Til "Fædrelandet" m. fl. om "Censur".

[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
(G).
                         
(Framhald.)
           
Forkjætring? spyrr Luthersk Ugeskr. elder kor det no er eg hev set det. Nei, det er ikkje Forkjætring! Det er berre Forsvar mot Aagrip! Naar Folk tek paa oss, so maa me daa hava Lov til aa forsvara oss!
           
Og dei talar, liksom det var dei, som var dei veike, dei uskyldige, dei forfylgde, og liksom det var Motmennerne, som var dei sterke og dei forfylgjande.
           
Forunderlegt! Der stend Prestarne med heile Samfundet bak seg, heile Folket, alle Institutionar, Kyrkjur, Skular, Politi, Domstolar, Hermagt, Kongemagt, med eit lærd Fakultet, med mest heile Bladpressa, Størsteparten av Bokheimen, heile Opinionen, med alt det, som i denne Verdi kann gjera eit Lag sterkt, - og so talar dei um, at det er dei, som er dei Angrebne, og dei, som maa faa Lov til aa verja seg!
           
Og kven er det, dei vil verja seg imot? Ein Diktar, ein Docent i Æsthetik, ein Bladmann elder tvo, og, naar det kjem fælt høgt: ein og annan Professor, - Folk, som ikkje hev annat aa fara med enn Pennen sin, Blækkhuset, og einkvar stakkars Tanken! Mot denne Flokken av magtlause Armingar vil heile dette svære, rotfeste, alting eigande og raadande Samfundet faa Lov til aa verja seg!
           
Der er Emne til eit Volve-Kvad i dette.
           
Men lat det vera som det vil. Det eg vilde segja var: dei Herrar av Teologien hev Rett til aa forsvara seg. Dei hev ikkje berre Rett til det, - men det er nettupp det, som alle desse Fiendar bed dei um aa gjera!
           
Ikkje aa forsvara seg, for det skulde so sterke Folk ikkje turva. Berre aa svara. Svara ærlegt, greidt og heilt ut. Svara so, at kvart tenkjande, ærlegt Menneske kunde forstaa dei og fylgja dei. Svara so, at dei ulike Meiningar kunde lysa kvarandre upp i eit ærlegt Ordskifte! Vil dei kalla det Forsvar, so kann dei faa Lov til det med, - alt um det er dei sjølve, som taper paa det Ordbytet.
           
- Det hev Rett til aa forsvara seg. Det einaste det spyrst um er, um dei forsvarar seg paa rette Maaten.
           
Som no Fædrelandet. Det stend no um Dagen i full Strid fyr aa verja Kristendomen; det arbeider av fullt Hjarta og i den ærlegaste Meining; det vil frelsa Folket fraa den verste Ufred, det vil frelsa Landet, og Landets Framtid; det vil frelsa Tusund og Millionar av Sjæler fraa Usæla og Fortaping; det vil forsvara den Herre og Gud, som det trur paa, og den Saki, som det fraa fyrste Stundi hev vigt seg til som si. Men so er det dette forunderlege: det forsvarar ikkje Kristendomen! Det legg knapt fram ein einaste Ting, som for tenkjande og arbeidande Sjæler kunde stydja Kristendomen; det einaste det gjerer er - aa fortelja um Per og Paal, at dei er Heidningar!
           
- Gjerna det! Lat Dagbladet, Verdens Gang, Fedraheimen, - lat dei vera Heidningar alle ihop. Kvat hjelper det? Er Kristendomen bergad med det? Kann den tvilande og lidande tru fastare paa Kristus fyr det? Og kann Fornegtaren koma ut av sine Vildringar elder faa større Ljos i sine Livsspursmaal, fyrdi um han veit dette?
           
Paa den andre Sida: lat Fædrelandet og dei andre i Sanning forsvara Kristendomen. Lat dei leggja klaart og yvertydande fram fyr oss alle, at Kristendomen er og maa vera den øvste og einaste Sanning. Og naar det er gjort, - kann det so skilja, um det fannst eit Par Avisblad, som var so forherde i sin Illskap, at dei heldt paa med aa vera vantrue like godt? Det vilde berre vera verst fyr dei sjølve.
 
 
Ja, svarar Fædrel; men me maa gjera det paa den Maaten. For Folk er kristne i Grunnen, og vil vera kristne; men dersom dei ikkje fekk høyra, at dei Bladi er ukristelege, so kunde dei suga i seg Vantru-Forgifti utan aa vita av det, - og so var det for seint. Difyr er det vaar Skyldnad aa segja fraa. Som Sions Vaktmenn maa me blaasa i Luren, naar me ser Fiendar snikja seg forklædde inn imot Murarne, og dersom me ikkje gjorde det, so vilde me sjølve koma til aa bera Andsvaret paa Domedag fyr alle desse Umyndige, som ved ugudeleg Svik vart fraarøvde si Barnetru, men som kunde vortet frelste, um nokon i rett Tid hadde varskuat dei og sagt, at dei maatte taka seg i Agt.
           
