"Magtfordelingi."

 (Politisk Tale av Baglerbispen.)
 
Ingen skal vera sterk; det er den store Grunntanken i mitt politiske perpetuum mobile. Ingen skal vera sterke! Difor maa Magti delast.
           
Perpetuum mobile! Evigt Stræv, men likevæl evig Stilstand . . . det er den same politiske Kunst og det einaste, som eg likar.
           
Difor maa det vera tvo Magter i Landet, og dei maa vera jamnsterke og arbeida kvar for seg, og beint imot kvarandre. Kong Haakon paa den eine Sida, Hertug Skule paa den andre . . . like sterke, jamngode og i æveleg, æveleg Strid.
           
Skulde nokon av dei vera sterk? Skulde dei semja seg og arbeida i Lag og verta sterke baae tvo? Aldri! For daa vilde Landet veksa og gjera Framgang; store, gode, minneverdige Verk vilde gjerast, og daa . . . daa vilde Folk som eg koma burt og gløymast. Nei! -
           
- Eg vart ikkje sterk; eg vart ikkje Førar. Ingen skal vera sterk; ingen skal vera Førar! Meg vilde Folket ikkje fylgja; min Veg vilde det ikkje gaa. So skal det ingen fylgja, og ingen Veg skal det koma. Rikslivet skal skapast um til ein Maskin; med Lodd og Lyftestenger skal det haldast i jamn Gang, men ingen Veg føra; evigt Stræv, evig Stilstand.
           
Skulde ein hava Magti? Daa veit me, kven det vart. I denne Tidi er det Folket, som hev Suveræniteten . . . Folket! So skulde kanskje kvar dugeleg Mann kunna arbeida seg upp og faa Magt; kvar Mann med politisk Vit skulde kunna faa Innverknad paa Riksens Liv; Folk, som ikkje var fødde til Hovdingar, Folk, som ikkje eingong hadde eit høgt Embætte, vanlege Kvardags-Menn, Bønder, Klokkarar, Sakførarar, kven som helst, skulde kunna faa noko aa segja i Staten, - berre dei hadde Dugleik og Vit, berre dei hadde denne Gaava til aa samla Folket um seg, denne Gaava til aa forstaa og vera Talsmenn for Folketankarne og Tidskravi -! Aldri. Aldri! Eg kunde ikkje arbeida meg upp til Førar, endaa eg var baade ætthøg og embættsstor; - so skal dei andre og sleppa.
           
Ingen skal hava Suveræniteten. Det skal vera tvo Statsmagter, og dei skal vera like sterke, og ro Baaten kvar til sin Kant. Det, den eine byggjer upp, skal den andre riva ned; det den eine vil, skal den andre setja seg imot; evigt Stræv, evig Stilstand, - perpetuum mobile!
           
Dei tvo Statsmagterne skal sitja Ands Andlit og ro og ro av all Magt, kvar til sin Kant. Vinn den eine Baaten yver til si Sida, skal den andre strakst draga han tilbake. Dei skal stræva, so Sveitten silar, kava og slita, so Baaten mest gjeng av, sputta i Nævarne, skjellast og smaabanna og vera rivande galne, - men ingen Veg koma. Slita seg upp til ingen Ting! Daa vert det Moro aa liva for Folk som meg. Ja daa vert det Moro aa liva!
           
Magtfordelingi er Grunntanken i min Politikk; Magtfordelingi er Drivkrafti i perpetuum mobile. Den maa me aldri sleppa! Samarbeid millom
Statsmagterne er det verste me kann faa: for daa veks Landet og me vert smaae, - me, som so gjerne vilde vera Førarar, naar me berre kunde.
           
Leve Magtfordelingi! Ned med Folkesuveræniteten!
 
§ 82 i Grunnlogi lyder so:
Kongens Sanktion udfordres ikke til de Storthingets Beslutninger, hvorved:
a)      det erklærer sig samlet som Storthing efter Konstitutionen;
b)      det bestemmer sit indvortes Politi;
c)      det antager eller forkaster de tilstedeværende Medlemmers Fuldmagter;
d)      det antager eller forkaster Kjendelser om Valgstridigheder;
e)      det naturaliserer fremmede;
f)        og endelig til den Beslutning, hvorved Odelsthinget sætter Statsraader eller andre under Tiltale.
 
           
Det er denne Paragrafen, som i denne Tid er Grunnsteinen for Læra um det absolute Veto. §82 er Kjernepunktet i denne Sag, saa det er paa dens rette Forstaaelse, at det hele Spørgsmaal beror, sagde Professor Aschehoug i Veto-Debatten den 7de Juni 1880.
           
