"Det menneskelige Hjerte

bliver ikke bedre, om man bor i luftige, sunde Boliger, end om man bor i usle usunde Hytter, hev Presten Heuch sagt, um eg kann tru Fædrelandet.
           
- Nei, det kann vera det. Eg veit ikkje, kva Hr. Pastoren meiner med det menneskelige Hjerte. Det er væl nokot fælt djupt, det, kann eg tenkja. Men det er helder ikkje det, som her spyrst um. Hr. Heuch hev brukt dei ovanskrivne Ordi som eit Vaapen mot det politiske Fridomsarbeidet i Tidi; men det politiske Fridomsarbeidet hev aldri tenkt paa aa skapa um det menneskelige Hjerte. Fridomsarbeidet hev eit baade klaarare og enklare Formaal: det vil reisa og styrkja Folk moralskt.
           
Trur Hr. Pastoren, at det i moralsk Meining er det same for ein Mann, anten han gjeng og svelt og lid vondt, elder han hev det paa Folkevis? Trur Hr. Pastoren, at det i moralsk Meining er det same for ein Mann, anten han hev det so, at han bergar seg sjølv, elder han hev det so, at han maa liva av godt Folks Naade?
           
Dersom Pastoren trur det, so er han ein klein Sjælekjennar og ein Mann med uforsvarlegt lite Livsrøynd.
           
Pastoren tenkjer væl paa, at rike og vælhaldne Folk og kann vera Syndarar, pengekjære, kvendske, uærlege og mykje annat. Det er sannt, syrgjeleg sannt. Og likevæl vil ein Mann som er sin eigen i Verdi, og hev det paa Folkevis, altid vera under betre moralske Vilkor enn Armingen og altid hava ein moralsk Fyremon framum den, som maa liva ned i Surpet og samla paa Smulur fraa den Rikes Bord.
           
Den Læra, at Armodsdomen skal vera betre for Moralen enn Rikdomen er etter mi Meining ei faarleg og syrgjeleg Lygn, som hev gjort Samfundet meir vondt enn nokon trur.
           
Det er dei Rike og deira Hofprestar, som hev funnet paa den Læra. Dei saag paa all Armodsdomen, og saag at han var fæl, men dei saag seg ikkje Raad til aa hjelpa. So maatte dei hava nokot til aa slaa Samvitet til Ro med. Og so fann dei ut denne Lærdomen, at naar Folk er arme og lid Naud, so kjem det av, at det er naudsynlegt for desse Folks Moral. Dei treng Armodsdomen, for aa mykjast. Hadde dei det som annat Folk, vilde dei øydeleggja baade seg sjølv og andre. Paa den Læra hev Folk sovet i mange hundrad Aar og latet Armodsdomen og Naudi gro og veksa rundt ikring seg utan aa kjenna so mykje som den minste Styng i Hjarta sitt for det.
           
Og Armodsdomen hev grott og vakset; Million etter Million hev gjenget under i dem, pintst ihel paa Kroppen, pintst morallause og helselause paa Sjæli, svoltet til dei stal, froset, til dei fordrakk seg, selt Sjæl og Samvit og Æra og kvar einaste menneskelege Kjensla i seg for aa faa litt Mat; - dei Rike hev livt i Herlegdom og Gleda med Lasarus utanfor Døri si millom Hundarne, og dei hev etet og drukket og voret mætte og feite og gjevet Lasarus tvo Skilling for aa koma i Himmerik, men kjøpt alt det, han hadde aa selja, like til Døtrarne hans, Kona hans, Samvitet hans, - for ein halv Dalar elder ei Skjeppa Potetur. -
           
Armodsdomen hev grott og vakset paa den syrgjelege Læra, til dess han no stend her som ei Verdensmagt, som ei stor, bleik, hol-øygd Nemesis, som kjem og vil hava Hemn, Hemn for sin tapte Rett, og som stundom skræmer med aa øydeleggja heile det gamle Samfund.
           
