Rekning i Folkeskulen. Fjørtofts Reknebok.

[Del 1 av 3.]
 
(Aat Skulemeistrarne fraa ein Realist).
           
Alle dei Kunnskaparne, Skulen hev aa gjeva - Kunnskap or Bibelen, Soga, Naturlæra, Tal-Læra o. s. b. eig ei fleirdubbel Magt yver dei, som lærer. Fyrst den Utvikling av Synskrinsen, som dei serskilde Kunnskaparne i seg sjølve fører med seg. So den løysande og liksom uppgjødande Verkning paa sjølve Naturgrunnen. I det aa vita og sjaa fær Gleda ei ny og rik Kjelda; alle Kjenslur fær fullare og friskare Vokster, og Forstandsljoset kveikjest klaarare, etter kvart som meir Ljosstoff førest til. Og so endeleg den Kvessing av alle Evnar, som sjølve Arbeidet med aa læra dreg med seg. Arbeidet er eit dubbelt, ei Løysing og ei Samanbinding. Det krevst i kvart Emne paa den eine Sida ei Mengd av einskilde Smaakunnskapar, som lyt haldast greidt og klaart ut ifraa kvarandre, og som Kvardagslivet serleg vyrder høgt; paa den andre Sida krev Aanden i oss, at alle desse Smaastykkje av Kunnskap skal skipast og bindast ihop til ein heil logisk Samanheng og eigast som eit klaart, gjenomskodelegt Heilt. Dette er eit aalvorsamt Arbeid, like tungt baade fyr Barn og Lærar; men det er kanskje Skulens vigtigaste Verk. Skuletidi er stutt, og den Mengdi av einskilde Kunnskapar, som kann vinnast, vert ikkje stor. Det Arbeidet, som berre stend i aa læra Leksur den eine Dagen og ramsa deim upp fyr Læraren den andre, er lite mætande fyr Livet, helder øydeleggjande. Fyr Barnet vert Skulen paa den Maaten ikkje til Gleda; Voksterlivet fraa Naturgrunnen vert berre forkrøkt; Evnarne vert ikkje kvesste, kanskje med Undantak av Minnet; Kunnskaparne vert utan Samanheng og Liv og utan eggjande Kraft til aa draga fleire etter seg; Tidi vert øydd til Faanyttes. Fyr Læraren er eit Arbeid med slike Frukter uverdigt, attaat det er sløvande og fortærande. Tidi er stutt. Men naar ho vert brukt, ikkje einast til aa læra Bøkerne fraa Perm til Perm, men og til aa finna Samanhengen i kvart Emne, so Barnet kjem til aa eiga det med tanken sin, Led fyr Led, men i gjenomskodeleg Samanheng, og Læraren set heile Arbeidskrafti si inn paa aa løysa ut og binda ihop, so vert likevel eit stort Livsverk gjort. For det er aa merkja med denne Samanhengen i eit Emne i Bibel, i Soga, i Natur -, at det ikkje er nokot i seg sjølv avgrenst, men viser støtt ut yver seg sjølv og inn i andre Emne; dermed vert Tanken eggjad til aa arbeida viare og vidare, spyrja etter meir og meir, all Verdi utyver, fyr aa vinna dess større og vidare Samanheng. Barnet gjeng ut or Skulen, eigande Ljos yver ein liten Krins av Emne, i Soga, i Religionen, i Naturen, eit Ljos, som gled baade Hjarta og Forstand, fyrdi det hev Samanheng og Klaarskap, men og eit Ljos, someggjar og driv vidare, av di det stødt tendrar nye Spursmaal i Tankelivet. Dette er Skulens beste Von.
 
                                   
II.
           
Naar Skulemeistaren vil bruka det Vitet i Læremaaten sin, som ovanfyr er upprepat i faae Drag, so vil han finna, at Folkeskulen eig ikkje det Lære-Emnet, som er so svært aa greida som Rekningi, men so vil han og som Løn kannhenda finna, at Skulen helder ikkje eig det Emnet, som slik kvesser Tanken hjaa dei Smaae, og gjer deim duglege til aa løysa eit kvat-fyr-eit-Emne upp og skoda det klaart igjenom. Dei vil gleda seg med aa sjaa, korleis Tankarne vert meir og meir gløgge (præcise), korleis dei lærer seg av med den Uskikken aa tøva fleire Emne ihop, naar dei berre skulde tenkja yver eit, liksom Rekningi berre løyser ei Uppgaava um Gongen. Me gjeng fullt med paa, at denne Slipingi av den reine Tenkje-Evnen berre er ei einskild Sida av det Arbeidet, Skulen hev aa gjera; men det er ei vigtig Sida. Heile vaar Tid kviler paa Logikken elder den klaare, logbundne Tenkjing. Lat oss vera logiske, og me vil koma til aa vera rettvise, segjer ein namngjeten Franskmann.
           
Rekningi gjeld no um Dagen fyr aa vera eit av dei lettaste Lære-Emni baade fyr Lærar og Born. Lærararne plar som tidast rekna dei Timarne fyr Kviletimar. Det er berre aa lata Borni læra Tabellarne, og so lata deim bruka Griffelten og Tavla trottugt i Timarne, og so til Slut sjaa etter i Facitboki; og so er det gjort. Det gjeng lett, det. Men den Logikken, som paa den Maaten vert upp-alen, - vert lett den med. - Rekning er korkje Tabellar hell Griffelt hell Tavla, men den klaaraste Tanke, den reinaste Logikk. Helder ikkje er Rekningi Reglar. Rekningi er Logik, og Reglar er beint det motsette av Logikk. Reglar er ferdug Visdom, Visdom, som kjem liksom dettande ned, utan at Ein fær sjaa korkje Grunnar elder Samanheng; Reglar er fyr Tanken det same som Graastein fyr Magen. Aa læra Reglar vert soleis berre eit tankelaust Herm; aa bruka Reglarne vert eit trælkande Handverk, og Nytten vert berre av praktiskt Slag, og klent vert det med. Kvat vert so Vinsten av desse Kviletimarne? Den Summen av Kunnskap um Tali, som er so vigtig og trøysam aa eiga i full, klaar Samanheng, - den vert Borni svikne fyre. (Turre Reglar reknast ikkje fyr Kunnskap i vaar Tid.) Av det Tanke-Arbeidet, som er det klaaraste, Folkeskulen eig, og som kvesser den logiske Evnen meir enn nokot annat, er gjort berre eit plaprande Herm, eit vitlaust Tull og eit mekanisk Handverk. - Oftast trur eg, Lærarerne vaare kann skjota Skuldi fraa seg og attyver paa Seminarskularne; iallfall hev eg tidt høyrt slaa paa, at Aandløysa i Rekningi hev Bølet sitt der.
 
( Meir.)