Utlandet

Den liberale Fylking i England ventar seg store Ting av næste Thingval. Førararne fyr Partiet reiser umkring og held politiske Talar likesom Ministrarne gjer fraa den andre Sida. I fyrre Vika heldt Lord Hartington og Bright, Innriksminister h. v., eit politiskt Møte i Manchester, paa same Staden, der Lord Salisbury aatte Dagar fyreaat heldt sin politiske Tale og fekk slik Hyllest. Tilstrøymingi av Folk til Hartington var endaa større enn til Salisbury; det møtte 150000. Dei tvo liberale Hovdingar vart fagnade med dundrande Samtykkje, som tottest aldri vilja enda. Fylgjande Uttal vart vedteket: Møtet hev den Meining, at den Regjeringi, som no er, fortener aa verta avdømd paa det strengaste fyr si Vanskøyting av den indre Loggjevnad, fyr sine Yvergrip, si tvitydige Framferd og sin uduglege Utrikspolitikk, fyr si medvisste Undandraging fraa Thingets raad og Yversyn, og fyr sin Ræddhug i Finansvegen, meddi ho hev bundet Skuld fyr aa greida Utgifterne til sine vitlause Tiltak. Møtet bind seg til aa gjera alt til aa halda uppe Landets Æra og Bate ved til næste Aalmenne Val aa senda Menner til Things, som vil verna Freden, visa Sparsemd og føra igjenom kloke Umbøter. Det ser i det, at Lord Hartington og John Bright er med her idag, ein Lovnad um mange Sigrar fyr den liberale Sak i Framtidi, og eit Minne um eit glimande Blad i Landsens Soga.
           
Sambandet millom Tydskland og Austrik vekkjer, som rimelegt kann vera, Uro og Illska i Ryssland, og den Maaten, som Lord Salisbury umtalad detta Sambandet paa, hev gjort illt verre. Bladet Golos slær alt Alarm. Det fortel, at ifjor gjorde austrikske Generalstabsofficerar ei løynleg Ferd til Sudryssland, og at Moltke med sin prøysiske Generalstab hev forfaret Rysslands Vestgrensa. Det er sjaaande til, skriv Golos, at Grannarne vaare søv ikkje. Det, som er gjort, lyt vera eit Uvenstiltak, meiner det. Sambandet millom Tydskland og Austrike er berre stilat imot Ryssland, og det hev alt fyr eit Aar sidan voret ei avgjord Sak. - Andre Blad tek det rolegare, og freistar aa finna seg i det, som er hendt og ikkje kann verta uhendt.
           
I det prøysiske Folkething vart den konservative Keller vald til Formann med 228 R. Berre 164 R. fall paa Bennigsen. Framstigsmennerne røystad med blanke Setlar. Det er soleids godtgjort, at dei konservative Flokkar hev samlagat seg, og at Centrum hev gjevet seg attaat deim; derimot hev det ikkje voret tilbjodande aa faa Framstigsmennerne til aa røysta med dei Nationalliberale paa Bennigsen; dei heittest, at Bismarck ikkje skulde vera uhugad til, at Bennigsen skulde verta Formann, og det skulde daa vera eit Teikn paa, at han ynskte ei slik Samanfylking av Flokkarne, at han kunde styra med sitt gamle Fleirtal.
           
Millom Pavedomsmennerne og Fridomsmennerne i Belgia herder Striden um Skulestellet paa like hardt. Dei Klerikale er pavevenlegare enn Paven sjølv, so han hev matt stogga paa deim desshelder. Men det gjeng ikkje so radt fyr deim. Dei hadde i Brüssel skipat til Skular, som skulde gjeva fri Upplæring likesom Byens Skular, og dessa Skularne deira drog i Fyrstningi mange Born aat seg. Men daa det galdt i Heringi, vart det so mange Krav paa friviljuge Offer, at dei vart helder dyrare enn Byskularne; so no hev mest alle dei Borni, dei hadde dreget aat seg, gjenget fraa deim att. Paa Landet hev det gjenget likeins; dei lovad gildt, men kunde ikkje halda det, og hev difyr gjenget lenger attende, enn dei fyrst gjekk fram.
           
Turkiet