Hr. bladstyrar!

Eg hadde nære sagt: Viel Geschrei und wenig Wolle, då eg idag las No. 69 av Fedrah. og såg, at Bjug fan på å fylle ½ 6te bladspalte berre for å få fram eit so lite inhald, at eg mest tykkjer, det kunde ha funne rom i desse ordom: O. J. Høyem vil småstangas med Bjug; men Bjug vil ikkje småstangas med Høyem. Telemarkji er Noregs gulgruve i målvegen. Der, og einast der, er måle so godt, som det kann bli; det er so overlags godt, mildt og mjukt, at det er ingen måte paa det! Folk og tankar og folksens liv gaar der reint op i måle!
           
Inmillom ordom lig vel nok elles den dølte tanken, at telemåle, naar ret var, skulde vidke sig utover det heile land og skuve avsides alle dei andre bygdemåli; for noko slikt skulde då Vinje eingong ha sagt. Difor heiter det au idag frå Bjugs pen, at vi alle må, for al ting, take vor skulegong som målmenner der nede i Telemarken.
           
Kven har elles negta, at måle er gjildt i denne landsdelen? Ikkje eg; eg har lært mykje godt på dei kantom, vil endå lære meire, fær eg leva. Men, medan eg lærer, vil eg aldri gløyme av, at eg likefult er trøndar, og at det er mi skylda å stå på den for meg naturlege målgrun; for, til verdsens ende vil vel den sætningen halde seg som sanning: Måle dit røper deg, og skal røpe deg, at du er det eller det, om det so er ein trøndar! Bjug skulde no vita, at målsakja longe sidan har runne so langt ifrå land hjå os, at vi no må vera komne framom den våden, at ein einaste landsdel skulde få alt sit sereigne fram i målvegen og med di gjevas makt og makta sin rettil å legge trynband på heile landsens tunge. Han skulde vel truas å vi ta det no, at den einaste måten for Telemarken å vinne førstemans-rome sit på i dette stykkje, det er å skrive, å skrive so godt og rikt, at heile lande blir viljugt til å takeetter telemåle meire en etter alle dei hine bygdemålom, irekna det måle med, som elles kvar landslot kaller sit eige og difor kan alra-best! - Og Telemarkja må ha god von om å nå denne sessen, dersom ho held med Bjug i di, at diktarar, målarar, spelarar, utskjerarar, bilæthoggarar, gulsmedar, ja kunstnarar (kunstmenner) av alle slag er frå Telemarken, utgjengne derifrå! Telemarken er for Noreg, det Hellas er for heile mannaheimen! Eg skal late lesaren sjølv rekne etter, om dette held seg. Etter mi meining dåmer dette so stramt, at eg ikkje har noko å segje. Det er ei so styg underkjenning av alt stort og godt og varmt og djupt, som dei andre bygdelag i fedralande har fostra, at eg motes blir arg på den ungdomlege bjugspenna.
           
Kor kjem det seg, at vårt fåmente folk ikkje kan lære å late vera å gå på klapjagt inbyrdes? Kvi vil det ikkje stadne med å eta op seg sjølv i endelaus dømesjuke, lastesjuke, vandskesjuke og kjettarjagt på alle områdom? Skal vi aldri bli eit folk, eit søstkjønlag, som med tålsemd, ja med gleda ser dei småe sermerkje hjå einannan! Skal vi æveleg vilje bryte eller daske kvarandre igjenom den eine og same løda eller løa? Skal nordmennene bli verand berre ein hop einstake menneskjor!
           
Bjug skriv idag, at eg byd han in til å småstangas. Minnes De vel, hr. bladstyrar, om det var Bjug eller eg, som nufsa-til åt annan først? og kven som soleis baud-in til å småstangas? Når no B. idag segjer, at han ikkje vil småstangas med meg, so fær han halda horna sine borte ifrå meg; for eg tek imot, honom uspurt; det såg han, og det skal han få sjå; for hernord kan både folk og krøter den visen, og det af den grunn, at dei ikkje vil bli kolstanga! Eller skal eg tru, at Bjug tykkjer, han ikkje bruka horn med knapnåle åt meg, då han første gongen stak etter meg? Om so er, blir det, so han tykkjer likeins, som ein hæv målman skriv åt meg der sunnanfrå om Bjugs første åt-ren på meg: Eg veit f-, kvat tankegang nokre målmenner har, som fer med desse bansette knapnålstyngom imot døk alt i eit.
           
Bjug skulde ikkje syte for, at Skuleboksamlage (mit) ikkje har mange nok lagsmenner i Telemarken. Eg skal trøyste honom med, at eg just der har langt fleire, æn eg nokon gong drøymde om å få. Eg har en hovudstol av lagsmenner der i bygdom og sidan nordmed Filefjelryggen på både austre og vestre side alt til Dovre, og elles då over alt land alt til Vatsøy.
           
Nidaros 21de november 1879.
                                                           
Ærb.
                                                 
O. J. Høyem.