[Det som eg fer galet i...]

Det som eg fer galet i, er væl, at eg ikkje gjeng so djupt i Saki, som desse Teologarne, eg tek det meir beintfram elder meir utvortes, som J. segjer. Men eg held no paa mitt like væl eg, og det skal ingen narra meg med heilagt Snakk um det menneskelige Hjerte.
           
Mi Meining er den:
           
Naar du ser ein Mann, som ligg og vil svelta ihel, og du so gjev deg til aa halda Preikur for han um Hjarttat hans, istadenfor aa hjelpa han, so fer du hjartelaust og uforsvarlegt aat. Det nyttar ikkje aa taka det paa den Maaten med Armodsdomen. Fyrst fær Ein hjelpa dei stakkars Naudlidande nokonlunde tilrettes, so det liksom vert Folk av dei, og so ja, so kann Ein tala med dei um kva Ein helst vil, gjerna um Hjartat med, um Ein so synest.
           
Hr. J. og Hr. Heuch talar um, at det politiske Fridomsarbeidet ikkje gjer Folk salige. Kven i Guds vide Verd hev tenkt elder drøymt um slikt? Eg kjenner iallfall ingen, som hev innbillt seg, at Folk kunde verta salige ved liberal Politikk elder ved liberal-politiske Umbøter. Men det er mangt, som lyt gjerast i denne Verdi, um det ikkje nettupp ber so høgt paa Leid.
           
- Eg hev ikkje tenkt paa Kristus og hans Moral, daa eg talad um den Lygnarlæra, som dei Rike og Hoffprestarne deira hev funnet paa. Kristi Moral var ein annan enn den, som sidan hev komet upp. Kristus sagde til den Rike: Sel alt det du hev, og gjev det til dei fatike; men so segjer ikkje det kristne Samfundet no. Fylgde dei Kristne Kristi Moral so vilde Verdi sjaa annarleis ut, enn ho no gjerer.                             
 
G.