[Notisar]

Kristiania, den 19de Decbr.
 
Embætts-Utnemningar 13de: Kapellan J. Flood til Sokneprest i Molde, Stiftskapellan J. A. Andersen til do. i Ofoten, Prest i Dvergberg N. C. Brøgger til do. i Hafslo, Kand. N. C. Jørstad til person. Kapellan hjaa Sokneprest Lassen i Lyngdal, Kand. O. H. Selmer til person. Kapellan hjaa Sokneprest Schubeler i Indreøyi; Kaptein i Floten C. T. Petersen til konst. Innrulleringschef, Krigskommissær og Yverlods i Trums. Riksraad h. v. W. W. Haffner er utnemnd til Kurator fyr Julie Knuths Stifting fyr Døtter av Landmenn, Ekspeditionssekretær Evald Rygh er utnemnd til Formann og Bureauchef C. L. Linthoe til Medlem av Direktionen for Rikslaanet av 1851.
 
Bjørnstjerne Bjørnson er heimattkomen fraa Utlandsferdi si; han kom til Kristiania Torsdags-Kvelden, Laurdag Kveld skal Kunstnarlaget gjera ein Fest fyr honom; Sunndag Kveld Kl. 6 skal han halda Fyredrag i Arbeidarsamfundet, og Maandag stryk han uppyver Landet til Garden sin i Gausdal, der han vil halda Jol. Hans Kongen er under Umskrift paa Tysk. Leonarda vart nyst spelad paa Nationaltheatret i Buda-Pesth. Domen um Verket er der paa Lag som her heime.
 
Ibsens Et Dukkehjem er umskrivet paa Tysk og hev fengjet Titelen Nora.
 
Til Minne um Eks-Keisarprinsen vil Dronning Viktoria lata ein Stein reisa i Kapplandet paa den Staden Prinsen fall. Eks-Keisarinna Eugenie er heimatkomi til Chislehurst etter Ferdi til Spania og Frankrik.
 
Ein belgisk Rikmann, som nyleg er daaen, Greiv Roger de Grundberge, ein frilynd Politikar og Stytta fyr Framstigspartiet, hev testamenterat 500,000 Franks til eit Sjukehus fyr Arbeidarborn. Det klerikale elder ultramontane (pavelynde) Atterhaldsparti, som slaast paa harde Taket mot Framstigsflokken i mest alle Saker og paa ingi Vis vil ha Folkeskulen skild fraa Kyrkja, hev funnet ut, at den nye frilynde Folkeskulelogi er socialistisk, fyrdi Folkeundervisningi skal gjerast fri fyr deim, som ikkje hev Raad til aa leggja Skulepengar. Etter detta hev Norig voret socialistisk i Mannsaldrar.
 
Professor Mudge, ein Geolog i England (?) set Alderen aat Mannsætti til 200000 Aar.
 
Skip Rauma, Kapt. v. d. Ohe, er innefroset i Rouen (Frankrik). Fyrre Sunndagen gjekk ein Snjostorm yver Jylland so hard, at sume Jarnvegstog laut stansa. Farvatnet utanfyr Skagen er fullt av Drivis, likeins Øyresund og Læssørenna. I England hev voret hard Kulde, i Frankrik, Tydskland og Ungarn sterkt Snjofall. Fredagen i fyrre Vika laag 1 Alen Snjo i Paris; 8 Tumar fall fraa Kl. 5 Ettermiddag til Morgonen. Eit Godstræn vart sitjande fast i Snjoen og vart paarennt av eit Passagertræn. 9 Menn vart særde og 1 Jarnvegsmann drepen. Millom Lyon og Dijon er alle Jarnvegstog stansad. I Berlin var det Fredag d. 5. Decbr. sterkt Snjofok, og i Ungarn hev Snjofallet voret so sterkt, at dei ræddest Skadeflom, dersom det skjott skulde koma Linnvedr.
 
I Frankrik hev Justitsministeren framsett Forslag um, at det skal gjevast 5 Millionar Franks or Rikskassa til Hjelp fyr Trengjande. Detta vart vedteket mot berre 3 Røyster.
 
I Bremen brende her ein Dag ein norsk Bark, lastad med Nafta. Ei Tunna gjekk sund, Nastaen rann inn til Kokken og i ein-to-tri stod heile Skipet i Loge. Det brann mest eit heilt Jamdøger.
 
Aaret 1880. Ein skaansk Sjaaar hev seet, korleids næste Aaret skal verta. Vinteren fyr det meste jamn, ender og daa aalvorsleg kald med mykje Snjo, um enn ikkje nettupp streng; skiftande i Februar. Vaaren skiftande med fleire Frostnæter. Sumaren nokot varm, men meir turr enn regnfull. Hausten i Fyrstningi fager, men i November og December kald, regnfull og blaasande. Somykje Snjo, at det vert Føre, kjem det ikkje fyre Jol. Aarvegen venteleg under eit Midelaar, men paa sine Stader god. Fisket vert ov-rikt. Mannen fær venteleg Ret i nokot.
 
Kristian Fredrik Funch, Chefen fyr det aalkjende Skipsmæklarhus i Nev-York Funch, Edye & Co., ein danskfødd Mann, er nyst daaen, ikring 60 Aar gl. Han grunnlagde den Forrettningi, han fekk drivet upp til nokot stort, i 1847.
 
Løytnant P. Holst er av Høgsteretten idømd 8 Dagar Arrest fyr aa ha skrivet eit Forslag til Storthinget um Hestehaldspengarne og ikkje sendt det gjenom sine næmaste Fyresette.
 
Stipendiat H. Ross, som hev voret ute paa Ferder til Innsamling av Norsk Maalstoff sidan i Vaar, heilt upp til Lyngen, er i desse Dagar komen heimatt til Kristiania. Mange Stader hev han haldet Fyredrag, seinst i Trondheim.
 
Paa Vestlandet hev dei Von um godt Vaarsildfiske. Kval og Fugl er det i Tusundvis av, og det segjest, at nokre alt hev fengjet Sild paa Garn.