Til dei Draumsjuke.

Vaart Rom me aldri kjem til aa svara,
um etter Hugen me stødt vil fara
og berre drøyma og berre sjaa,
men aldri Haandi paa yrket faa.
 
Me ventar Vyrding, me ynskjer Æra,
men ikkje nokon Ting vil me gjera;
og trur du Folk kann oss æra daa,
naar inkje nokot dei av oss sjaa?
 
Det er med Arbeid, me fram skal vinna,
i Arbeid skal me vaar Æra finna;
det er med Arbeid, me fram oss slær
og baade Vyrdnad og Vinning fær.
 
Og daa fyrst Livet Ein fullt fær smaka,
naar Ein seg rett kann med Arbeid skaka;
ja derav vert Ein so stærk og hæv,
so Ein kann bera baade Sut og Stræv.
 
Det heilar Hugen, det lyfter Barmen,
det gjev deg Spending og Kraft i Armen;
og du vil kjenna, du er kje til
bert fyr aa dansa som andre vil.
                                                           
S.