde koma ut, daa vart det sagt, at Bladet vilde standa paa kristeleg Grunn. Det var mange, som var glade fyr det. No hev det nok treft, at sume hev funnet Stykkje av og til i Bladet, som dei hev tott var tvilsame i den Vegen, men Ein hev daa ikkje kunnat reikna Fedrh med til dei Bladi, som arbeider fyr Vantrui held - fyrr no.
           
Bjørnson fær Lov til aa skriva um kristelege Ting i Bladet. Med det hjelper Fedrh han til aa breida ut sine religiøse Meiningar. No er Bjørnson inkje Kristen lenger: det er sorgsamt, men det er sannt. Han strævar med aa faa Folk til aa gjeva upp Hovudstykkjet i Kristentrui, og i dette Verk gjer Fedrh. seg medskyldig.
           
So tolerant er Trui inkje. Fyrst ein Mann kjem som Røvar og vil brjota ned Huset mitt og gjera meg og andre heimlaus, - so laaner eg han inkje Reidskap til det; eg løyner helder av alt det, han kunde gjera vondt med. Vil Fritenkjararne tala og skriva um Trui (hell Inkje-Trui) si, so lyt dei gjera seg Talarstolar og Blad sjølve. Det er den same Rett, som andre nyt, og kvi skulde dei hava han større?
           
Me er mange, som no er komne i Tvil, um Fedrh. stend paa kristeleg Grunn. Det nyttar inkje aa svara, at Bjørnson hev gjort Maalsaki so stor Tenest, at med han er det eit Undantak. Me ofrar inkje Trui fyr Maalet, og Maaltankjen er inkje det minste skyld til Vantrui.
           
18de Oktober 1879.
 
I. Lauvland.
 
 
Fedraheimen hev sitt faste Program, som det ikkje hev tenkt aa vika ifraa. Naar me tok inn Stykket fraa Bjørnson, so var det ikkje berre fyrdi me vilde vise denne store Skalden vaar Godvilje, men serleg fyrdi me fann det naudsynlegt aa nedleggja ein Protest mot det aandelege Skræmestyret, som gjer seg breidt i visse Høgreblad no um Dagen, og som me ikkje vil vita nokot av. Me trudde dessutan reint ut sagt ikkje, at Trui hjaa vaare høgvyrde Lesarar sat so laust, at eit Par Ord av ein Ikkje-Teolog som Bjørnson skulde kunna røva henne fraa dei.
           
Det kann væl hellest henda, at Lesararne vaare tek Fedraheimens Program baade stivare og trongare enn me; det er ikkje so godt fyr oss aa vita. Men det hev aldri voret Tanken og det vilde i seg sjølv vera meiningslaust aa gjera eit slikt litet Folkeblad som Fedrh. til Organ fyr teologisk elder religiøs Partistrid. Det er stundom, at desse Spursmaali er so sterkt uppe, at Ein ikkje kann sleppa fraa dei, so sannt Ein hellest vil skriva slikt, som Folk skal bry seg um aa lesa; men i det heile gjeld det no som fyrr: Fedrh. er Organ fyr Maalsaki og den frilynde Politikken.
           
Skulde det nokongong visa seg, at det vart for stor Strid millom Lesararne og Utg. i Uppfatningi av Programmet, so vil Utg. som liberal Styresmann gjerna gjeva Bladet yver i andre Hender. Fyr hans Skuld skal ikkje Fedraheimen ganga under.
           
Det kunde hellest vera mangt aa segja um hr. Lauvlands Stykke; men me skal lata det vera fyr denne Gongen. Her berre ein Protest mot Uttrykket Røvar, dersom det er meint paa Bjørnson. Det vil i so Tilfelle vera baade uparlamentariskt og usannt. Fedrh. vil ikkje vera med paa Kjættarjagt.
           
At Maaltanken ikkje er i Skyldskap til Vantrui, er hjarteleg sannt. Det er mange, som snarare trur, at Maalsaki er skyld til Reaktionen. Me innbiller oss, at det eine er likso galet som det andre.                                                            
 
Bldst.