[Um Armodsdomen og Moralen...]

Um Armodsdomen og Moralen heve G. skrevet eit Stykkje i Fedrh. No 7 som eg tykkjer er misteket i sume Maatar.
           
Prest Heuch hadde haldet nokre Fyredrag um Vantrui, i det siste talad han innpaa um Politiken, og sagde at Liberalismen i Tii vaar hadde Upphavet sitt i Vantrui, fordi den i Grunnen var Religion, ikkje Politik, med di den vilde gjera Menneskji sæle, istadenfor den kristelege Sælgjeringi ved Religionen. Dei neiste Kristendomen, at han var imot ytre Forbettringar, men han var ikkje det; nei Saki var so, at Kristendomen maatte negte paa det skarpaste, at Menneskji kunde verta salige ved sovorne Framstig, for Mannahjartat vart ikkje betre, um Ein budde i luftgoe Rum, hell um Ein helt seg i daarlege Hyttur.
           
Eg tykkjer det er full sannt Mangt av det, som G. segjer um Armodsdomen, at det er gjort reint for litet for aa jamna og letta den, og eg trur au, at vondt Vilkor gjer Mannen vond, ja i utvortes Maate daa. Men eg skynar ikkje kvi han lyser Skamm og strenge Ord yver Presten Heuch nettupp, for detta. For eg skynar ikkje at det gjeng paa det same det G. segjer og desse Ordi av Presten, at Mannahjartat vert det same, anten Ein bur i gode hell kleine Hus. G. segjer han veit ikkje plent kva Heuch meiner, men det spyrst det ikkje um helder, segjer han; jau det tykkjer eg daa det fyrst og fremst spyrst um. Og det fell greidt av Samanhengjet, at det er ikkje Hjelp til Saligheit i slike utvortes Ting, at Ein ikkje vert betre for Gud ved det. Han talar som Kristen og det berre um det personlege Kristenkraet, han nemner korkje det kristelege Samfundskravet hell Statskravet. Men G. talar berre um den utvortes Skikkelegheiti, og ikkje um Rettferd for Gud, han talar berre um Samfundskrave og ikkje um det personlege, han talar um Statsmannen (so fatar eg det); men eg tykkjer Statsmannen gjeng utum seg sjølv og innpaa det kristelege. Naar han talar um den Læra, at Armodsdomen skal vera betre for Moralen enn Rikdomen, som han meiner er ei faarleg Lygn, so tenkte eg helst at det var meint paa den kristelege Moralen, men so segjer han, at det er dei Rike og deira Hofprestar, som hev funnet paa den Læra; dette forviller meg. For var det det Kristelege, so veit eg Ingen, som hev sagt det so klaart som Kristus sjølv, at det er vanskeleg for ein Rik aa koma inn i Himerike, og den som er rik, han maa au vera som um han var fatik for aa koma til honom. Men Kristus var visst ikkje anten rik, hell han var Hofprest for nokon Rik, og daa skynar eg ikkje plent, kva G. meiner.
           
Men so sidan - Samfundsskaden sviv honom saart for Augat, han tenkjer berre paa den. Det er ikkje Hjarta, det spyrsst um her; det er Mat og Klæde og Folkevyrdnad, det er Retten, so kann me altid sidan granska, korleids det stend til med det menneskelige Hjerte, segjer han. Der er det som Statsmannen løyp reint av med honom. Skulde Ein gøyme Hjartaforholdet til Sluten, kor meiner du det vart av Moralen daa? Eg trur Baanet døyde fyrr Kornet vart mogjet. Kor skulde den Fatike taka Motstandskrafti fraa daa? Det gamle Ordet, at det hjelp ikkje eit Menneskje um han vann heile Verdi, fyst han tok Skade paa Sjæli si, det held eg paa um veljast skulde.
                                               
J.