Ein gild Prest.

[Del 2 av 2. Fyrste delen]
 
(Slutten).
 
- Ettersom Tidi gjekk, viste det seg likevæl, at denne makalause Mannen iallfall ikkje var meir enn eit Menneskje.
           
Eg veit ikkje kva det var, Folk tyrst lagde Merke til, som dei ikkje likad; men det kann no vera det same. So mykje minnest eg, at nokot av det fyrste, som der vart Krangel um, det var, det Ein minst skulde venta av ein slik Mann: _ Skattelikningi.
           
Likningskommissionen hadde teketden snilde Presten so laagt, at dei trudde seg fullt trygge; men Presten klagad! Gongjen deretter sende dei Bod paa Mannen og spurde han, kor mykje han aatte. Spør Fruva mi, svarad han, og det var alt det Svaret dei fekk. No ja, dei liknad daa Presten som fyrre Gongen og høyrde ingenting sidan, annat enn lause Slengjeord paa Baken. Etter den sorgsame Bikkje-dauden, som fyrr er umnemnd, fekk Presten seg ei ny Bikkje. Det var eit Udyr, som flaug ikring og skambeit Lamb og Sauder, kor ho saag dei, elder jagad dei ut i Stein og Urd, so dei braut sund baade Leggjer og Bein. Folk klagad yver detta for Presten, og Presten saag og visste det; men han hadde visst meir Hjarta for Bikkjur enn for Sauder; for han letst ikkje kjenna til Sakji og let Bikja liva og fljuga ikring som fyrr. No var det ein Husmann burti Bygdi, som hadde set denne Bikkja iferd med Saudflokkjen sin, og som med stor Naud hadde fengje bergat Sauderne sine for aa skamfarast. Daa han saag at Klagemaali til Presten ikkje nyttad nokot, so skaut han Bikkja, ein Dag, ho kom jagande i Saudflokkjen hans att. No vardt der Styr. Husmannen inn for Forlikskommissjonen; Kommissærarne var ikkje lovkunnige, maatru; Presten trugad og ikkje fritt han bannad, - og skræmde so Stakkaren til aa punga ut med 10 Dalar i Bøter. Men daa tok Folk til aa undrast paa den snilde Prestemannen sin.
           
Det skulde byggjast ein ny Veg i Prestegjeldet, med Tilskot av Amtskassa. Som vanlegt var der ein og annan, som var imot dette og som vreid og vrengde det beste han kunde, naar det galdt um Vegtuft, Aurgroper o. d. Presten var reint ovsinna paa desse Folki. Men daa det kom til Stykkjet, so vart Presten sjølv den verste aa koma klar av. Idag vilde han hava Vegen her, imorgo der; ikkje for nære Husi, og ikkje for langt ifraa; so var der ein Grasvoll, som maatte sparast, og so var der ein Bergknabbe, som laut faa vera i Fred; her var ei Bjørk, som maatte faa standa, og der var eitkvart annat i Vegen. Det var med sju Sorger og mange Vandemaal at dei endeleg slapp fram.
           
Presten vilde byta Salmebok; det var Mote i den Tidi, og han heldt seg gløggt etter den. Men Aalmugen vilde ikkje. Der vart Avrøysting, og so fekk han Klokkaren, Landhandlaren og ein Grannen sin med seg ein Mann, som Folk heldt for ein stor Sæling _; det var alt. Daa vart han reint vond og meinte paa, at Hovudsokni var eit Fantehol, som ikkje var livande i for Folk. Og han lagde meir og meir Elsk paa Vedsokni (Annekset). Det hadde han hellest gjort lengje; for der var meir Pengefolk derburte, fleire Gjestebod og flusare Offer.
           
Og no kom det meir og meir fram, at det blide Laget og den godslege Ferdi aat den snilde Presten ikkje var annat enn ei Kaapa, som han med stor Dugleik hadde visst aa sveipa ikring ein helder laak Natur, og som hadde løynt den likso godt som den svartsleikte Perukkjen dulde den fleinskallutte Hausen hans.
           
Han kom til Lensmannen med Uppdrag um Innkrevning av Offer- og Tiendpengar, som var so smaae, at Lensmannen negtad aa hava nokot med dei. Han hadde fenget Skuleutgifterne upp i Høgdi; men Skulen sjølv brydde han seg ikkje um var der aldri utan paa Yverhøyringsdagarne (Examens-) _, og dei sagde, at Borni ikkje lærde meir enn fyrr, men helder mindre. Det kom for ein Dag, at dei store Pengegaavurne hans til dei Fatike nok mindre hadde Kjelda si i eit godt Hjartelag enn i den Posten paa Fatikbudgettet, som kallast for tilfældige Udgifter, _ og den Posten dreiv han upp Aar etter Aar.
           