Kjære Fædreland! Eg forstend denne Tanken so inderleg væl; eg hev tenkt so sjølv, og mange av dei, eg vyrder mest, tenkjer so den Dag i Dag. Men sidan hev eg funnet ut, at kor fager og vælmeint Tanken enn i seg sjølv kann vera - han er falsk. 1 )
 
Eg skal segja deg ein Ting, gode Fædreland: dei Umyndige er langt stødare i sin Kristendom enn Du, og langt gløggare i si kristelege Kjensla. Eg meiner dette i fullt Aalvor. Du hev daa lært lite grand av det, som me kallar Reflexion, og Reflexionen tærer; - men den Umyndige, han er som Saumen i Veggen. Han sit der han sit, han. Naar Du høyrer eit sløgtenkt Fyredrag av Dr. Brandes, so kann daa Du kjenna, at det liksom tek i Deg, riv i Deg, lyfter i Deg; Du maa taka deg paa Tak fyr aa sitja stødt; men den Umyndige -! Han sit som Saumen i Vegg, ja som Fjellet paa Roti. Han bryr seg korkje um Doktor elder Professor; han hev sin Pontoppidan, han, og dermed Punktum. Lat ein Mann koma til honom med Tankar, som ikkje er reine i Læra, vik bak meg Satan! segjer han, og so er den Tingen avgjord. Um Fædrelandet sjølv gav seg til aa forkynna Ukristendom ein god Dag, - den Umyndige vilde ikkje segja annat um det, enn at no er nok den Tidi komi, at Dyret i Aabenbaringi vert sleppt laust, og so vilde Fædrel. tapa sine Tingarar. Det var det heile.
           
- Og Fædrel. maa ikkje tru, at den Umyndige er lett aa narra, naar det gjeld Trui. Han er i so Maate utruleg fin. Dersom Presten paa Prækestolen kjem med ein Setning, som kunde tydast ut til, at han legg for stort Lag paa Gjerningarne og for litet paa Trui, elder dersom han kjem med det minste Knett og Kny um, at han ikkje er fullstød paa, um Jesus talad Lov elder Evangelium i Helvite, elder dersom han berre vaagar aa hiksta um, at me ikkje just maa tru, at den heilage Aand hev endefram sagt fyre kvart Ord, som skulde skrivast i Bibelen, - den Umyndige merkjer seg det i same Stundi og fyrr nokon veit eit Ord av det, so fortel heile Soknelaget, at den Presten ikkje kann vera nokot Guds Barn. Vær aldri rædd! Og dersom ein slik Umyndig las Dagbladet, elder eit annat meir fritt Blad, - han vilde kjættardøma det tie Gonger, fyrr Fædrel. fekk eit Ord fyr seg. Ja, - orsaka meg, kjære Fædrel. -: dei Umynddige vilde fordøma og banlysa deg med. Du kom so fint paa det svarte Brett jamsides med Fedraheimen, Dagbladet, Verdens Gang, Opl. Avis o. s. fr. At Du lærde rangt i eit og andre Blad i eit annat, det gjorde Ingenting! Den Umyndige er streng, han, og den minste Vranglærdom er likso galen som den største. Ja eg trur, sannt aa segja, at dei Umyndige vilde fordøma deg mest. Desse andre, vilde dei segja, er so endefram ugudelege, at Ein kann agta seg fyr dei; men detta Fædrelandet, det er Djevelen i Lysets Engels Skikkelse, det, vilde dei segja. Det gjev seg ut fyr aa vera kristelegt, og prækar vænt sume Tider; men so midt innimillom kjem det med det verste verdslege Vas og Tøv, som det kann finna paa, med Historiar og Lygnsogur og Fjas til aa læ av, og stundom lærer det endefram rangt, med di det segjer, at det ikkje er Synd aa lesa Histori og Dikt og Bjørnstjerne Bjørnson og annan slik Djevelskap; ja det kjem med Ting, som er reint ut stygge og utuktige og ikkje til aa nemna millom kristne Folk, um Nattefriing og det verste som er, og slikt set det paa Prent fyr aa forføra dei unge og umyndige -! Eit slikt Blad er verre enn alt; for det tek paa seg Engleham og Faarepels, men er i Grunnen ein rivande Ulv og ein arg Djevel! So vilde dei Umyndige døma.
           
Ein slik Umyndig les for det meste aldri Avisur, og um han les eit Blad, so er det Almuvennen, som no fraa gamalt av hev fenget eit Slags Ord paa seg fyr aa vera meinlaust. Men kom han eingong i Skade fyr aa tinga eit frilyndt Blad, - han vilde segja det upp att lengje fyrr Fædrel. fann nokon Ting vondt aa segja um Bladet.
           
- Nei; eg trur Fædrel. kann vera reint rolegt fyr dei Umyndige. Eg kunde tenkja meg, at Styraren av Fædrel. kunde yvervitnast av desse vantrue Lærde; men ein Umyndig er trygg. Slike Ting som Ræsonnement og Provføringar er ikkje til fyr honom. Det, han hev fenget inn i Hausen sin, det sit; det er ikkje Raadmed det. Du kann slaa Hausen hans sund; men du kann ikkje rikka ein einaste ein av dei Formlar og Setningar, som han eingong hev soget i seg; dei er kurfaste, dei. Naar han fekk høyra, at det var eit Blad i Kristiania, som laag og arbeidde og vilde verja Trui fyr hans Skuld, - so vilde han med god Grunn segja: lat dei Folk passa seg sjølve. Fædrel. skal altso ikkje kunna orsaka seg med, at det maa fara som det no fer fyr Skuld dei Umyndige. Fyr deira Skuld kunde det godt visa seg rolegt og mannslegt og føra sin Strid fyr Kristendomen paa den Maaten, som væl alle tilslutt maa finna er den einaste verdige og rette: utan Skrik, utan Døming, berre gjenom klaar Framføring av sjølve den Sanning, det hev til Meining aa vilja verja!
                                                           
( Meir.)
 
1) Eg hev litet Rom her, viser difyr til det Stykket eg skreiv i Fedrh. ifjor Sumar under Titelen Kristendomsstriden vaar. Der hev eg talat mykje um dette.