- Fekk eg vera almegtig i eit Aars Tid, so vilde eg gjera Hr. Pastor Heuch til ein fatik Mann, som budde i Vika og hadde Kona og 3 sjuke Ungar aa forsyrja, men ingen Ting aa liva av. Hr. Pastor Heuch skulde faa prøva aa bu berre det eine Aaret prøva aa bu i ei ussel Hytte, kald og myrk og full av vond Lugt, i eit einaste trongt Rom med heile Huslyden, Fillur og Ureinskap kor Ein saag, grøne Hyur yver sprengde Glasrutur, Skrik og Jammer av svoltne Ungar. Gnaal av ei arg, øydelagd Kjering, - men inkje Mat utan av Kassa, isande Vinteren inn gjenom alle Sprekkur, men ikkje ein Vedpinne i Omnen; isande Vinteren utanfor, men kvart einaste heilt Klædesplagg hjaa Pantelaanaren . . . . berre eit einaste Aar! Og so Herket rundt i kring; rikking, Banning og Svineri rundt Øyro baade Nott og Dag, Konstablarne snusande rundt i kvart Hol etter Tjuvar og Kjeltringar, Verten den vælhaldne Mannen som ein Domedag kvar Maanad etter 8 Kr. i Husleiga . . . . nei, det er ikkje til aa upprekna, all den Vesalldom og Hugbøygjing, som slike Stakkarar liver i til kvar Dag og Time . . . . men som sagt: berre eit einaste Aar! Og daa vilde eg sjaa, kor mykje det var att, av Hr. Pastor Heuchs reine Moral og høge Tenkjemaate, naar Aaret var ute.
           
Nei, det er ei stor, faarleg Lygn, dette, at Armodsdomen skal vera til Gagn for Folks Moral.
           
Det er mange, som liver under sovorne Vilkor, endaa i ein ikkje større By enn Kristiania. Og i Storbyarne ute i Verdi er det naturlegvis mange, mange fleire. Paa Landet kann det og vera fælt sume Stader, som t. D. i Irland. Men for det meste er det i Byarne, at den verste Naudi held til.
           
Det kann hellest vera ille nok, um det ikkje er fullt so vondt, som eg ovanfor vilde, at Presten skulde hava det, for at han sjølv kunde faa prøva Sanningi av sin eigen Lærdom.
           
Lat oss tenkja paa Fleirtalet av dei vanlege Arbeidsfolk, naar dei er gifte elder i det heile hev fleire enn seg sjølv aa forsyrgja. Korleids hev dei det, naar det er som best? So lengje alt gjeng godt, so lengje Mannen er frisk og hev Arbeid, og Kona kann stella og spara, so kann det henda, at det so vidt heng ihop; men Smalhans er det. Og hender det so ein aldri so liten Ting, slær Helsa imist, elder vert Mannen arbeidslaus, - ja so er det svarte Naudi, og so kann det henda, at det ber paa Kassa, og so hev me heile denne aandelege og likamlege Sveltihel og Nedsulking, som eg ovanfor hev skildrat.
           
At ein Mann, som dertil er Prest og altso skulde kjenna litt til Verdi og Sjælelivet, kann vilja innbilla seg, at Folk kann liva under slike Vilkor, ikkje eit Aar, men mange Aar, utan aa lida aalvorleg Sjæleskade, - det kann ikkje koma av annat enn det, at det gode Samfundet gjenom lange Tider hev svævt seg so fast inn i den Trui, at somt Folk treng Armod, at dei ikkje lenger ser det, som gjeng for seg for deira eigne Augo.
           
Vonde Vilkor gjer Mannen vond; det kann Ein slaa fast som det vanlege og aalmenne. Den, som jamt og samt gjeng og svelt, vert smaatt i Senn eit Dyr; Hungeren tærer paa Vilje og Aandskraft og Moral likso væl som paa Kroppstyrken. Han kjenner seg meir og meir nedbøygd, meir og meir likesæl um alle høgare Ting, og vil tilslutt ikkje eingong hava Kraft til aa skilja millom Mitt og Ditt, dersom han ser eit Stykke Mat elder ein Skilling, som han kann naa utan Faare. Den, som gjeng og frys, og som hev det ufyselegt heime, søkjer Sjappi for aa kunna vera til; der lærer han daa for det meste aa drikka. Og kvi skulde han ikkje drikka? Han hev ingen Ting aa tapa, ingen Ting aa vona paa, ingen Ting aa hyggja seg til, ingen Ting aa forsøma, - og berre naar han er plakat, so er han lykkeleg; altso drikk han. Og er han ikkje øydelagd fyrr, so vert han det daa. Kor skulde han taka Motstandskrafti fraa? Den, som ikkje hev ein Heim, der han kann liva som Folk, er fortapt, og det for det meste endaa um han hev sterkare Moral og større Daning enn dei fleste av vaare Arbeidsfolk no hev. Her nyttar ikkje Preikur elder Good-Templar-Stas; ein Mann, som er i Naud, treng Hjelp, og fær han ikkje den, so søkjer han Trøysti der han finn henne, og det er paa Sjappi.
           
