Godt gjort!

Eit politiskt Eventyr.
           
Dei vise i Landet hadde Hugverk. Og Klokingarne i Thinget gjekk um med bleike Aasyn og klembde Bringur. Den, som kunde sleppa ifraa Striden! sukkad dei stillt. Den, som kunde hava Fred og Solskin som i gamle Dagar!
           
Men digre Skyer og tunge Bakkar stod paa den politiske Himmelen. Og alle Spaamenn sagde, at det vart Uver. Dei gode Dagarne var slut. Og Folket, som kjende paa seg, at Tidi var aalvorleg, og at mykje stod paa Kast, samlad seg ikring Thinget og kravde, at det skulde halda seg sterkt og ikkje fira. Det var surt for dei kloke og moderate i Thinget.
           
Daa kom det som ei lett, mild Kviskring, ei Kviskring i Lufti-: Veret vender seg!
           
Alle dei kloke i Thinget gjorde lange Øyro og stod og lydde med Anden i Halsen. Veret vender seg -?
           
Ja. Veret vender seg.
           
Lat oss faa høyra meir um dette! bad dei moderate.
           
Ja, svarad det; Regjeringi gjev seg. Ho forstend, at dette gjeng ikkje. Mot eit so sterkt og samheldigt Thing . . .
           
Kva vil ho gjera? spurde dei moderate.
           
Kongen kjem! kviskrad det. Han vil raadleggja med Præsidentarne . . . Krunprinsen tek han med seg og vil gjera til norsk Vicekonge . . . Og for aa gjera Vicekongen folkekjær, vil han umgjeva denne med eit Forsoningsministerium . . . Selmer er trøytt; han gjeng av.
           
Daa dei moderate høyrde dette, lo dei yver alt Andlitet og vart overlag lette um Bringa. Og dei fortalde ti alle det Gledebodet, dei hadde høyrt. Og dei fleste trudde og vart glade.Kven skulde tenkt det! sagde dei til kvarandre. Og dei vart blide og hjartemilde og aat saman og drakk saman og gledde seg til dei gode Dagarne, som skulde koma, dei gode, fredelege Dagarne utan Strid og utan Politikk. Likevæl var det some, som drog seg ifraa og ikkje trudde paa det nye Gledebodet; men det var berre dei radikale; og dei vart i avgjort Faatal.
           
Men hyss -! sagde dei moderate til dei andre.
           
Ja hyss -! sagde dei andre.
           
No maa me vera snilde! sagde dei moderate.
           
Ja, no maa me vera snilde! sagde dei andre.
           
Ikkje eit hardt Ord! sagde dei moderate.
           
Nei, ikkje eit strengt Ord! sagde dei andre.
           
Og ikkje ei einaste Budgetnegting! sagde dei moderate.
           
Hm -! sagde dei andre. Ikkje ei einaste Budgetnegting! - Me maa visa oss rimelege; gjer me ikkje det, so kann det gleppa for oss!
           
Men spara litt vilde me daa gjerna!
           
Lat gaa; knip inn litt her og der, som de hev gjort fyrr; men ikkje nokot, som ser ut som Politikk!
           
Nei; ikkje nokot, som ser ut som Politikk!
           
- Og so fekk dei moderate Fleirtal i Thinget.
           
Og Thinget gjekk til Budgettet. Fyrste Post: Kongeløni. Hyss-ss! sagde dei moderate; hyss-ss! sagde dei andre. Og Kongen fekk alt det han vilde hava.
           
Dei kom til Taffelpengarne. Hyss - ! sagde dei moderate; hyss! sagde dei andre! og Minister Selmer fekk alt det han vilde hava.
           
Dei kom til dei nye Embætti. Dei kom til Stangs Pension. Dei kom til det eine, og dei kom til det andre. Og Regjeringi fekk mest alt det ho hadde kravt. Tilslutt kom dei til dei kongelege Kommissionarne. Og dei kongelege Kommissionarne fekk sitt. Men allersist kom dei til Militærkommissionen. Hyss - -! sagde dei moderate. Hm - - ! sagde dei andre. Hyss -! sagde dei andre. Og den kongelege Militærkommissionen fekk sine 8000 Krunur.
           
- So var dei ferdige med Budgettet. Og som det gjekk med det, gjekk det og med det meste av det andre, som Regjeringi hadde gjort Forslag um.
           
Daa gneid dei moderate seg i Henderne og var sjæleglade. No gjeng det so pent og stillt! sagde dei. Det er plent som i gamle Dagar!
           
Men dei andre gjekk ikring og saag flate ut, endaa dei gjorde seg so blide som dei kunde. Og dei sagde til kvarandre og trøystad kvarandre: - no hev me voret so snilde og moderate; no maa det væl jamna seg! - Ja, no jamnar det seg nok! lo det gjenom Lufti.
           
Men kor er Vicekongen? spurde dei og saag seg ikring.
           
Vicekongen? Aa, han kjem nok!
           
Og kor er det nye Ministeriet?
           
- Aa, det kjem væl! Hev det slik Hast?
           
Ja, - for no hev me gjort vaart!
           
Ja det er snildt av Dykk.
           
Og so ventar me, at me fær det, som var lovat?
           
Med Tidi, med Tidi, gode Venner, - med Tidi! - -
 
           
Men Tidi vart lang, og det kom ingen Vicekonge. Og det gamle Ministeriet sat og tok det rolegt liksom fyrr. Folket glodde og undrast . . . og dei moderate og dei kloke vart meir og meir lange i Andlitet. Men dei gamle Riksraadarne lo med seg sjølv og sagde: Dette var godt gjort. Og den øvste av dei lagde til: Væl er me dumme sjølve; men so lengje andre er endaa dummare, so skal me klara oss utrulegt.
           
- Ja, slik er det aa tru paa Kviskring i Lufti, sagde dei radikale.