Prof. Aschehoug og hans Menn segjer som so: § 82 nemner dei Tilfelli, at Kongen ikkje hev Sanktionsrett; i alle andre Tilfelle hev han, Kongen, altso Sanktionsrett. Og dermed hev han Sanktionsrett i Grunnlogspursmaal og, for dei er helder ikkje nemnde i § 82.
           
Dersom det ikkje var so, segjer Aschehoug, so vilde Paragrafen vera meiningslaus, Dessutan er der eit lite Ord i Slutten av Paragrafen, som ein skal leggja serleg Merke til. Det er Ordet endelig. Og endelig til den Beslutning -, stend det. Det vil segja: her er alle dei Tilfelli nemnde, der Kongen ikkje hev Veto. Det finst ikkje fleire Tilfelle, der Kongen skulde vera vetolaus. Altso hev han Veto i Grunnlogsaker. Det er so greidt som um det stod med reine Ord.
           
 
No hev Storthinget mange andre Forretningar enn dei, som er nemnde i § 82. Etter § 75 tilkjem det Storthinget:
a) at give og ophæve Love; at paalægge Skatter, Afgifter, Told og andre offentlige Byrder - :
b) at aabne Laan paa Rigets Kredit;
c) at føre Opsyn over Rigets Pengevæsen;
d) at bevilge de til Statsudgifterne fornødne Pengesummer;
e) at bestemme, hvormeget aarlig skal udbetales Kongen og Vicekongen til deres Hofstat og at fastsætte den kgl. Families Appanage -;
f)                   og forelægge (Regjeringens Protokoller);
g) at lade sig meddele de Forbund og Traktater, Kongen paa Statens Vegne har indgaaet med fremmede Magter - ;
h) at kunne fordre Enhver til at møde for sig i Statssager - ;
i) at revidere midlertidige Gage- og Pensionslister -;
k) at udnævne fem (Stats-) Revisorer -;
l) at naturalisere fremmede.
           
Og etter § 112 tilkjem det Storthinget aa vedtaka Forandringar i Grunnlogi.
           
Etter Aschehoug hev altso Kongen Veto til alle desse Storthingsavgjerderne, so nær som til Litra 1, fordi det er nemnt i § 82.
           
 
Dei, som ikkje trur paa Prof. Aschehoug, hev derimet forklarat § 82 paa ein annan Maate.
           
Dei hev sagt:
           
Kongen hev ikkje Veto i andre Tilfelle enn i dei, der Grunnlogi segjer, at han hev Veto, d. v. s. i Logsaker.
           
Men no kunde det vera ymse Ting, som Ein kunde vera i Tvil um skulde reknast med til Logsaker elder ikkje. T. D. dei Avgjerderne, som Thinget vedtek um sitt innvortes Politi o. a. For no aa hindra, at det skulde kunna uppkoma slik Tvil um Kongens Sanktionsrett i sovorne Tilfelle, so skreiv Eidsvollsmennerne § 82.
           
§ 82 segjer ikkje, at Kongen hev Sanktionsrett i alle dei Tilfelle, som ikkje der er nemnde, men § 82 segjer berre det, at Grunnlogstiftararne hev funnet dei der nemnde Tilfelli aa vera av eit sovoret Slag, at det var tryggast og best aa hava dei serskilt og endefram nemnde, for at det ikkje skulde kunna uppkoma nokon Tvil um, kva Meiningi var um dei.
           
Det finst andre Tilfelle, der Kongen ikkje hev Veto. Men dei Tilfelle fann Eidsvollsmennerne so klaare og sjølvsagde, so ophøiede over Tvil, at det vilde vera meiningslaust aa segja nokot serskilt um dei; - Ein skreiv daa ikkje Grunnlog for galne Folk helder.
           
- So hev Aschehougs Motstandarar meint. Men Aschehougsflokken hev funnet, at den Meiningi var gali. Ein Mann som Aschehoug visste nok kva han sagde. Ein Autoritet som Aschehoug -! Hr. Emil Lie hev endaa trutt so barnlegt fast paa Aschehoug, at han her ein Gong skreiv i Budstikken, at det absolute Veto stod med reine Ord i § 82.
 
 
I 1815 hadde Norig sitt fyrste ordentlege Storthing. Der sat fleire av Eidsvollsmennerne; og det var so nære etter 1814, at Tenkjemaaten fraa daa endaa ikkje var gløymd.
           
