Utgreidingi um Vetoet

[Del 1 av 6]
 
fraa dei juridiske Professorarne er no framlagd. (Sth. Prop. Nr. 20.)
           
Det er eit nyttigt Verk. I eit halvt Aar hev dei 6 lærdaste Juristarne i Landet arbeidt med at finna ut Grunnar for det absolute Veto, og no legg dei her fram ei Utgreiding paa 42 Sidur (med Tillægs-Afhandlinger 81 Sidur) som ikkje inneheld meir, enn at kvar og ein vil maatta spyrja seg sjølv: er det alt?
           
For Boki inneheld ikkje annat enn det Folk hev visst fyrr.
           
 
Det fyrste, ein legg Merke til i denne Boki er, at etter som der stend, so er det Kongen, som hev funnet paa aa spyrja det juridiske Fakultet um denne Lovtolkingi og dermed gjera det juridiske Fakultet til øvste Lovtolkaren yver Storthinget og dermed innsetja ei ny konstitusjonell Magt, som Grunnloven ikkje veit um. Og Departementet har sluttet sig til denne Anskuelse,
           
Aa ja, - denne Regjeringi kann gjera kva ho vil. Folk ventar ikkje meir av henne.
           
 
No skal me lesa igjenom den lærde Betænkningi; der vil altid vera eit og annat, som er verdt aa leggja Merke til.
           
Kongen i Engeland hev absolut Veto (S. 2); men etter Aaret 1707 hev det aldri vore brukt.
           
Præsidenten i Nordamerika hev Veto til alle Kongressvedtak, - men ikkje annarleids, enn at naar han segjer nei, og Kongressen strakst etter vedtek Avgjerdi paa nytt med 2/ 3 Fleirtal, so er ho Lov.
           
Den franske Konstitusjonen av 3de Septbr. 1791, som er Mynsteret for vaar Grunnlov, hev (i Røyndi, um ikkje i Formi) berre suspensivt Veto. Like eins den spanske av 1812 og den portugisiske av 1822.
           
Præsidentarne i Frankrike og Schweiz hev ikkje nokot Veto. I Grunnlovssaker er alle Præsidentar utan Veto og like eins 1 Konge (umframt den norske!), nemleg Kongen av Grekland.
           
- So skulde dei ikkje segja, at det absolute Veto høyrer plent med til Monarkiets Begrep!
 
           
Dei 6 lærde Juristarne hev ikkje funnet annat aa halda seg til dei helder enn § 82. Men me veit fraa 1815-18, kor det heng ihop med den.
           
Det ser ut til, at dei 6 lærde Herrarne ikkje hev visst um Stortingi i 1815 og 1818. Dei nemner dei iallfall ikkje med eit enaste Ord.
           
Storthinget i 1815 Aaret etter Riksforsamlingi! og Storthinget i 1818 hev klaart og tydeleg sagt: § 82 inneheld dei Tilfelli, som det kunde vera Tvil um, - ikkje meir. Og den, som trur nokot annat, segjer Mennerne fraa 1815-18, han forstend ikkje Grunnloven.
           
Dei 6 juridiske Herrarne ved Høgskulen skulde ha leset den Innstillingi fraa 1815.
           
 
Her skal du faa sjaa Hovudstolen i den lærde Betænkningi um Vetoet; det er plent som du skulde lesa Budstikka og som det skulde vera skrivet av Sakførar M. B. Tvethe.
           
Den Mening at Grundloven kun kjender det suspensive Veto, hviler paa den Misforstaaelse, at det er det ubetingede Veto 1) , som maa være udtrykkelig fastslaaet for at være grundlovshjemlet. Forholdet er tvertimod dette, at, naar først en Sanktionsret maa indrømmes at være anerkjendt i Grundloven, saa er det Indskrænkninger i Sanktionsretten, som maa være udtrykkelig opstillede for at kunne antages. Er ikke Betingelser tilføiede, maa Vetoet være absolut.
           
- Ja det var just det, som skulde sannprovast, høglærde Herrar!
           
Dersom det er so, som Budstikka meiner, at Norigs Grunnlov er ei Gaava av Karl Johan, som han gav oss av sin Naade, etter at han fyrst hadde hærteket Landet paa Grunn av Kielertraktaten, so at han kunde gjera med oss som han vilde, - er det so, - ja daa hev Aschehoug og hans Fylgjesveinar Rett i, at det er Innskrenkningarne i Kongens Ret, som maa vera uttrykkeleg uppsette for aa kunna godtakast. Men er det so, som Nordmennerne hev trutt fraa 1814, at det norske Folket sjølv gav seg sin Grunnlov, og det paa Grunnlag av dei store Setningarne fraa 1789, elder paa Grunnlag av Folkesuveræniteten, - daa vert det nok likevæl so, at det er Innknipingarne i Folkets Rett, som maa vera endefram nemnde for aa kunna godtakast!
           
All Verdens Lærdom hjelper ikkje her. Enden paa Spursmaalet er og vert dette, um Norig er eit fritt Land, elder um det er hærvunnet og undertrykt av Svensken i 1814.
           
