Fraa Vinje.

(Brevsending).
           
Ei av dei Sakerne, som no i eit halvt Aars Tid hev voret mest uppe her er eit paatenkt Veg- Brøyte millom Bandakvatnet (Dalen) og Haukelidvegen. Haken ved Saki for oss er, at Mo Gjeld med Nebb og Klo vil hava denne Vegen gjenom sine Bygder. Det hev og heppast for Moingarne aa faa Vegdirektionen paa si Sida, daa den er ymse tusund Kr. billegare enn Vinjelina. Her er mykje Tudder um dette, og me tykkjer me lid fælt Urett. Me hev berre att ei Von no: at Storthinget vil retta paa Saki.
 
           
Ifjor Vaar var det at den Tanken kom upp, at det hadde voret gjildt fengjet i Gang ein Husflits- elder Industriskule. Her er mange som hev Hovud og Handeferd til nokot av kvart, men dei hev ingen til aa læra seg, annat dei maa baska berre for seg sjølve, og so vert det ikkje meir av. Ein misser tilslutt Hugen til Arbeidet, naar Ein ikkje fær det vitskeleg til. Me tenkte daa, at ein Skule kunde bøta mykje paa dette. Der kunde dei, som vilde, faa Tilføre til aa læra ymist Smaa-Arbeid, som kunde vera til god Hjelp i tronge Tider. Det høvde seg so godt, at den vidgjetne Treskjeraren vaar, Asbjørn Hylland, baud seg til aa vera Lærar det fyrste Aaret. Dette gav Mod. Det kom ein Subskription i Gang, og til Nyar var det teiknat so mykje, at dei vaagad seg til aa byrja. Det gjekk smaatt fraa fyrsto. Fyrste Dagen var der 2, andre Dagen 3 Lærlingar; men so voks det etter kvart, og no er der so mange, at det knapt er Rom for dei, 15-16 Stykkje. Det var visst vandt aa finna betre Lærar enn Asbjørn Hylland.
Han er no for det fyrste den beste Treskjeraren i Landet; derattaat er han og ein ypparleg Teiknar, Snidkar, Blekkslagar og Skomakar.
           
Det var Tanken aa taka til Skulefag: Treskjering, Blekkarbeid, smaatt Snidkararbeid og Svarving; men det vert mest drivet paa med Treskjering, Teikning og Blekkslagning. Der vert gjort rett gode Framstig. Ein av Lærlingarne gjer no t. D. paa eit utskoret Syskrin, som Læraren meiner skal verta verdt 30-40 Kr. Some betalar litt Skulepengar, men mange hev Friplass.
           
Ullmanns Folkehøgskule i Seljord hev og voret godt søkt ifraa Vinje. Her er og andre Merkje til, at Folket vil fram. Me hev ei Boksamling paa 7-800 Bind, som vert mykje brukat og i seinare Tid hev her jamleg voret Diskussionsmøte til Dryfting av baade politiske og sociale Spursmaal. Kvar Fjortandags Dag møter me hjaa den gilde og folkekjære Presten vaar, V. Poulsen. Han les upp eit Stykkje av Folkelege Grunntankar, som me daa sidan samtalar um. Der møter Menn av Høgrepartiet og.
           
Ein av desse meinte no sist, me hadde Møte, at det var mykje godt og i denne Striden millom Statsmagterne. Han vilde likna dei med dei hollandske Kanalbaatarne, der dei maatte ganga paa kvaare Sida av Kanalen med eit Tog, som var fest i Skipet, for aa halda det midt i Straumen. Ja, so paa Lag burde det væl vera! Men me andre synest no som so, at det ytarste Høgre nok helst vil faa heile Statsskipet yver paa si Sida, like godt anten det so kjem upp i Strandsteinarne hell ikkje.
                                               
L.