Utlandet.

Det er enno mykje uvisst, korleids dei europæiske Magterne i Røyndi stend elder kjem til aa stella seg til kvarandre. Det, som er visst, er, at den innerlege Venskapen millom Tydskland og Austrike stend ved Lag. Etter deira eigi Segjing hev denne Venskapen ikkje annat Fyremaal enn aa tryggja og fremja deira eigen Bate og er ikkje meint aa skula vera nokon til Meins. Men det er detta, Folk hev ymis Tru um. Fyrst vart det no trutt, at Sambandet deim imillom var rettat beint imot Ryssland, og at dette Landet ved det vart standande reint aaleine. Men so er det likt til, at Ryssland hev freistat det beste det hev kunnat aa gjera seg til Vens med deim, fyr at Rysslands Ervefiend England kunde koma i Einstødet. Det var det, som Ferdi, Keisarsonen gjorde til Berlin og Wien, stilad paa, og mange meinte, at det ogso hadde lukkast. Men no ser det ut til, at Vinden stend paa same Striket som fyrr att; elder, rettare sagt, no er det likeso uvisst som fyrr, kvar han blæs; iallfall hev nog ikkje Ferdi aat det ryske Keisaremnet gjort større til Saki.
           
Den franske Innriksministeren Lepère bad um Avskil her ein Dagen, fyrdi Regjeringi hadde gjort um inkje Utnemningi av Gent, ein av dei fremre Republikanarar, til Landshovding yver Martinique; Orsaki var den, at Gent vart skuldad (fraa bonapartistisk Sida) fyr aa ha voret med i nokot Daareverk i Ungdomen. Lepère hev likevel seinareteket att Avskilssøknaden sin. Mange hev tott, det var laakt gjort av Regjeringi.
           
République francaise, som framleides er haldet fyr aa vera Gambettas Talerøyr, hev teket Frankrikes Utrikspolitik og serleg Waddington i Forsvar. Det er ikkje vaar Skyldnad, skriv Bladet, aa tala Waddingtons Sak. Seg sjølv fær han sjølv forsvara, men me kann likevel ikkje lata det uimotsagt, at Frankrike, sidan Berlinstemna var, hev voret haldet fyr Nar. Naar detta er sagt av Bakstrævararne, er det berre eit Knip; men i Munnen aat Vener, som meiner det aalvorslegt, er det reinspikkad Daarskap.
           
Italia hev fenget seg eit nytt Ministerium med Cairoli til Formann og Utriksminister og Depretis til Innriksminister.
           
Røra i Irland vert faarlegare fyr kvar Tid. Regjeringi hev no gripet til aa setja Førararne fast, men det gjer berre vondt verre. Dei tri Agitatorar, Davitt, Killeen og Daly, vart sette i Vika var. Fyr den Skuld vart det haldet eit stort Møte i Dublin, og der vart det manat til aa kjempa imot Regjeringi med alle loglege Middel; men det hev ikkje voret fritt, annat enn sume hev størt til aa ganga mindre logleg til Verks, um det skulde knipa.