[Storthinget...]

Storthinget hev gjenge igjenom Universitetsbudsjettet. Det var ikkje so stort det var ulike Meiningar om. Yngvar Nielsen vilde hava 1000 Krunor omfram det vanlege til den ethnografiske Samlingi til aa kaupa inn Klædebunadar for fraa Landet: men Fleirtalet i Nemndi vilde ikkje ganga inn paa det. Essendrop sette fram Forslag om Bevilging i Tinget. Rinde totte det var rart, at dei skulde lika so godt Klædi fraa Landsbygdi, naar dei ikkje brydde seg om Tankarne som kom derifraa. Han meinte au det, at det kunde vera forvitnelegt aa kaupa Klædebunadar fraa Byarne og konservera deim. Forslaget fall med 58 R. mot 49.
           
Til Seminariarne heve Tinget bevilga mest som vanleg. Det vilde ikkje ganga inn paa aa gjera Læretidi 3aarleg. Joh. Sverdrup sagde at dermed vilde dei ovanifraa sjaa til aa faa dana Lærararne til aa hava ei einaste Meining, so dei kunde lita paa deim. Det var ikkje godt at Lærararne tok imot all Lærdomen sin paa Seminariarne: ein borde ikkje minska Konkurrensen. Ein kjem ingen Veg med eit Styre, som held alt likt og jamnt og ikkje let den gode Givnad koma fram.
           
Der er ogsaa bevilga til Amtsskular, Folkehøgskular, Kveldskular o. m., men ikkje noko til Utdanings-Kursus for Lærarar er det noko att fraa det som fyrr er bevilga til slike, so kann Skulestyret taka det.
           
Det er bevilga Pensionar til Prestar og Preste-Enkjor.
           
Løni til Ivar Aasen vart sett til 3000 Kr. om Aaret fyrr var ho 2400.