Diktarbøn.

Til deg, du strenge Songmøy,
av Naudi eg ropar og bed.
Det er daa du, som eingong
hev gjort meg til Versesmed.
 
Ja høyr meg! for det er du, som
til Versesmed hev meg gjort.
Og alle dei andre Gudar,
- dei vyrder meg inkje stort.
 
Dei andre store Gudar,
dei lær aat mi Diktarsut.
Høyr meg, du strenge Songmøy!
eg er daa din eigen Gut.
 
Høyr meg, naar Tankarne trøytnar,
og Ordi flyt seigt som Lim.
Send meg daa Syner fagre,
og. . . send meg gode Rim!
 
Ja send meg fagre Syner
og send meg gode Rim!
so Diktet strakst kann strøyma
plent som ein Sildestim!
 
Dei Ordi er vrange og late,
vil nauveleg laga seg.
Aa, lær dei Trolli dansa!
og send dei so hit til meg.
 
Ja lær dei Trolli dansa
paa rette og lette Bein!
No er dei som Gampar tunge
og klumpne som Kampestein.
 
I vers dei tek seg ut som
ein Borgar-Eksersis.
Dei kann ikkje halda Lina
paa nokon Verdsens Vis.
 
Men lær dei du aa marsera
og dansa i Ring og Rad.
daa skal her verta Gaman!
daa skal eg forma Kvad!
 
- Det er mi Bøn, du strenge,
den Bøni, eg heitast bed.
Høyr meg og hjelp meg, du som
hev gjort meg til Versesmed.
 
Høyr meg og hjelp meg, du som
til Versesmed hev meg gjort!
For alle dei andre Gudar,
dei vyrder meg ikkje stort.        
                                   
19.