Seld til den Vonde.

[Del 13 av x. Fyrste delen.]
 
(Ved Forf. til Av laak Ætt og Ein Fritenkjar.)
                                     
II.
                                     
9.
                                     
(Framhald.)
 
Nei; ho maatte segja alt. Ho fekk vaaga det; det fanst ikkje Raad med det. Men ikkje i Dag. Ho var for veik i Dag; - i Morgo, i Overmorgo . . . ein av Dagarne. Det var tie Dagar att enno! Det hastad daa ikkje so. Det var best fyr Guten og aa venta. Kvi skulde han ganga i den Rædsla lenger enn Naud var? So slog ho seg seint umsider til Ro.
           
Ho bad Anna ganga aa leggja seg. Eg er betre no; i Nott kann Gjenta vaka. Anna var mest klar av Svevnløysa og Trøyttleik; ho gjorde som Gunhild bad.
           
Det kom ein Dag etter den Notti; Gunhild var endaa for veik. Baard kom inn til henne stundom og var bleik og uroleg; naar ho saag honom, var det ikkje Tanke um aa kunna tala. Ho torde ikkje! ho var rædd honom. Han kunde mana henne ned i Jordi med dei sterke Augo!
           
Baard paa sin Kant gjekk i løynleg, men tung Otte. Det kvakk i honom, kvar Gong han saag ei Likferd, og naar Klokkurne gjekk, var det som dei ringde yver honom. Um det no var so, at han skulde døy! spikrast ned i den svarte Kista, berast til Jordi av svartklædde Folk, under Klokkeringjing og myrk Salmesong, leggjast ned i den vatskalde Jordi, millom rotne Lik, gravast ned fraa Luft og Sol, med tri Fot Jord tyngjande yver den tronge Kista! Han kjende Hjartat stivna i seg av Fæla.
           
Men naar han saag Moer si, torde han ikkje spyrja. Ho saag so veik ut, og han vilde ikkje synast rædd. Men han fekk ein Støkk fyr henne. Kvat var det, den bleike Kona gjekk her og gjøymde paa under sitt svarte Skaut? Var ho ei Spaakjering? - Hadde ho Syner? Var det det, som laag og glødde paa Botnen av disse store, stirande Augo?
           
Dagarne gjekk, uendeleg smaatt, og likevæl so skræmeleg fort. Baard gjekk som i ein Likferdsgard. Alt var stilt, tigjande, florvunnet, alle Andlit bleike, alle Augo sorgslørde. Anna leid vondt i all denne Uhyggja. Ho spurde Gunhild, fekk inkje Svar; ho spurde Baard, men han slog det av i annat. So lagde det seg yver henne som ei Tyngd, som ei Gaata. Var det nokot fælt? nokot løynlegt? nokot som vedkom henne? Kvi sat den Sjuke so tidt og strauk henne yver Haaret og sagde stakkars Barn? Var ho komi her hit fyr aa lida nokot vondt?
           
Den Sjuke vart meir og meir forunderleg. Rett som det var, kvakk ho upp og skreik: Bed Baard koma! og strakst etter jamrande: nei, nei, eg kann ikkje! eg kann ikkje! Elder ho bad henne senda Bod etter Presten, men i næste Stundi fekk det vera. Stundom kom ho med forunderlege Spursmaal, ville, fæle Sogur, som ho fortalde med slikt Aalvor, slik Uro; so bad ho Anna fortelja andre Sogur av same Slaget, og spurde henne ut um alle Ting i dei, liksom det vedkom henne! Ender og Gong sat ho i Sjølvgløymsla og snakkad underlege Ting um den Vonde, um aa narra den Vonde . . . Anna vart rædd denne bleike Kona og trudde meir og meir, at ho ikkje var klok. Det torde ho ikkje segja; men dess meir sjæleforpint og raadlaus kjende ho seg.
           
Det var tri Dagar att av dei tie. Daa heldt ikkje Baard det ut lenger. Han gjekk inn til Moer si og spurde henne aalvorslegt, um her var nokot Ting tids. Han fortalde henne det, som ho hadde sagt, daa ho laag sjuk, og um dei Tankarne, han hadde teket av det. Gunhild sat og gjøymde Andlitet; han kunde sjaa, at det gjekk Skjelterider gjenom henne; men ho svarad ikkje. Daa vart han aalvorsleg rædd. Svara meg, Moer, skal eg døy? sagde han. Eg gjeng her og sjuknar burt av Uro; eg fær ikkje Fred korkje Nott elder Dag; seg meg, at eg tek i Misst! seg, at eg ikkje skal døy! at det er berre sjuke Innbillningar av meg! Seg det Moer! eg bed deg, fyr Guds og vaar Frelsars Skuld! for eg kann ikkje døy no. Gunhild svarad ikkje eit Ord, men sat liksom og vreid seg under ei fæl Tyngd. Tilslut sprang ho inn i Soveromet sitt og stengde seg inne. Baard høyrde, at ho stunde og bar seg der inne, liksom ho var sjuk.
           
I si Sjælenaud gjekk Baard til Dokteren. Dokteren sagde at han var frisk som ein Fisk, og du døyr ikkje, - utan det skulde vera so lagat. Men eg vil ikkje døy! sagde Baard. Hyss, Gut, svarad Dokteren. Er det Guds Vilje, so lyt du nok bøygja deg! Guds Vilje! Kor kunde Gud vilja slikt! Ikkje den verste Mannen i Verdi kunde vilja det . . .
           
