[Notisar]

Kristiania, den 29de April.
 
Odelsthinget hev (for andre Gongen) vedteke at dei Borgarvæpningar som er i fleire Byar skal avtakast. Dæ var 55 for og 23 imot.
 
           
Den nye Herlogi hev au gjenge igjenom i Odelsthinget. Desse 31 var imot, at ho skulde sendast til Lagtinget: Roll, Schrøder, Jebsen, F. Steen, Bruun, L. Smitt, Helland, Skattebøl, Grimsgaard, Birkeland, Furu, Bang, S. Soelberg, Flor, Rasch, Johanssen, Saxe, Blackstad, Andresen, Larsen-Naur, Thuesen, Helliesen, Knudsen, Gregersen, Schiørn, Hirsch, Bonnevie, Berg, Jenssen, Harbitz, Hille. Borte var: Jak. Sverdrup, Hvamstad, Reinhardt, Bye.
 
           
Bibelen. Folk skriv til oss og spør, um det er Meiningi, at den nye norske Bibelumskrift, skal vera i same Maalformi som Tomas fraa Kempten; for denne Maalformi synest dei er hosta tung og gamaldags. Me kann dertil upplysa, at Bibelen ikkje vert paa den Gjerdi som Tomas fraa Kempten. Det er nok so, at Belsheim skal vera Fyrstemannen i Umskrivar-Arbeidet; men han skal ikkje vera aaleine, og fleire gode Maalmenn deribland slike som Ivar Aasen og Hans Ross vil hava Tilsyn med, at Maalet og Maalformi vert so gode som det paa nokon Maate er Raad.
 
           
Røysteretts-Saki er no ferdig fraa Konstitutions-Nemndi. 6 vil hava det Daae-Sørensenske eller det Sverdrupske Forslaget, 2 vil hava det Richter- Sæhlieske, 1 (Aschehoug) vil ikkje hava noko.
 
           
L. Smitt hev i den seinste Tid fare aat mæ so usømeleg Tale i Odelstinget, at dei no tenkjer paa aa gjera Reglementet skarpare mot slike Karar.
 
           
Paa Trondheims-Jarnvegen skal dæ i Somar ganga Tog um Natti: fraa Kristiania Kl. 4 om Eftan til Trondheim Kl. 3,50 Dagen etter; og fraa Trondheim Kl. 11 Fyremiddagen til Kra. Kl. 11 Dagen etter.