Hr. bladstyrar!

I Fedrh. No 71 står i sluten av stykkje mit åt deg om Bjug, at vi trøndarar bruke å take imot, fordi at vi ikkje vil bli kolstanga, men der skal stå: hol- stanga.
 
           
Var det ikkje vårt målmanna augnamerkje det å løfte måle vårt fram utur armodsdomen og vanvyrdnadom? Var ikkje det den store folkesorgja, vi bar på, og som kom fram gjenom os, at eit framandt mål sat i høgsæte hjå os, medan vart eige, kjære modermål berre sat som tiggartausa på gruvesnippen og gjek som eit lausbarn utanmed, sov i fjøse og heldt-til på dei avlegsne vidåttom? Var det ikkje so vi sa, at vi sakna modermåle, når vi skulde ha fram noko av det beste, det sannaste, det djupaste, varmaste, høgste kjæraste og heligste, som vi bar på? Men kvi kjem det seg då, at nokre av os målmenner mest ser ut til å drive ap med desse sanningom? Ser det ikkje ut, som at dei heller vil bruke måle til å føre vondske utur seg og egle seg inpå andre målmenner? Ja, eg skjøner ikkje ænno ret vårt målmannakal, dersom ikkje slike åtferder er grop misbruk av det kjære unge bokmåle, vi no sams skulde fostre og i samlag skulde ame op, og eit stort missyn på det mede, vi styre etter. For eg trudde, at det i millom os målmenner var eit sterkt venaband, ei ømsesidug styrkegjord, og ikring os ein gard av tålsemd og frihug mot kvarandre, og ini os eit hjarteslag, som baud os aldri å lemstre kvarandre med gnag om småting og bortvridningar av ord for kvarandre. Og ænno har eg denne trua og gode vona om måle og målsakja og om målmannaflokken som hennar tenarar! Men eg har au, desverre, her på det seinaste fåt syn for segn om, at her i vår fylking er nokre, som ikkje er med os andre på dette. Og dette gjer meg vondt for saken si skuld, for vårt folk si skuld, som sit ventande og stunder på, at vi alle gjer vår skjylda og ikkje ampe og talme annan med påhak og ordvriding og speande fantord. Det venter, at den eine ikkje tek-åt den andre utan grun, og at ingen vender- bort, kva den eine segjer, for på det vise sjølv å skapa seg grun til å renne inpå den andre.
           
Den, som soleids såg, kva Bjug, som ophavsman til kjekle, sa åt meg, og kva han nemnde som grun til, at John Lie snudde omatt åt dansken, i Knut Trondson, nemleg dette, at måle vårt var for udana som bokmål ænno, men at Lie nok vilde koma att og bruke måle vårt, han au, når det først vart gjort duglegt til bruk åt honom, og dei fleire bokmakarom, serleg diktarom, våre; og d e n, som då såg, kva eg svara Bjug på dette, han vil vitne, at eg ikkje med eit einaste ord sa noko leit åt honom eller om Lie! Eg heldt meg berre åt ordom hans Bjug og vil soleids fritake meg for å stå saka likeover for John Lie og tør hugheilt bede honom halde seg åt Bjug. Berre det vil eg segje honom som svar på stykkje hans åt meg i Fedrh. No 71, at vi må vare os, so vi ikkje føre denne vonde tonen og nasekastande uånden uti fleire av dei danskande bladom våre in i det eine, vesle norskande blade, vi har. Les over stykkje dit åt meg idag med denne åminningen i hjarte, so voner eg, du vil tykkje berre so noko so om det. Les du so tillike-over stykkje, eg skreiv som første svar åt Bjug, so vil du au betre sjå, at eg ikkje har sagt eit einaste vondt ord om deg. Og alt det vonde, du let meg høyre idag, fær soleids stå for di eigja rekning. Eg bryt meg ikkje so små, at eg svarar deg på det og undres på, kor du kunde vilje bruke di pen og dit namn til noko so lågtliggande snak.
           
Nidaros 3de Desbr. 1879.
                                               
O. J. Høyem.