Hadde dei 6 lærde Herrarne svarat paa det Spursmaalet, so hadde dei komet mykje lenger enn dei no kjem, med alt det Snakket dei held um Plenarbeslutningar, logiske Grunnar og Lovkrokar!
           
Sanktionsretten, som overhovedet de kongelige Rettigheder i det konstitutionelle Monarki, har ikke til Opgave at være et Redskab for Kongens personlige Vilje, stend det S. 11.
           
Endeleg ein sann Setning og millom all Lærdomen!
           
- Men her er ein annan Setning, som minner um Budstikka att:
           
Der kan ingensomhelst Slutning drages. . . til de sædvanlige Storthings Raadighed over Grundlovsforandringer fra den Erklæring, som Storthinget . . . afgav under 19de Novbr. 1814: at Grundloven efter sin Natur ikke kan henhøre blandt de Love, der udfordre Kongens Sanktion for at blive Lov.
           
- Aa jau; er Grunnloven etter sin Natur slik, at han ikkje kann høyra med til dei Lovarne, som krev kongelig Sanktion, - so krev han ikkje kongeleg Sanktion daa væl! Det er ein rar Maate dei hev aa lesa paa, desse Juristarne. Dei les alt det, som dei likar; men det, som dei ikkje likar, det kann dei plent ikkje sjaa elder skilja. Det er Prokuratornaturen, som sit i dei, maatru.
           
Dei 6 Professorarne hev havt eit svært Stræv med aa bortfortolka § 112, baade det um, at det tilkjem Storthinget aa avgjera -, og det at alle Grunnlovsforslag skal kunngjerast fyr Folket 3 Aar fyre nytt Val, - at dette nemleg ikkje inneheld, at det nyvalde Thinget fær nokor Fullmagt av Folket til aa avgjera dei framsette Forslagi, slik som me hev trutt fyrr. Men det er som det ikkje fell seg for dei. Du les og les og vert like klok, - og endaa er det ikkje annat som stend her, enn det me hev leset og høyrt hundrad Gonger fyrr fraa den Sida. Det er so underlegt med det: Tøv er Tøv, um det so vert tøvt uppatt aldri so lengje.
           
Det vil gaa so fælt fort med Grunnlovsforandringar, dersom Kongen ikkje fær Veto, segjer dei 6 Juristarne, naar det skal være tilladt at slutte fra Erfaringen siden 1814, legg dei til. Erfaringen siden 1814 lærer oss, at naar det gjeld vigtigare Grunnlovsforslag, so gjeng dei so seint, at Folk, som hev voret med og sett dei fram, stundom fær Tid til aa verta so gamle, at naar Forslagi endeleg eingong gjeng igjenom, - so segjer dei same Kararne Veto!
           
Dei 6 Juristarne finn, at der er praktiske Grunnar, som talar for, at Kongen bør hava absolut Veto. Naa ja, - so legg Saki fram for Folket! Set fram Forslag um det! Far fram paa logleg Vis; men ligg ikkje her og smett og smøyg med Fortolkningar og Revekrokar som ein Lommetjuv! Set fram for Folket det Forslaget, at Kongen bør hava absolut Veto klaart og greidt; legg fram Grunnarne for dette; seg, kor faarlegt og ille det kann vera, at han ikkje hev det, og lat so Folket det frie norske Folket sjølv faa avgjera Saki! Folket vil ikkje -? So set Forslaget fram paa nytt. De trur sjølv, at det gjeng so tort og lett med aa forandra Grunnloven. Set Forslaget fram og prøv!
           
 
Lat oss tenkja oss, at Kongen hev Veto i Grunnlovssaker.
           
Vil han daa altid bruka det? Nei. Stundom vil han sanktionera Grunnlovsavgjerderne strakst.
           
Naar vil han sanktionera Grunnlovsavgjerderne strakst? Det vil han gjera, naar Forslaget gjev Kongen meir Magt enn han hev, naar det altso gjeng ut paa aa minka Folkemagti, elder naar det gjeng ut paa aa utvikla Unionen d. e. gjeva Norig meir og meir inn under Sverig.
           
Daa vil Kongen sanktionera strakst. Iallfall med den Regjeringsmaaten, som no er uppe i dette Landet.
           
Men naar det er eit Forslag, som vil vera gagnlegt for Folket, for Folkets Rett, for Fridomen, for Sjølvstendet og Folkeæra, - so vil Kongemagti segja nei, - nei og nei, ikkje tri Gonger, ikkje ti Gonger, men hundrad Gonger, ja all Tid; - for det kann Kongemagti i dette Landet gjera; av di ho hev eit annat og sterkkare Land i Bakhaandi, um det knip.
           
- Skal det no vera slik ein Bate aa faa eit sovoret Veto innført? Eit Veto, som ikkje gjev den minste Tryggjing mot folkefiendtlege og fridomsfaarlege Forslag, men som kann stengja æveleg for det beste og største av det, som Folket sjølv kunde ynskja og vilja?                        
 
( Meir).
 
1) dvs. det absolute Veto! Dei lærde Herrarne likar ikkje Ordet absolut; det minner so stygt um Absolutisme, at det skræmer Folk ufraa! ræddast dei fyre.
Dei kan vera listige, um dei er lærde og.