Hr. Heuch trur, at det er slik Slag for ein Mann, anten han liver i ein Heim for Folk elder i eit Grisehus. Det er ein skræmeleg Lærdom. Men det er paa den Lærdomen, at det rike og gode og moralske Samfundet søv so trygt som det til dessa hev gjort, - søv, til dess Lasarus sjølv reiser seg og vekkjer.
           
Og Lasarus er ein aalvorleg Mann; han fer ikkje med Fjas. Kom ikkje til han med hjartelause Talemaatar um det menneskelige Hjerte! Det er ikkje Hjartat, det spyrst um her; det er Mat! Mat, Hus, Klæde, Folkevyrdnad; - Retten, den nakne, klaare Retten, utan Præk og utan Deklamation; lat oss faa den, - so kann me altid sidan granska Spursmaalet um, korleids det stend til med det menneskelige Hjerte!
           
Hr. Pastor Heuch hev imot den moderne Liberalismen fordi den arbeider paa aa hjelpa dei Fatike fram til sin Rett. Ein skulde ikkje gjera slikt meiner han; for det er ikkje den utvortes Hjelpi, som er den sanne; sann Hjelp kann berre Kristendomen gjeva, og den Hjelpi, som ikkje er den sanne, gjer berre vondt; for ho kjem i Vegen for Kristendomen. Den Politikken, som vil hjelpa dei Lidande, er ikkje Politikk, men Religion, og altso Antikristendom!
           
Eg undrast paa, kva Jesus vilde segja til slikt hjartelaust og tankelaust Snakk. Kristelegt er det i alle Tilfelle ikkje.
           
For meg ser det ut som um det i denne Saki so væl som so mange andre er Framstiget, som hev tekje upp dei sanne kristelege Tankarne, og det i fullt Aalvor. Prestarne skrik paa, at Framstigsmennerne er vantruande. Det kann so vera. Men er det Vantrui, som no tek upp det store aalmenne Kjærleiksarbeid, som just Trui skulde gjera, men som ho ikkje fær Stunder til, av di ho fyrst og fremst skal stydja Samfundet og forsvara Kapitalen og Magti og det Bestaaende, er det Vantrui, som tek upp det Arbeidet, Trui skulde gjera, - daa skulde dei, som kallar seg Kristne, skjemmast, tigja og berre prøva aa taka etter; for nokon Rett til aa døma hev slike Kristne under slike Vilkor ikkje.
           
Eg trur hellest det fær vera det same, kven som gjer dette store Arbeidet, berre det vert gjort. For slik som det enno paa dei fleste Staderne er, so er det skræmelegt med all Naudi, som Folk liver og gjeng under i, Side um Side med alle dei store Rikdomarne. Naar du tenkjer paa dette, so er det slik, at Maten vert til Graastein i Munnen din, og Klædi brenner deg paa Kroppen som Nesleris; du synest ikkje du hev Lov til aa vera til, naar du veit alt dette og ikkje kann hjelpa. I dei store Kulturlandi er der alt gjort ymse Forsøk paa aa faa ein betre Skipnad, og det kann ikkje vera Tvil um, at nokot maa kunna gjerast. Eg hev sjeldan leset nokot, som hev voret so hyggjelegt og styrkjande og rikt paa Voner som det Bjørnson skreiv for ei Tid sidan um dei amerikanske Arbeidararne. I Amerika, iallfall paa sume Stader, er dei altso komne so langt, at Arbeidararne kann liva som Folk, bu som Folk, klæda seg som Folk, og kjenna seg som Folk i alle Maatar, so dei endaa hev Raad til aa lesa. Dette maa med god Vilje og aalvorlegt Stræv kunna gjenomførast andre Stader med. Dei kultiverade Samfundi maa kunna naa so vidt, at alle dei, som vil og kann arbeida, maa kunna liva paa Folkevis av Arbeidet sitt; Fatikhjelp vil daa berre slike faa, som ikkje kann arbeida, og det vert aldri etter Maaten fleire, enn at dei kann faa skikkeleg Hjelp.
           
Aa naa dette Maalet vil ikkje verta lett; Rikmennerne og Skam aa segja det Prestarne og heile det gamle Veldet sett seg imot. Arbeidararne sjølv maa altso taka seg paa Tak og hjelpa til. Det er dette, den liberale Politikken no vil setja dei istand til, baade ved aa gjeva dei meir Upplysning og ved etterkvart aa gjeva dei full Borgarrett, so dei kann faa gjera sine Meiningar gjeldande. Naar den liberale Politikken arbeider fram imot dette, so er det ein so god Gjerning, at ingen Prest kann fordøma det, og den liberale Politikken vert ved dette mange Gonger meir kristeleg enn heile Heuchs Statsteologi.                
 
G.