[Professor Sofus Bugge]

Professor Sofus Bugge hev skrivet og uppleset i Vitenskapsselskapet ei forvitneleg Avhandling um Upphavet til dei nordiske og germanske Gude- og Kjempesegner. Han kjem til det Resultat, at den mythiske Dikting, som ikkje kann vera eldre enn det 9de Aarhundrad, visst nog er nordisk, daa ho hev funnet Form i norskt Maal og ber Vitne um ein serleg nordisk Folkeaand og eit sermerkt Livssyn, men Toet er mest altihop laant ifraa Utlandet. Heidenske og halvheidenske Nordbuarar, som var i Vesten paa Viking, hev høyrt mythiske Forteljingar paa Irlandsk og Bretlandsk av Munkar og Menn, som hev fengjet si Daning i Munkeskulen, og umformat desse Forteljingar etter sitt Syn paa Livet, men dei hev alle si Rot anten i den grekisk-romerske elder den jødisk-kristelege Kultur. Geirrødr er Geryon, Utgarde-Loki Ascheloos, Loke Lucifer, Volva Sybilla, Arngrimssønerne Argonautarne, Angantyr In-Kentaur (in = den keltiske Artikel) o. s. b. Me lyt altso finna oss i aa uppgjeva den nordiske elder germanske Urreligion; den einaste Trøyst fyrr oss er, at helder ikkje den grekisk-romerske Mythologi viser seg aa vera skapt utor det hellensk-italiske Folkelynne, men laant fraa Fønikia og andre Stader, naar ein tek Avsyn paa Upphavet.