Smaa-Rusk.

Den blinde er i Grunnen den, som er best faren; for han ser like godt, anten det er myrkt elder ljost, og saknar aldri Soli.
           
- Ein kjem lengst i Verdi med aa vera ærleg, vert det sagt; men høgst i Verdi kjem fyr det meste Hyklaren.
           
- Di meir Vit, di mindre Fred; den faavise er altid den tryggaste. Av mange Tankar vart ingen Mann feit; den, som vil vera sæl, maa fyrst læra aa vera likesæl.
           
- Treng du Hjelp, so gakk helder til Uven enn til Ven; den som bed Uven um Hjelp, fær honom ofta til Ven, men gjeng du til ein Ven, vert han lett din Uven.
           
- Folk er aldri so vonde som Ein trur og aldri so gode som Ein trur. Den er vis, som kann taka Folk fyr det dei er.
           
- Det du græt etter i Dag lær du aat i Morgo; ingen vilde vaaga seg, naar han kjende Vinningi fyreaat. Det er godt fyr mangt aa vera stuttsynt.
           
- Beste Maaten aa gjera Livet langt paa er: Ingenting aa gjera. Yrkjeslaus Mann hev endelause Dagar; men fyr strævande Mann kjem Tidi burt.
           
- 17 Aar gamall vil umskapa Verdi, 20 Aar gamall vil endevenda Land og Rike; 30 Aar gamall fær nok aa gjera med seg sjølv.
           
- Tanken gjev Uro, Tanken gjev Sut; endaa lyt me tenkja vaare Tankar ut.
           
- Den, som kjenner Sanningi fyrr, slepp aa læra. Ein vert ikkje meir salig, fyr di um Ein kann Grammatik segjer Bonden.
                                                                       
q.