Kongen kom

til Kristiania Onsdag den 16de Kl. 11 F. M. -
           
Storthinget hadde Møte same Dagen Kl. 12 F. M. Fram vart lagt mill. A.
1. Forslag fraa S Jaabæk. L. M. Bentsen, P. Rinde, H. Øverland. M. Ueland, E. Reierson og T. Jørstad um, at Kongeløni skal setjast ned fraa 336,000 Kr. til 256,000 Kr.
2. Forslag fraa dei same um, at Taffelpengarne til Statsministeren skal inndragast.
3. Forslag fraa Joh. Sverdrup um Pension til Kaptein Jakobsen og Lensmand Welde.
4. Forslag fraa Joh. Sverdrup og Rektor Steen um Forandring i Storthings-Reglementet (vedkjem Innkalling av Ministrarne),
5. Forslag fraa Joh. Sverdrup um ein Professorpost i Norsk (for Stipendiat H. Ross.)
6. Søknad fraa Det norske Samlag (ved H. E. Berner) um eit Tilskot av 1000 Kr. til Pastor J. Belsheim for aa taka til med ei Umskrift av Bibelen.
7. Søknad fraa Liljedahl (etter Uppmaning av eit Folkemøte i Sunnfjor) um Pengar til ei Godtkjøpsutgaava av Norigs Soga.
8. Søknad fraa O. J. Høyem (ved L. M . Bentsen) um Tilskot til Tidsskriftet På bondebarnets bokmål.
9. Forslag fraa Jak. Svedrup um Tilskot av 1200 Kr. til Aage Skavlan til Fullføring av eit Verk um Norge i 1814.
10. Forslag fraa L. Smitt um Tilføre for Kvinnur til aa taka Doktereksamen.
11. Søknad fraa Jon Lie (ved Tharaldsen) um Hjelp til aa halda fram med sitt Forfattararbeid.
           
- Odelsthinget heldt deretter Møte.
Framlagt vart mill. A:
1. Forslag fraa Joh. Sverdrup og 45 andre um Jury (Folkedomstolar, Rettsmenn.)
2. Forslag fraa Erik Vullum (ved Øverland og Welde) um Brigde i Logi um Statsraadsandsvar (gjeng ut paa strengare Reglar.)
3. Forslag fraa Saxe og Schjørn um Løysning av Konfirmationstvangi.
- Det var ei staut Liste!
 
           
So vart Regjeringsforslaget um Repartitionsskatten teket upp til Forhandling.
           
Regjeringi foreslog, at Thinget skulde vedtaka eit Tillegg til Skattelogi fraa ifjor, um at Repartitionssystemet skulde takast upp jamsides med Procentsystemet.
           
Præsidenten, J. Steen, foreslog som Præsident, at Forslaget skulde sendast til Budgetkomiteen 1) . Skrivar Thomesen sagde: Det var ¾ Aar sidan at Skattesaki var fyre. Storthinget vedtok den Gongen ei Procentskattelog og forkastad Regjeringsforslaget um Repartitionsskatt. Regjeringi gav daa sitt Samtykkje til Procentskatten. Og no set ho atter fram eit Forslag um det, som den Gongen vart forkastat, endaa Storthinget er det same som daa, og endaa det ikkje er komet det ringaste nye til. Regjeringi maatte difor aaleine hava den Meiningi aa bjoda Thinget paa yrkjelaust Arbeid. Han kunde helder ikkje finna annat, enn at Regjeringi ved dette Forslaget hadde vist mindre Vyrdnad mot Thinget enn rett og rimelegt var. Han foreslog: Sagen henlægges. Roll fann, at dette var ein uvanleg Framgangsmaate, helst naar det galdt ein kongeleg Proposition. Thomesen svarad at i 1836 foor dei fram paa same Maaten mot ein heil Haug av kongelege Forslag. Reinhardt heldt med Roll: det var ein altfor uvanleg Framgangsmaate. S. Nielsen svarad dertil, at det var sannt; men den Framgangsmaaten, Regjeringi hadde brukt, var og uvanleg. Regjeringsforslaget vart deretter burtlagt med 49 mot 34 Røyster. Millom dei 49 var: Jakob Sverdrup og Kaptein Gregersen.
           
 
Det var ein staut Dag.
           
Ein fær segja, at Thinget hev byrjat godt. Og det vil ikkje segja so litet.
           
Høgre er reint forstøkkt. Dei tek til aa fæla fyre, at Thinget kann verta sterkare enn dei hev tenkt.
 
1) Presidenten lyt altid etter Skikk og Bruk i Thinget skaffa eit Voterings- thema.