[Skogarne vaare]

Skogarne vaare hev det gjenom mange Aar voret mykje Tale um.  Alle ser, at dei minkar, og mange trur, at Norig vil verta eit annat Land, naar Skogarne kjem burt. Flaumarne hev alt no teket til imot fyrr, men daa vert det reint galet. Skog-Nemndi, som hev voret sett til at dryfta Sakji, hev no gjevet ut ei Bok um, kvat ho trur maa gjerast.  Dei mange statistiske Tal gjev god Greia paa det heile.
           
I dei 5 sudlege Stift er 502 norske Kvadratmiler Skogland. (Um Trums Stift kann enno ikkje nokot visst segjast).  Kvart Aar hogg dei 467 Mill. Kubikfot fast Tremasse, som svarar til 9,340,000 Famner Alenved hell 2,335,000 Tylvter 12 Alens og 10 Toms Timber.
           
I dei 5 Stift gjeng med:
1. Til Gardsbruket paa Landet        300,782,000 Kbf.
2. Til anant Bruk (Brensla o. s.)        67,013,000    
3. Utførsla .  .  .  .  .  .  .                      74,000,000             
                                    Tilsaman      441,795,000    
Naar ein reknar, at det veks
uppatt kvart Aar i Tremasse             325,115,000        
ser Ein, at det kvart Aar vert
hogget                                                116,684,500         
meir hell det veks til.          
 
Medreknat er her endaa ikkje alt det, som rotnar burt kvart Aar. Skogen maatte vera 180 Kv.-Miler større, skulde han ikkje minka.
           
Hellest er Bruket av Tre mykje større i nokre    Fylkje hell i Andre. I Vest-Upplands-Fylket brukast ikr. 380 Kubikfot pr. Mann, paa Vestlandet mykje mindre.
           
Nemndi trur, at det mest maa sparast ved, at Byarne fær seg meire Kol og Torv, at Folk tek paa med brenselsparande Omnar, og at dei ikkje Øyder alt for mykje Skog til Skigarder og Husbygnad.  Det gjeng med ikring 51 Mill.  Ungtre berre til Gardstaur um Aaret.  I Vestfold byggjer dei Husi soleids, at dei fær tvifaldt so mykje Husrum som i Telemarki av same Vyrket.