Seld til den Vonde.

[Del 12 av x. Fyrste delen.]
 
(Ved Forf. til Av laak Ætt og Ein Fritenkjar.)
                                     
II.
                                     
8.
                         
(Framhald.)
 
Ho vart visst altfor glad, sagde Baard. Anna skalv og var rædd: ho døyr væl ikkje? Nei, smilte Baard trygg; det vilde vera meiningslaust! Dei hadde lagt henne upp paa ein Sovebenk og dynkad henne kring Pannen med kaldt Vatn, og snart etter vaknad ho. Anna kom mest paa Graaten av Gleda, daa ho slog Augo upp att. Kjære Moer, kvat er som fell deg so tungt? sagde ho. Ho bøygde seg kjærlegt og varmt ned imot henne. Gunhild saag paa henne med stive, urolege Augo og tagde. Endeleg braut det fram som eit Sukk: Stakkars Barnet mitt, stakkars Barnet mitt! Annat Svar var der ikkje aa faa.
           
Baard tok til aa undrast. Kor er det med deg, Moer? spurde han. Du maa ikkje sjukna fraa oss no, naar me hev funnest og skal hava det godt! - Ho varde fyr seg med Haandi: Ikkje no! ikkje no! bad ho, , ikkje um det! Sidan! sidan! - aa Herre Gud, sidan!
           
Baard og Anna saag paa kvarandre. Det kom som ein vond Lagnad yver dei, detta; dei forstod det ikkje, men det gjorde dei uglade. Og det verste var, at det saag ut til, Gunhild skulde vesna. Ho prøvde aa reisa seg, men seig ned att, og dei laut leggja henne til Sengs. Der laag ho ei Stund med Henderne ihop yver Panne og Augo; so sagde ho, at ho vilde sova, og Baard gjekk ut. Anna sat hjaa henne; Gunhild seig etterkvart av i ein halv Døs.
           
Um Notti sat dei uppe og vakte hjaa henne baae tvo. Gunhild hadde Feber og var uroleg. Utyver Midnott vart ho verre og tok til aa ørska. Ingen av dei unge fekk Meining i det ho sagde; men at ho hadde nokot paa seg, nokot tungt og leidt, det forstod dei. Det var forunderlegt fyr desse tvo glade, unge Folk aa koma fraa Brudlaupsstaak og Elsk og inn i ei Sjukestova; men endaa fælare vart det ved dei gaatefulle Ord, som her kom dei til Møtes som ei Maning um aa hava Mistru til all jordisk Sæla. Det verste og urimelegaste, som unge og glade Folk kunde høyra! Rett som det var, kviskrad Anna: det er deg, ho talar um! Og den unge Kona vart bleik som Bast. Baard kvakk og lydde etter -:
           
- - Eg segjer deg, Baard . . . du skal tru meg! spyr ikkje! spyr ikkje! . . . kann du tenkja slikt um di eigi Moer? - - Nei, nei . . . slikt hender ikkje . . . slikt nei. Jamring og Uro. Kvat i Herrens Namn kann det vera, sagde Baard. Anna stirde uroleg paa honom. Um ei Stund kom det som eit Skrik:
           
Gakk til Presten, segjer eg deg! den unge Presten; han er sterk . . . Um tie Dagar er det slutt . . . daa daa Den Sjuke tok til aa skjelva sterkt og prøvde aa reisa seg -: gakk til Presten -! høyrer du? og ho seig paa nytt av i lang, uroleg Jammer.
           
Anna saag paa Baard; han var likso bleik som ho. Baard! forstend du -? kviskrad Anna. Han riste paa Hovudet; men Munnen hans bivrad. Anna kom og sette seg paa Fanget hans og klengde seg tett inn til honom. Eg vert so rædd, jamrad ho stillt. Snakk, svarad han og smilte.
           
