Seld til den Vonde.

[Del 10 av x. Fyrste delen.]
 
(Ved Forf. til Av laak Ætt og Ein Fritenkjar.)
                                     
II.
                                     
6.
                         
(Framhald.)
           
Daa Gunhild same Dagen kom inn til Moer Judith, bleikare og meir modlaus enn nokotsinn, fann ho ein Framandkar der, ein Sjømann, som det saag ut til var huskjend der. Ho skvatt sterkt i det same, men tok seg strakst; for detta kunde ikkje vera Baard. Han var for stygg til det, meinte ho, og minst 40 Aar gamall. Nei, det var daa ikkje Baard helder. Det var Hans Mikkelsen, Mannen hennar Ingrid; men han hadde faret med samme Skuta som Baard, og kunde helsa fraa honom. Helsa fraa honom - ?! No kom det Liv i Gunhild. Ende inn paa Hans Mikkelsen, han rømde, men ho etter, spurde, bad, spurde, og bad, med Ord, med Augo, med fine trivlande Hender -: Kor var han? naar kom han? hadde han det godt? Kvi var han ikkje med strakst? var han sjuk? hadde det hendt nokot? var det komet nokot aat honom? hadde han forset seg? var han i Naud ? . . . . Hans Mikkelsen trudde, Fruva ikkje var vitug.
           
Maa eg faa Stunder til aa tala, sagde han, so skal eg fortelja Dykk det! Gunhild fann at Mannen hadde Rett og prøvde aa tvinga seg.
Men ein Ting maa du segja meg strakst: Kor er han? og kjem han snart? og kvifyr fylgde han ikkje -? No lo Hans Mikkelsen. Det er best De gjev Dykk Tid og læt meg fortelja det som det kjem til, sagde han. Ja men fort, fort! bad Gunhild. Ho stod som paa Gløder.
           
- Naa ja, Baard var ikkje so langt av Leid, han helder. Han hadde lagt seg etter i Grannebyen, og det kom seg av, at den Skjelmen ha! ha! ja det var ein forsvoren Kropp, reint ein Villstyring! den verste Uburen, som kunde spyla eit Dekk! ja noksagt! men han hadde funnet seg fat paa eit Kvinnfolk, ein Gjentunge aa kalla fyre . . . naa ja, det var hellest eit skikkelegt Ting, som alt Folk flaug galen etter; for ho var væn, det Trollet, overlag væn, so det var utan Maate og Maal, sagde Folk; og der var nokot i det; - men F- so stolt! so urimelig stolt! hadde sagt Nei til kvar einaste ein, - ikkje eit godt Ord aa faa, ikkje ein Smil! nei, det var -! til plent Kvinnfolk. Men hellest i alle Maatar framifraa. Det hadde mange fine Fyrar friat til henne, for ho skulde vera nokot reint utanfares . . . berre ho ikkje var so stolt! Uh! Noksagt, den Galningen, Baard, han vart glad i henne. Og han likad, at ho var stolt, han! Han var nok leid desse vanlege hm! -; han totte detta var nokot nytt; men Gud hjelpe den Stakkaren; for der kom han i Glefsa. Han, som ikkje visste av aa faa Nei nokon Stad aa Gud forsyrgje meg, kor mange han hev narrat! han, som all sin Dag hadde voret reint søkt ... ha-ha! han hadde ikkje meir Vyrdnad fyr eit Kvinnfolk enn fyr eit Par gamle Vottar; han hadde gjerna vaagat seg i Kast med Dronningi av Spania! . . . for det er -! til staut Gut; du skulde aldri sjaa slikt . . . stor og ferm, vælvaksen og herdebreid, Andlit som ei Gjenta, men so sterkt, og Haar som Kong Absalon! Og so lystig, Far! - hm! lystig og vill, glad i godt Ver og endaa gladare i vondt, frisk som ein Fugl, fri og framdjerv som ein Sjørøvar . . . jau! eg kunde fortelja mangt um den Guten, eg! men det er visst, og det segjer alle: han vert til nokot! Konge burde han vera; naa! det er han ikkje fødd til; men so vert han Admiral -! Elder nokot annat slikt. Det er sume, som segjer, at han er ein Skarv; men det er altid slike, som han hev dengt, elder som han hev teket Kjærastarne ifraa... Men noksagt! Ja! Det var denne Gjentungen. So vænt hev eg aldri set . . . ho var som skapt aat ein Gut som Baard . . . berre ho ikkje var so stolt. Uh! dei skulde vita, kvat dei var utan oss, dei Trolli, so var dei ikkje so kaute . . . Ho saag ikkje paa oss ein Gong . . . Tri Stig fraa Livet! var det all Tid . . . og ho var Ingen ræddare enn Baard. Han prøvde seg paa alle dei Maatar som til var; men nei! ikkje eit godt Ord; ho var som av Malm, den Gjenta! . . . Slike burde faa Lov aa ganga, so fekk dei kjenna kor gildt det var . . . Naa! men di meir ho stod imot, di heitare vart han, og tilslutt gjekk han der som galen og kunde ikkje tenkja paa annat enn henne! Slikt hev eg aldri set. Og Enden vart, at han gav seg til aa tenkja paa aa gifta seg med henne! ja fyr Aalvor daa, forstend De! Ja det var fælt. Han gjekk der og sturad og var so sur og vill som han skulde havt Tannverk. Jau, ein Dag gjekk han upp til Gjenta og sagde henne detta, og svor og forbannad seg paa, at det var hans Hjartans Meining, at han vilde gifta seg med henne og taka henne med seg heim, og liva med henne i Tukt og Æra som ein god Ægtemann. Og so lengje svor han og bannad, til dess Gjenta trudde. Og med same Gongen var det som ho var umskapt! Aldri set slikt! Berre Eld og Glod all igjenom! Elsk og Elsk, alt ut i Veslefingeren! Ho var so glad i Baard, at ho kunde ikkje vera fraa honom ein Dag! - Jau, slik er det med desse kaute . . . verre enn alle i Grunnen . . . stillt Vatn hev djup Botn . . . Men hellest var ho ei bra Gjenta, ærleg som Gull, trufast som eit Skipsanker . . . Baard vart reint vill, han. Reint ravende galen. Han var so glad, at han vart til Narr fyr heile Skuta; det maa vera Maate med alt -! Han dengde upp 3 Mann paa ein Kveld, fyrdi dei hadde sagt eit Ord um henne som han ikkje likad . . . dengde dei, til dei laag og vreid seg som Aal i ei Teina! Uh; ja det var fælt. Eg kjende ikkje Guten att. Og so vilde han gifta seg i same Rappet. Eins, zwei, drei! Det var ikkje Bøn fyr det. Ho var slikt eit framifraa Kvinnfolk . . . hellest berre Dotter av ei skarve Enkja; Faer hennar var ein Gong i Verdi Sjømann, segjer dei, og ein hard Haus . .. Men Anna vilde ikkje Baard skiljast med, nei ikkje ein Dag! So fekk me Vind og siglde, og dermed vart han liggjande etter . . . fekk Lov av Skipparen, ser De . . . og til meg sagde han, at han vilde fylgja Jens Villumson heim, og daa skulde han koma som gift Mann og blaasa aat alle dei Kvinnfolk som fannst, baade her og annanstad i Verdi . . So no kann De venta honom um ein Maanad elder tvo; kjem an paa Ver og Vind, ser De; no ei Stund hev det voret bra; men det er likt til han vil snu att.
           
