[Kongen hev voret i Byen.]

Kongen hev voret i Byen. Men Krunprinsparet hev endaa ikkje voret her. Dette er utan Tvil klokt; Nordmennerne bør visst fyrst faa Tid til aa gløyma Flaggreida i Karlsruhe.
           
Kva stelte Kongen med? Han var ute og opna den nye Jarnvegen fraa Drammen til Laurvik. Det vil segja, han opnad ikkje denne Banen; for den skal ikkje takast i Bruk for seinare. Men han gjorde ei Festferd med den nye Banen saman med Selmer og nokre svenske Riksraadar. Og der vart stasat og stellt med Flagg og Blomar og Middagsmat og Talar, og Folk ropad Hurra, og i Laurvik hadde dei Fakkeltog og Illuminasjon.
           
Det gjer so godt at svenske Riksraadar fær sjaa slike Tilstellingar; - iallfall gjer det ikke vondt.
           
Og daa dei var komne tilbake til Kristiania, heldt Selmer ein Middag for Kongen og dei svenske og heldt ein Tale um, at no hadde me set nye Prov paa, kor glade Nordmennerne er i Kongedømet, slik som det no er og fer og styrer. Det gjer ikkje vondt!
           
Sidan dreiv dei paa med aa grunda paa ein ny fransk Handelstraktat. Um dette er godt elder galet veit ikkje me; some segjer ja, andre nei.
           
- Men naar Folk hev drøst um, at Kongen vilde byta Ministrar, so hev dei naturlegvis berre tøvt.
           
Det var hellest i Sverig, at dei fyrst tok til aa tala um dette. Dei svenske (liberale) Regjeringsbladi Dagens Nyheter og Gøteborgs H. & Sjøfartstidning, men serleg det siste, inneheldt makalaust gode Artiklar um, at dersom den norske Kongen forstod sin eigen bate, og dersom han vilde sitt Folk væl, - so gjorde han no snart ei Forandring. For Nordmennerne stend fast paa sin Rett og gjev seg ikkje, og daa vert Kongemagti den veikaste tilslutt, so ho gjer best i aa lempa seg i god Tid. So meinte daa dei svenske Regjeringsbladi. Det er mange andre som meiner det same; men . . .
           
Naa, Hans Majestæt kann i sin store Visdom gjera som han vil. Slær han nokon Gong inn paa ei ny Leid, so vinn baade han og Landet; held han fram som no, so vinn Republikken.
           
Her er tvo Vilkaar, og dei er gode baae, som det stend.
           
- Kongen reiste att den 20de.