Det var ein Prest, Bonnevie, som hadde funnet, at § 82 ikkje var tydeleg nok. Naar Folk las § 82, sagde han, kunde dei gjerna finna paa aa tru, at Meiningi var, at Kongen hadde Veto i alle dei Tilfelle, som ikkje var nemnde i denne Paragrafen! Han foreslog difor, at § 82 skulde faa eit Tilleg, som greidt og klaart sagde, at dei Forretningarne som Storthinget hev etter § 75, Litr. c-d, helder ikkje treng kongeleg Sanktion.
           
Dette Forslaget vart granskat av den 7de Komite (no Konstitutionskomiteen); der sat Menn som Eidsvollsmennerne Falsen og Christie.
           
Denne Komiteen skriv um denne Sak i Innstillingi si (Sth. Forh. 1815- 16, No. 12, S. 330 flg.):
           
Omendskjønt man, saaledes som Herr Pastor Bonnevie i sine Bemerknigner ved denne § synes at mene, kan antage at denne § ei har villet benævne andre af Storthingets Beslutninger som undtagne fra at behøve kongelig Sanktion end de, hvorom der kunde være virkelig Uvished, saa maa dog tilstaaes, at for enhver, der ikke formaar eller ikke har Leilighed til des nøiere at indstudere sig i Grundlovens Aand, kan der opstaa Tvil derved, at af de i § 73 (75) opregnede Storthingets Forretninger kun en eneste i nærværende § 82 staar udtrykkelig anført som ikke at behøve kongelig Sanktion. Man ledes nemlig lettelig til deraf at slutte saaledes:
Dersom kun denne ene er anført som Undtagelse, saa gjælder det som Regel for alle de øvrige, at de behøve kongelig Sanktion. - - Det sagte viser imidlertid, at det ei alene vil være ønskeligt, men fast nødvendigt, at Grundloven i denne Henseende faar en større Bestemthed.
 
Komiteen gjeng no igjenom heile § 75 og finn, at Kongen ikkje kann hava Veto til Litr. d-e, daa det vilde vera aldeles uden Hensigt, og at det er ophøiet over al Tvil (det stend so!), at Kongen ikkje hev Vetorett til Litr. c, f, g, h og k, og at han helder ikkje kann hava Sanktionsrett til Litra i.
           
Det viser sig saaledes, skriv Komiteen vidare, at af alle disse Poster er der ingen, hvorom det ved nøiere Overveielse kunde blive grundet Tvil hvad enten kongelig Sanktion dertil udfordres eller ikke, undtagen Litra l -.
           
- Og det er berre dei Tilfelle, som det kann vera Tvil um, som skulde staa i § 82!
           
Men, meiner Komiteen, daa det nok kunde henda, at Folk, som ikke formaa eller ikke have Leilighed til des nøiere at instudere sig i Grundlovens Aand, kunde koma til aa tvila um Ting, som i seg sjølv ikkje var tvilsame, - so fyreslær Komiteen eit Tillegg til § 82 soleids:
           
Fremdeles udfordres ikke kongelig Sanktion til Udførelsen af noget af de Foretagender, som ere Storthinget overdragne ved denne Grundlovs § 75, Litr. c til k, begge iberegnede.
           
Constitutionskomiteen i 1818 fann, at dette Forslaget var heel besynderligt; naar det var so, at ingen vitug Mann kunde koma i Tvil um kva Grunnlogi meinte, kvi skulde Ein so forandra Grunnlogi? Og Storthinget avgjorde med 74 Røyster mot 1, at § 82 skulde vera som han var.
           
- Ingen vitug Mann, som las Grunnlogi vitugt, kunde daa koma til aa tru, at § 82 skulde innehalda alle dei Tilfelli, der Kongen ikkje hadde Sanktionsrett!
 
           
Etter dette kann § 82 ikkje lenger brukast til Grunnstein for Læra um det absolute Veto.
           
Dei fyrste norske Storthing, og derimillom Menn som Falsen og Christie, hev fortolkat § 82 paa ein heilt annan Maate enn Prof. Aschehoug; og Ein fær væl tru meir paa dei enn paa denne.
           
Deira Fortolkning er den same, som dei liberale altid hev haldet fram. Me tenkjer den stend.
 
           
Dette maa vera leidt for Veto-Folket. Men verst maa det vera for ein Autoritet som Aschehoug aa faa høyra Menn som Falsen og Christie døma han som ein av dei, som ikke formaa at indstudere sig i Grundlovens Aand! -
           
Me fæler for, at der nok snart er lite att av Aschehougs Autoritet no.