- Hans Mikkelsen dreiv att og fram paa Golvet og fortalde, fortalde og lo: Moer Judith sat og glyrde; Gunhild kjende kvart Ordet hans som ein Styng i seg. Slik ein Gut, so fager, so sæl, og med so gode Voner, - og denne Guten skulde no øydeleggjast, just som Livet hans rett skulde byrja . . . Kann henda naadde han ikkje eingong heim, fyrr den Vonde kom, viste honom Brevet med Blodskrifti, reiv honom burt fraa Liv og Gleda, burt fraa henne han elskad . . .
           
Ho sat og stirde og stirde, so bleik og sjuk, at Hans Mikkelsen vart rædd og gjekk. Slike sjuke Kvinnfolk likar eg ikkje, tenkte han med seg, men tenkte samstundes paa, at han visst hadde fortalt henne meir enn ho hadde havt godt av aa høyra.
           
Sidan gjekk Gunhild endaa ein Gong til Presten. Guten maatte bergast. Presten skulde finna paa Raad. Ho talad lengje med honom, fortalde honom Sogur og Segner um mange, som hadde narrat den Vonde, og Presten visste og um, at slikt var hendt. Men det var likevæl raadlaust aa vita, um det kunde henda no. Det kom an paa so mange Ting. Og det var faae elder ingen av Prestarne i denne Tid, som hadde slik Magt mot den Vonde. Det einaste, Gunhild kunde faa honom til aa lova, var, at han skulde tala med den Mannen, som var seld, um det skulde kunna finnast ei Raad. Det kom so mykje an paa, um Mannen hadde livt som han skulde, elder um han kanskje hadde stellt seg so, at han ærlegt fortente aa koma i den Vondes Klør.
           
- Gunhild tenkte med seg: eg ugudelege Kvinna, som ikkje hev lært Guten betre upp! Og ho gjekk, ikkje lettare i Hugen enn ho var komi.
 
Meir.