Han hadde i det heile drivet Skule-og Fatik-Utgifterne upp til det dobbelte av det, dei fyrr hadde voret, og dette hadde endaa voret teket som Teikn paa den administrative Dugleiken hans. Men so gjorde no Folk ein Ende paa den Leiken, _ og no etter han reiste derifraa hev det vist seg, at dei hev hjelpt seg væl med mykje mindre.
           
Den godslege Maaten hans til aa prata med Folk og spyrja dei ut um all Ting, som Sokneborni hans hadde likat so godt, viste seg aa vera ein lite presteleg Sans for Bygdesnakk og Baktaling. All Ting skulde han leggja seg frami, og det anten han hadde Greida paa det elder ikkje. Det gjekk daa og ofta bakvendt. Um det er der ymse Slaasur.
           
Det kom i det heile upp mange Sogur og mykje Snakk um Presten, som viste, kor reint det var Slut med Populariteten hans. Alle Ting vart no lagt Merke til, som Folk fyrr ikkje hadde brytt seg um, og han kunde ikkje lenger faa nokot til, so Folk likad det. Hamen var sprungen og kunde ikkje bøtast ihop att.
           
Han vilde gjerna vera fræg i alle Maatar, men det var ikkje alltid so greidt; for Presten var livrædd. Naar det bles so umpass til eit Rev i Seglet, so drog han stendigt av seg Frakkarne sine for aa vera ferdug til ein Symjetur. Detta gav no og Folk nokot aa gjera Narr av.
           
Eingong fekk han Tannverk elder rettare Kjakeverk; for Tannverk plar væl ikkje fylgja med innsette Tenner. Aa ja, det kunde væl vera, at det stod att ein elder annan Rotpluggen av dei gamle Tennerne og. No, kor som var, ille var det. Det bar endaa til Sengs med Presten, og eg trur Klokkaren las Preika fraa Kordøri ein Sundag; _ det kunde no hellest vera so paa Lag det same kven som las ho, _ meinte Folk.
           
Ein Dag vart det sendt Bod etter Doktoren. Doktoren kjende Karen; Vener var dei ikkje; men gjekk gjorde han. Fruva tok imot han i Daglegstova. Lækjaren tok upp Tannnykjelen sin, og med den i høgre Handi steig han fram i Sengjerom-Døri og helsad paa Presten. Denne laag i Sengji; men daa han saag Nykjelen, gløymde han aa svara paa Helsingi, tok berre til aa skrika: Aa Doktor, kom ikkje med den Tingesten der; De fær ikkje taka ut Røterne i Tanngarden! Ja so hev De F _ ikkje Tannverk helder! sagde Doktoren, snudde seg ikring paa Taai og drog beint avgarde. Jau Draapar fekk han daa. Det var slike Sogur, som no gjekk um den gilde Presten.
           
Han var som so mange Prestar altfor glad i Vinding. Kunde han knipa ein Skilling av paa ei stakkars Dagløn, so gjorde han det.
           
Han var sleip som ein Aal, lovad alting, men fann oftaste ei Raad til aa vrida seg ifraa det. No, daa Glansen gjekk av Mannen, kom det og ille med, at han var so lite tess i Kyrkja. Det vart ingen Ting att for han til aa halda seg uppe paa. Folkehugen snudde seg heilt imot han, og alle undrast paa, at dei hadde kunnat vera so blinde i Fyrstningi.
           
Fruva, stakkar, vardt derimot ikkje lenger so miskjennd, Mykje godt var der ikkje i henne; men ho var daa ærleg og beintfram. Det er ein stor Ting; og Folket skynad det sistpaa.
           
Naa ja, so reiste tilslutt den gilde Presten. Men fyrst tok han ein Sakførar til aa driva inn alle sine udestaaende Fordringer, mest hjaa Husmenn. Strandsitjarar og fatike Gardfolk. Det var eit fagert Farvel fraa slik ein Gudsmann.
           
Ei Minning til lagde han etter seg. Daa han reiste, hadde han Forpagterpaa Prestegarden, av di han skulde bruka Garden Aaret ut. So vart han iliknad Skattar av Garden for det Aaret; men han negtad aa betala! So vart han pantad, men heldt paa og negtad, og so gjekk Saki til Retten. Ja, det var mykje til gild Prest.
           
Han var ein god Statskyrkjemann og sikker i sine politiske Meiningar. Men det er slike Embættsmenn, som riv ned Vyrdnaden for Autoriteten, og slike Prestar, som undergrev Statskyrkja. Det vil visst mange paa Bondebygderne vera med paa dette.  
 
April 1881.                  T . . .