Sidan kom den Sjuke med meir um det same. Dei sat og lydde og kunde høyra Hjarto aat kvarandre slaa. Anna drog seg fastare og fastare inn til Mannen sin liksom eit Barn, som fæler. Baard tenkte med seg: Denne Kona kann vita meir enn nokon trur. Ho ser ut til aa kunna hava Syner -! Gakk til Presten . . . um tie Dagar er det Slutt -? Skulde han døy? Visste ho, at han skulde døy? Var det det, som gjorde henne sjuk istadenfyr glad, no daa ho fekk sjaa Son sin? Men nei, nei -! Det var ikkje Meining i slikt. Det var Tull, sjuke Draumar . . . Innbillningar av sjuke Folk . . . Ingen brydde seg um slikt. Og han, ein ung frisk Kar pyh! . . .
           
- Døy! døy no! Det vilde vera syndlegt. Det vilde vera meiningslaust. No skulde livet byrja! Det kunde ingen finna paa aa taka Livet hans no. Snakk . . .
           
Den Sjuke vart rolegare. Utpaa Morgonen sovnad ho. Dei Unge tok seg gode Voner av det.
 
9.
 
Men ho sov ikkje rolegt, og um ein Times Tid vaknad ho med eit sterkt Skrik, flaug halvt upp, skalv og var reint som fraa seg. Anna kastad seg inn til henne og trøystad og bad, greet og trøystad, og bad henne vera roleg: dei var hjaa henne baae tvo. Baard vart fælt støkkt. Tvo so fortryllte og forskræmde Augo hadde han aldri set, som dei Moer hans no sette paa honom. Det var det reine, stirande Vanvit . . . Men endeleg var det som dei løyste seg. Dei drog seg ihop og fekk Feste. Er du der? stunde ho. Ja, Moer, ver ikkje rædd fyr meg, sagde Baard, so mildt og rolegt han kunde. Ho strauk seg yver Augo, riste paa Hovudet, seig ned paa Puta att og kom i svær Graat. Anna sat og strauk henne kjælande med Haandi yver Haar og Kinn, og greet med henne. Sov, sov; me skal vaka, bad ho. Du treng so til aa sova. Gunhild greet meir; det var som ho tinte under denne Kjærleiken og under dette mjuke, varme Mælet. Ho greet seg trøytt og sovnad paa nytt, og daa sov ho rolegt. Fyr den Gongen var ho frelst.
           
Ut paa Ettermiddagen sat ho uppe. Baard vilde ho ikkje hava inne, berre Anna; men ho maatte ikkje tala. Ho hadde spurt so etter um Baard, og det tolde nok ikkje Gunhild aa høyra. Men ho totte ho hadde godt av aa hava henne hjaa seg. Ho sat og klappad og strauk henne som eit kjært Barn og vart liksom rolegare ved det.
           
- Skulde ho segja si Naud fyr henne? ikje, nei . . . det stakkars Barnet vilde døy av det . . . røma fraa henne som fraa ei Trollheks . . .
           
Men aa segja det til Baard? Det vart endaa verre. Han, den glade, sæle Ungdomen, han som var so glad, for han hadde funnet Moer si!
           
Men segjast maatte det. Ho sat og braut seg med detta, so ho samlad mest ingen annan Ting. Presten? Skulde ho segja det til Presten, og lata honom segja det til Baard? Nei; det vilde lite hjelpa. Slikt maatte segjast uendeleg mildt og mjukt; Presten kunde ikkje det, - paa den Maaten. Han kom til aa vitskræma Guten.
           
Ljuga -? Skulde ho ljuga? Segja nokot, men ikkje alt? Ja! Det vilde ho. Ho vilde segja at ho hadde drøymt . . . drøymt at han skulde døy, og at ho altid hadde voret sanndrøymd. Ja! det vilde ho gjera! Men naar so Baard kom til Presten? Presten visste meir, han! Ho hadde sagt Presten for myket! Og dersom ikkje Baard fekk vita Sanningi, so kunde kanskje Presten ingenting gjera!                                                  
 
( Meir.)