[I den evige Is.]

I den evige Is. Skildring av Nordpolsreiserne fra de ældste Tider indtil vore Dage af Friedrich von Hellwald. Autoriseret Oversættelse for Norge og Danmark ved B. Kaalaas, stud. real. Kristiania 1879. M. Askeland. 1ste Hefte, Pris 50 Ø.
           
Den namngjetne geografiske Forfattaren Fr. v. Hellwald kjend gjenom sitt Storverk Die Erde und ihre Völker (Jorden og dens Beboere) hev her havt ein god Tanke. I ei Tid som no, daa Norpols-Strævet er so sterkt uppe, og daa so mange djerve Menn vaagar seg ut paa Eventyrferd fyr aa vinna Land der uppe baade fyr Vitenskapen og fyr det praktiske Livet, var det just Tid til aa faa ut eit slikt Verk, som paa den eine Sida samlar alt, som her er gjort, vaagat og vunnet, i historisk Samanheng, og som paa den andre Sida skildrar dei Staderne, der Striden stend, so klaart og livande, at me rett kann faa ei Kjenning av, kvat Arbeidet hev kostat og kostar. Av døma etter fyrste Heftet, vert boki baade lærerik og forvitneleg, som Ein kann venta, naar det er Hellwald som skriv, og naar Emnet er detta forunderlege Eventyrland, som ligg der i Halvdimma, glimande med sine Isberg under bleikt, braglande Nordljos, og dynjande av Brak og Bresting som eit Kaos. Boki er godt utstyrd og hev gode Bilæte. Ho kjem ut i 25 elder høgst 30 Hefte til ein Pris av 50 Øyrur Heftet. Ho er aa tinga i alle Bokbuder.