[Den dansk-norske Bokavlen]

Den dansk-norske Bokavlen er vonom rikare i Aar. Bjørnson hev skrivet tvo Spelstykkje, Leonarda og Det nye System, umfram ei Forteljing, Kaptein Mansana. Ibsen hev skrivet Et Dukkehjem, Spelstykkje, Jonas Lie ei Forteljing, Adam Schrader, Kristofer Janson eit Spelstykkje En Kvindeskjæbne og G. A. Dahl likeins eit Spelstykkje, Eva. Det er altso utgjevet paa ein Gong ikkje mindre enn 5 dramatiske Verk, skrivne fyr Theatret av norske Skaldar. Alle høyrer dei til det nye realistiske Diktslag, og likjest kvarandre so mykje, at det er lett aa sjaa, at det er plennt dei same Tankar som ligg og bryt hjaa alle vaare Skaldar, og at dei ser Løysingi av dei mange Vandemaal i Samfundslivet i eit og same Stemne. Alle dei nye Verk er byggde paa dei same Grunntankar, det same Livssyn, og Emnet er og mest det same i 4 av dei 5 Spelstykkji. Det er ikkje lenger Meining i aa skilja millom t. D. Bjørnson og Ibsen paa den Maaten, som hev voret so aalmenneleg fyrr, det vil iallfall vera liti Trøyst fyr det gamle Samfunds Menn aa kalla Ibsen vaar Skald i Motsetning til Bjørnson, naar den fyrste tek likso hardt paa det gamle Systemet som den siste. Men naar det gamle Samfundet ikkje lenger hev Skaldar, det Samfund, som hev voret byggt paa Skaldskap og altid hev havt si meste Næring av Skaldskap og Æsthetik, som fyrst og fremst hev lagt seg etter aa styrkja Autoriteten og stydja det gamle kjende Systemet, so ser det illt ut fyr baade Samfundet og det System, som til dessa hev haldet Samfundet uppe. For Skaldarne er dei, som gjeng i Brodden fyr Utviklingi paa alle Leider. Det nyttar ikkje aa dylja, at me kjem meir og meir inn i ei ny Tid med nye Tankar um Samfundsform, Borgarrett, Husliv og dilikt. Det nye System viser Veg paa Rikslives Vidder, Leonarda Et Dukkehjem, o. fl. paa dei Raaderom, som tilhøyrer Huslivet og Selskapslivet.
           
Umfram desse Bøker er mange andre og utkomne no innimot Jol, so det er nog aa velja millom. Me lyt serskilt nemna 2 norske Bøker av Kristofer Janson: Austanfyre Sol og vestanfyre Maane, Spelstykkje, og Smaastykke. I desse siste er det mykje godt: Forteljingarne er, som alt det Janson skriv, livlege og formfagre; sume av deim er rett kvike, andre aalvorlege, alle leseverdige. Um Eventyri vaare inneheld To, som ser-i-Lag høver fyr dramatisk Framstelling, er me ikkje rett støde paa, men det er visst, at Ein les Austanfyre Sol etc. med Hugnad; det hev ikkje berre me gjort me les alt, som vert skrivet paa Norsk med Gleda -, men me hev høyrt mange segja det same, jamvel slike, som ikkje legg nokor Vegt paa Maalformi og gled seg likso mykje i god Dansk som i god Norsk.     
 
H.