Han gjekk til Presten. Ikkje til den unge, men til den gamle, den, som han kjende. Kann slikt vera Guds Vilje? spurde han. Me kann ingenting vita, sagde Presten. Guds Tankar er ikkje vaare Tankar og hans Vegjer er ikkje vaare Vegjer, og so høgt som Himmelen er yver Jordi, so høgt er hans Tankar yver vaare Tankar og hans Vegjer yver vaare Vegjer! Baard foor hjelpelaus paa Dør. Kvat brydde han seg um Guds Tankar og Guds Vegjer? Han vilde liva, liva; han hadde Rett til aa liva, han vilde liva, han vilde ikkje døy -! Det var Synd aa taka Livet hans no, Synd mot honom, Synd mot Moer hans, Synd mot den unge Gjenta, han no hadde fest til seg; - han vilde ikkje døy!
           
- Men med kvar Time som gjekk, vart han meir uroleg. Anna saag, at han var i stor Naud. Og ho lagde seg graatande inn til honom og bad honom fortelja, kvat det var. Eg hev det so vondt, sagde ho, for eg er so uroleg og fær ingenting vita. Daa sagde han henne alt. Ho prøvde aa trøysta honom so godt ho kunde. Moer di er sjuk, sagde ho, og det er lite sætande, kvat sjuke Folk drøymer ihop. Men i Grunnen vart ho likso rædd som han. Dei klyngde seg inn til kvarandre og heldt liksom kvarandre fast. Du maa ikkje døy! bad ho, eg vil ikkje døy! jamrad han; bed til Vaarherre fyr meg, du; du er so god og fager, deg maa han høyra -!
 
                                   
10.
           
Dagen var komen. Idag fyllte Baard sitt attande Aar.
           
Gunhild laag inne og var sjuk. Baard sat iRomet ved Sida, bleik og hjelpelaus; Anna gjekk uroleg fraa den eine til den andre og prøvde faafengt aa vera til Hjelp. Ho bad Baard halda seg inne; det var liksom tryggare, det, totte ho, helst paa ein slik Uversdag som denne. Baard tenkte det same og sat inne. Men strakst etter fann han, at inne var likso utryggt. Ein Lynstraale kunde koma sprettande og sprakande og sløkkja honom ut som eit Ljos; Stormen kunde auka paa og taka med seg Huset . . . og det verste av alt: det hadde hendt, at friske, sterke Folk seig daude ned der dei sat, og ingen visste kvat dei døydde av . . . Han gjøymnde Andlitet i Henderne. Gong etter Gong spurde han Anna, um han kunde koma inn til Moer si; Anna riste paa Hovudet. Ho vert meir og meir ør. Kvat talar ho um? spurde Baard. Eg forstend det ikkje, sagde Anna, det er so forskræmeleg fælt. Det er beintfram Vitløysa . . . Aa, Baard, eg trur det er vonde Draumar og Inbillningar alt ihop! I det sama høyrde dei eit stort Skrik derinne. Dei skvatt upp og lydde. Baard! Baard! høyrdest det jamrande fraa Moeri; - han inn. Anna vart standande som fortrollad, rettande seg fram, lyande med Augo og Øyro, med den opne Munnen, som ikkje torde anda; - Ingenting var høyrande. Det kom burt i Kviskring, i Graat, i Stynjing og Bøn, i Jammerskrik . . . Herre Gud, kvat kunde det vera. Og det varde so lengje. Det vart aldri slutt. Stundom stansad det, og Anna høyrde, kor Baard manad paa, i aukande Uro, meir og meir utolegt. Det var nok slikt, som ikkje kunde forteljast . . . Endeleg døydde det av i laag Kviskring; so braut det upp att i rædde Rop: Naade! Naade! - Seg det! seg det! sagde Baard, - lat det vera so vondt det vil, eg maa vita det! Nei, eg kann ikkje! eg kann ikkje! Gakk ifraa meg! skreik Moeri villt og saart. No gjeng eg ikkje, fyrr eg fær vita det, svarad Baard, og Mælet lyddest so strengt, at Anna skalv ved det. So vart det stillt ei lang Stund. Daa høyrde ho, at Baard skvatt i med eit Skrik av Rædsla; men Moeri var still. Anna kunde ikkje venta lenger; der inne var i denne Stundi Domen hennar sagd; ho sjakad inn paa skjelvande Kne; Barmen kjøvdest av Fæla. Og der stod Baard, med Henderne i Haaret, stirande og bleik, raadde liksom ikkje med seg; men Moeri laag nedgravi millom Høgjend og Lakan og skalv, so det saag ut som Sinedraatt. Anna kavad etter aa faa upp Mælet, men kunde ikkje; ho snikte seg burt til Baard, nappad honom i Armen og kviskrad; kvat er det? Daa vekktest han, skar i med ein skakande vill Laatt og svarad: eg er seld til den Vonde! -
           
- Anna seig i Kne framfyr honom; ho trudde han var fraa seg. Kjære, kjære, seg ikkje slikt; du meiner det ikkje; du veit det er ikkje sannt! Kvat vondt hev du gjort, at slikt skulde henda? - Det var som det greet i honom, og han svarad med eit Mæle, ho ikkje kjende: Moer mi selde meg, fyrr eg vart fødd. -
           
Anna var raadlaus; det svimrad og svartnad fyr henne. Ho sprang burt til Sengi, treiv Gunhild i Armen og kviskrad: det er Lygn! slikt hender ikkje! det er Lygn! Men Gunhild slog upp eit Par Augo so fulle av Verk og Pine som ho alt var fordømd, og ho sagde til henne. Kann du no frelsa honom, du Guds Engel, so gjer det; for eg hev gjort som han segjer, og i Nott er Tidi ute . . .                            
 
( Meir.)