[Morgedal. (Brev.)]

Morgedal. (Brev). Torsdagen 3de februar hadde smågutanne her i krinsen eit lite skjirenn på Haugji. Some av dei hadde so plent agta seg til Kristiania på skjirennet der; men so fekk dei den bodi, at der turvte ikkje smågutar melde seg, og so laut dei sita heime, endå det fall nok helder tungt. Skjiklubben meinar det nok vel med smågutanne, når han negtar dei vera med: han vil ikkje lata dei til dei unge, mjå lemir kunna taka skade. Men eg fæler klubben er litt på villstrå, når han meinar han hjelper skjiidtrotten her i landet best fram ved slike vaksenmanns-renn, som han no hev bejynda med. Dei er nok ikkje utan verd, slike øvingar hell, langt ifrå: men skal skjiløypingi fremjast, so det bli noko til munars, so tenkjer eg gutanne lyt hente fram veterhestanne sine litt fyre dei er i 17-årsaldren. Inkje hell trur eg det er so mykje mindre farlegt fyre bein og bonur i den meir tilkomne alderen. Skal det noko vera, so kanskje me snarare vil hava set småguten bergje seg igjenom på låmir og løype bort i reinar og røysar og haugar og haddir og andre farlege stader, der den vaksne mangei Herrens gong hev fare sine verste rusuferdir. Nei, ein fær gjera svingjen i båneåri, heiter det; seinare vert det ingjen. Den vesle kann mykje lida; den vaksne vil altid kvida. Men skjiskule, skjirenn fyr berre vaksne! Ingjen mors sjæl kann utav slike ubekvemme materier vente seg anna enn mjøltråvarar og vanlege skjussmerrir. Ikkje kjenner me i Telemarkji nokon regtig god skjiløypar, utan han heve øvt seg i konsti frå bån av.
           
- Smågutanne våre fekk då som sagt halde seg til sine eigne bakkar og eigne premiar. Men var premianne små, so skal ingjen segja bakkanne var det. Veret var regtignok noko tykkt, og føre hell ikkje av det alle fljotaste, so dei hoppa ikkje so langt som dei kanskje ellest kunne hava gjort; det var so imillom 15 a 25 alner, trur eg; men av gutar i 10 til 14-årsaldren kann ein ikkje so mykje meir vente. Må dei aka med heilo, vil det nok med tidi syne seg, dei ikkje er stolne otor ætti.
           
Av gutanne, som var ivi 12 år, var dessi dei beste: Svein O. Sollid, Hallvard Bj. Brekke, Hallvard T. Hemmestveit, Olav A. Bergland, Kjetil H. Hauganne og Torgeir H. Hauganne. Under 12 år: Hallvard H. Hauganne, Olav Bj. Brekke, Hallvard O. Gjersund, Olav S. Bygland, Åmund S. Norheim, Olav Sv. Runninganne og Steinar H. Bakkjen.
           
Mange av bygdis unge, spræke gjentur hadde og sama dagjen møtt fram på sine skji, og det var bisnelegt kor utefrå godt dei greidde seg i den hengjande bratte slalåmi. Men det skal mange stader vera liksom ei skåm fyr kvinfolkje å syne seg på skji, sjølv om so konsti fyr dei tusen tilfelle er likeso naudturveleg som for karanne. At do Kristianiadamur og Kjøpenhavnerinnur skulde i dette stykkje måtte ganga Telegjentunn fyre med eksemple!
           
11/ 2 81.                          
 
X.