[Den Siste...]

Den siste av dei 112 paa Eidsvol vart boren til Gravi den 17de. Slik Likferd hev Kristiania knapt set. Men det var og ei merkjeleg, historisk Stund. No hev me ingen att av dei, som gav oss vaar Fridom. Det var for Folket som aa fylgja ein Far til Gravi; fraa no av skal det aaleine styra den Garden, som Fedrarne rudde.
           
Underlegt og leidt var det, at Bondemerket ikkje paa den Dagen var aa sjaa. Det var det einaste, som missprydde den fagre Syrgjefesten.
           
Og no, daa den siste Haugen er reist yver dei gamle Kjempur, no lovar Folket dyrt og heilagt aa verja Fridomen og Retten, det fekk ved dei, og aa visa seg sine herlege Fedrar verdigt. Det skal ikkje meldast i Norigs Soga, at Sønerne, som var vaksne upp i Fridom og Æra, var mindre modige og mindre sterke enn dei, som reiste Landet etter lang Trældom.
           
Lat oss aldri Forfederne gløyma,
under alt som me venda og snu;
for dei gav os ein Arv til aa gjøyma;
han er større, enn mange vil tru.
 
Lat det merkjast i meir enn i Ordi,
At me halda den Arven istand,
so naar Federne sjaa att paa Jordi,
dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land!