Til Lesaren.

Den 3die April 1878 tok Fedraheimen til aa koma ut kvar Onsdag og Laurdag. Bldst. skreiv daa mill. A.: Denne store Utvidking hev me vaagat i den Voni, at detta vilde vera den beste Maaten aa driva Bladet upp paa. Og no skulde det væl vera trulegt, at Tingartalet vilde veksa, so det var Mun i. Me veit, det stend mangt i Vegen. Men det lyt røynast. Det skal ikkje hava voret god Vilje, som vantad. Men gjeng det galet, so lyt Folk finna seg i, at Bladet vert Vikeblad att. Det er ikkje onnor Raad med det.
           
Tingartalet gjekk upp, men ikkje so høgt som eg hadde ventat. Eg dreiv paa likevæl; - det nyttad ikkje aa fira! og eg dreiv paa so lengje det gjekk an, og væl so det. So kom dei laake Tiderne; Folk vart slurvne med aa betala, - og so minkad Tingartalet so sterkt, at eg fraa i Haust av vart nøydd til aa pusta i Bakken og lata det eine Nummeret stansa.
           
Det tok liksom til aa lettna paa att no ved siste Kvartalskiftet. Men det sætte nok ikkje. No, daa eg skulde sjaa etter paa Restanselista, viste det seg, at eg laut strjuka ein so stor Flokk av slurvne Betalarar, at eg ikkje med min beste Vilje ser meg Raad til aa gjeva ut meir enn eit No. um Vika til næste Aar.
           
Det er leidt, men det er raadlaust. Eg sjølv hev ingenting aa vaaga, og det finst ingen annan helder, som kann, elder vil, kosta nokot stort paa aa hjelpa eit Maalblad i Veg. Det kann henda, at Bladet paa denne Maaten taper Resten av sine Tingarar og maa samlast til sine Fedrar. Um so ille skulde henda, - eg kann ikkje lenger hjelpa det. Eg fær trøysta meg med, at eg hev gjort det vesle eg kunde, og at Maalsaki no er sterk nok til aa tola den Støyten med.
           
- Det er fleire enn eg, som trur det. Eg fær endaa no um Dagen høyra, at Bladet berre skader Maalsaki. Det hev vortet for radikalt no; det tek Ordet fyr fri Diskussion, skriv imot Censur o. s. fr., - og slikt kann Ein vita gjeng ikkje an her i Landet! Dessverre, der kann vera nokot i det. Men er det so, som so mange segjer og deribland einkvar av vaare beste og eldste Maalmenn -, at eg no berre kann gjera vondt istadenfyr godt, so vil eg altso um so skulde henda med dess lettare Hug kunna leggja Bladet ned. Andre vil taka Arbeidet upp att sidan og gjera det betre.
           
No! me fær sjaa. Bladet stansar ikkje fyrr det nøydest til, so mykje er visst, og so fær Lesararne avgjera, um dei vil hava det gangande elder ikkje. Eg innbiller meg, at eg ikkje bryt Programmet, fyrdi um eg arbeider fyr fri Diskussion; for Tanke- og Talefridom, høyrer likso væl inn under den liberale Politikken som Røysteretts-elder Riksraadsaki; men skulde det vera so, at Folk flest i det Stykket hev andre Tankar enn eg, so vil det visseleg vera meiningslaust fyr meg aa arbeida lenger i dette Bladet.
           
Det, som er den store Ulukka fyr eit Maalblad no, er, at Maalmennerne ikkje er nokot Parti. Maaltanken aaleine kann ikkje halda dei ihop, naar dei i alle andre Ting er so sterkt usamde som dei er. Maalmennerne er spreidde rundt i mest alle politiske og religiøse Fylkingar. Skulde Ein samla dei, maatte Ein skriva eit Blad, som ikkje arbeidde fyr nokon Ting. Men kvat skulde eit slikt Blad vera godt fyr? Eg vilde ialfall ikkje styra det. Naar Maalmennerne vert so sterke elder rettare sagt: so varme fyr si Sak -, at dei kann halda tvo tri Blad, daa er dei framfødde; men so lengje dei ikkje kann det, so kann dei i Grunnen ikkje halda eit helder. Men vil dei hava eit, so maa dei finna seg i, at det ikkje vert fullt ut høvande aat dei alle, Det finnst ikkje Raad skapt fyr det.
           
- Som sagt: me fær sjaa. I 1ste Kvartal 1880 maa det visa seg, um Fedrah. skal liva elder døy. Det segjer seg sjølv, at naar Bladet vert so litet, so maa det styrast paa ein nokot annan Maate: mindre Politikk, mindre Nytt, mindre av Dagsspursmaal i det heile, men meir av aalmennt upplysande og forteljande Innhald; Bladet vert væl altso nokot mindre faarlegt med det same, kann eg tru. Eg tenkjer fleire vil hjelpa til aa skriva. Den svenske Forfattarinna Ave kjem med ei ny Forteljing; John Lie hev talat um aa gjeva oss ei Forteljing paa Telemaal; Bjug vil skriva eit og annat smaatt til Moro; Forf. av Norigs Soga kjem visst og til aa skriva eit og annat, derimillom vonar eg Framhald av sine Skildringar fraa ei Englandsferd. Sjølv skal eg skriva so litet eg kann, hadde eg nær sagt, og so kann det henda Bladet vert nokot meir som det skal vera. Men naar Bladet kjem inn paa Dagsspursmaal, so vil det visa seg, at Programmet er det same som fyrr, so Ingen bør tinga Fedrah., som vil hava eit fargelaust Blad; ein slik vilde verta narrad.
           
Vil de so vera med, kjære Lesarar, so fær de hanga paa. De skal ikkje gjera det fyr mi Skuld; for De veit, at fyr meg personlegt var det best aa sleppa ut av dette Bladstrævet; men finn De, at Bladet bør haldast uppe, og trur De, at det er til Gagn fyr Saki vaar, at Fedrah. gjeng, - so som sagt so heng paa!
                                                           
Utg.