Utlandet.

Brissons Fyrespurnad til det franske Riksraadet kom fram i Folkethinget den 4de December, Det han klandrad Regjeringi mest fyr, var, at ho hadde gjort for lite til aa reinska Embættsmannskapet og serleg Domarstandet fyr Folk, som hatad og arbeidde imot Republiken. Ho var ustød og for veik, og det kunde koma til aa hemna seg ved Vali næste Aar. Gjorde ikkje Regjeringi eit helt Umkast i si Framferd, var det faarlegt, at Thinget ikkje kunde gjeva henne ei rein Tillitsavrøysting. Waddington takkad fyr, at han hadde fenget Tilføre til aa tala, og forsvarad Regjeringi imot Skuldingarne fyr Veikskap og Ustøda. Ordskiftet gjekk stillt av, naar ein tek ifraa, at Cassagnac nyttad eit Tilføre til aa gjeva Regjeringi og Republiken ei Avreidsla, og Saki fekk den Utgangen, at Thinget tok ved eit Uttal, som lydde so: Etter at Thinget hev høyrt Riksraadet, er det visst paa, at Regjeringi er fast meint paa aa gjera Republiken vyrd og ærad, og i Lit til, at ho vil med Kraft skeida ut dei riksfaarlege Embættsmenner, gjeng Thinget yver til Dagsordingi. Med dette Uttalet sagde Waddington seg aa vera nøgd, endaa det som Tillitsvotum er nokot tunnvoret. 221 røystad fyr og 97 i mot dette Uttalet. Av dei 97 var 90 Høgremenner, dei andre av ytste Vinstre. Ein stor Hop av Vinstre let vera aa røysta.
           
Den engelske Regjeringi hev no ogso kastat Hovudmannen fyr den irske Rørsla, Parnell, i Fengsel, endaa han er Medlem av Underhuset. Han hev paa eit Folkemøte talat vel fritt um Aatferdi aa Regjeringi imot dei tri Førararne, som ho fyrr hev sett fast. Desse tri er elles no sleppte lause imot Borgon.