[I Utlandet]

I Utlandet ser det meir og meir ut til, at den laake Tidi syng paa det siste Verset. Serleg er alt betre i Amerika. Sju feite Aar kunde turvast og etter dei sju magre.
 
Yverhuset i England er som kjennt ikkje berre loggjevande. Det hev visstnog inkje med Skattar og Budget aa gjera, men so er det Domstol, og det er ikkje faae Saker, som vert innstemnde dit og avgjorde der, um dei ikkje alle er so store, som daa Huset (1649) dømde Kongen, Jakob I, fraa Livet. Etter den no utgjevne Termin-Kalender fyr Huset er det innstemnt ei Sak fraa Ceylon, som gjeng ut paa aa faa løyst det Vandemaalet, um ei Tonn av Guden Buddah er etter honom elder etter ein Annan. Fraa India er innstemnt ei Sak millom nokre Brahma-Prestar um Retten til aa føra Tilsyn med Guden Shiva sitt Tempel. I Vest-Afrika er nokre svarte Herrar komne i Usemja, um ein Fetish av Stein med nokre Klædeplagg paa; det engelske Yverhus skal døma i Saki, likeins i ei Sak fraa Madras um eit Haar av Prefeten (Muhamed) sitt Skjegg, o. s. b.
 
I Berlin hev dei innrettat Likbrenningsomn, og Byraadet manar Folk til aa bruka denne fyr aa hjelpa upp det aalmenne Helsestandet. Oska skal samlast i Urnur paa Kyrkjegardarne.
 
I Russland hev 17 Bønder i Krinsen kring Nishnei Novgorod nyst brent ei Kona, som dei heldt fyr ei Heks. Dei vart alle frifunne so nær som 3 ; desse 3 vart dømde til aa skrifta fyr Presten.
 
Italia, Frankrik og England hev gjort ei Semja um, at Telegramkostnaden skal vera den same fyr alle tri Land. Telegram skal verta betalat med 25 Centimeter Ordet. Seinare berre 20 C.
 
Konge av den uppgangande Sol, Herre av dei kvite Elefantar, den gyllte Regnstjerna o. s. b. Te Bav (Birma) hev ein Arving i Vente. Sannsegjararne hans hev sagt, at det skal verta ein Son, og Kongen hev kaupt Vogga aat Prinsen; ho kostar 10 Lac Rupiar, d. e. 400000 Krunur, og er gjord av Monjotre, yverdregji med Gull utvendig og innvendig og sett med Diamantar, Rubinar og andre Glimesteinar. Vogga gjeng av seg sjølv i fleire Dagar, naar ho er uppdregji, og heng i Gullsnorer. Barneklædi hev Kongen kaupt fraa England fyr 5000 Rupiar.
 
Afrika er 57 Gongjer so stort som Frankrik, men hev ikkje meir enn 8 Gongjer so mange Innbuarar: berre 173 Millionar. 130 Mill. er Negrar, 20 Mill. Rometar, 13 Mill. Bantisar, 8 Mill. Fellahar, 9 Mill. Nubiarar og 50000 Hottentottar.