[Den aagjæte Islendingen Jon Sigurdsson]

Den aagjæte Islendingen Jon Sigurdsson, den fremste Maalsmannen fyr Islands Sjølvstyre og gjennem lang Tid Althingsformann, er daaen 69 Aar gamal. Han tok Studenteksamen 1833, fekk eit Stipendium ved det Arne-Magnæanske Bibliothek 1835, vart Sekretær ved den islandske Avdeildi av det historisk-arkæologiske Arkiv 1845, Arkivar 1847 og s. A. Medlem av det kgl. nordiske Oldskriftsselskaps Oldskrifts-Nemnd. I 1848 vart han utnemnd til Sekretær ved den Arnæ-Magnæanske Kommission. I hid Islenska bókmentafèlag hev han voret Sekretær, og jamvel Medlem av det Norske Samlag. Den Avfarne var ein kunnskapsrik og dugande Mann med mange Hugmaal, vyrd og elskad av sine Landsmenn som ingen annan. Han var ein framifraa frilynd Mann og hev umfram fleire vitenskaplege Verk skrivet greide Framstellingar av Islands lange Forfattnignskamp og Islendingarne sine borgarlege Krav i Blad og Tidsskrifter baade paa Islandsk og Dansk. Han do i Kaupenhamn, der han hev livt si meste Tid.
           
Liket vart gravsett siste Laurdag i Garnisonskyrkja i Kaupenhamn, men skal fordast til Røykjavik til Vaaren. Ved Gravsetningi møtte fram ei Ovmengd, deribland ein Repræsentant fyr Kongen, Riksdagsformennerne, den islandske Minister, Høgsterettsdomarar, Folkethingsmenn av Vinstre (dei av Høgre og dei Moderate var burte), Professorar, og alle Islendingar, som bur i Kaupenhamn. Likkista er av Eik med ei Zinkkista inni. Paa Loket lagdest ein Sylvkrans med Plata fraa Islendingarne i Kaupenhamn, ein Palmekrans fraa dei islandske Studentar, ein Laurberkrans fraa det islandske Bokmentafèlag (Literatursamlag) og likeins ein Laurberkrans fraa det islandske pjodvinafèlag (Folkevensamlag). Paa Islendingarne si Sylvplata stend aa lesa:
 
(Kors)
 
Jón Sigurdsson
fæddur 17. juni 1811
kvongadist 1) 5 sept. 1845
do. 7 des. 1879.
                       
Oskabarn 2) Íslands Somi 3) pess, sverd og skjöldur.
           
Etter at dei hadde songet Salmen: Tenk naar en Gang den Taage er forsvunden, talad fyrst Prest Schepelern i Kyrkja. Han sa bl. A.: Minnet um denne Mannen vil liva etter honom; for han var ikkje soleids, som Folk er flest. Apostelen Paulus hev ein Stad skrivet, at han ynskte aa vera ein Forbannad fraa Kristus fyr aa kunna frelsa Brøderne sine, sine Skyldingar etter Burden, det utvalde Israels Folk, som Gud hadde sendt store Straffedomar. Den brennande Kjærleiken til Israel, som fylde Paulus, den same altid glødande Kjærleiken til Fedrelandet fylde og heile Livsarbeidet aat denne Mannen . . . . Dei fleste av sine Aar livde han hernede i Danmark, men Tanken um Fedreøyi hans var Sjæli i all hans Gjerd. Der stod Vogga hans, der hadde han lært, at Ein skylder Fedrelandet alt, og der skal no og Likamen hans uppløysast. Som Faae var han inne i sitt Folks Soga, han kjende dess store Minne, dess gamle Kraft, men han visste og, kor veikt hans Folk er; han visste, at det ikkje fyllte stort millom Heimsens Folkeslag, men difyr elskad han det ikkje mindre. Ein av dei mange Gonger, han for derupp, vart han helsad som Islands Sverd og Skjold. Det var Sanning i denne Helsingi. Ved sine vitenskaplege Gaavur og sitt utrøyttande Granskararbeid vidkad han med Aandssverdet Grensurne aat Fedrelandet sitt, og uthaldande stod han paa Vakt fyrr Retten aat sitt Folk. Som han hev elskat og kjempat fyr det litle Fedrelandet sitt, soleids hev han no vunnet det store Fedreland, som ikkje gjeng under, og der me alle hev vaar rette Heim. Gjev det altid i Folket maa finnast Menn, som elskar og arbeider fyr Fedrelandet som han!
           
Deretter heldt Provst Briem fraa Island ein Tale paa Islandsk. Liket vart av islandske Studentar boret til Kapellet i Kyrkja, der Kista vert standande til dess fyrste Post-Eimskipet gjeng til Island utpaa Vaaren.
 
1) giftest. 2) Ynskjebarn. 3) Heidr.